Kommentar: For kvar dag ein ventar med å trappe opp innsatsen ute på sjøen i Middelhavet, druknar det folk som kunne vore redda

  • Syver Grepstad
Når nokon druknar på havet er ikkje det at ein ikkje kan redde alle eit argument. Det einaste som teller er å redde alle dei ein kan, skriv Syver Grepstad.

Dette er menneske som døyr på havet fordi vi ikkje stiller opp.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I ein kronikk her i Aftenposten for over eit halvt år sidan, 29.09.2014, stilte eg spørsmålet: Kor mange skal døy på flukt over havet så bakmenn kan tene seg rike?

Syver Grepstad.

Sidan den gong har mange tusen drukna på ferda. Samtidig er den humanitære innsatsen i området mindre enn før.Eg måtte den gang skrive innlegget mitt anonymt etter ei risikovurdering frå rederiet om ikkje å gå ut med namn på båt eller mannskap. Denne vurderinga har endra seg, og eg kan no skrive under fullt namn.

Då eg skreiv det innlegget, hadde eg nettopp vore med på den første redningsaksjonen gjort av det norske skipet Bourbon Orca. Me hadde redda 229 menneskeliv. Då visste verken eg eller resten av mannskapet noko om kva som kom til å skje vidare.

Fordelt på to ulike skift, tok vårt fartøy ombord ytterlegare 1689 båtflyktningar i løpet av dei neste månadane.

Å måtte søke blant hundrevis av døde kroppar

I denne tida var eg med på ei rekke operasjonar og eg hjalp mange hundre ombord til oss frå små overfylte båtar som ikkje var langt frå å søkke. I løpet av alle redningsaksjonane eg vart involvert i, møtte eg mange menneskje i desperasjon og naud.

Eg var der då dei for første gong på lenge kunne føle seg trygge.

Eg snakka med dei vaksne og eg gjorde som best eg kunne då eg plutseleg fekk ein 20 dagar gammal baby slengd i armane mine frå ein flyktningebåt.

Alle som ein har dei sett djupe spor.

Vårt fartøy var ikkje berre delaktig i operasjonar med gledeleg utfall. Ved eit tilfelle var me for seint ute. Dei som var med då vart utsett for belastninga ved å måtte søke blant hundrevis av døde kroppar i eit desperat forsøk å finne overlevande.

Me fann to båtar med 480 personar ombord

I tida me var i området, var me på jobb for eit oljeselskap. Me deltok i tillegg aktivt i redningsaksjonar både på eige initiativ og etter oppfordring frå den italienske marinen.

Operasjon «Mare Nostrum» var då framleis fullt operativ. Dette gjorde at dei hadde mange båtar som kunne hjelpe oss etter at me hadde plukka opp flyktningar. Det var også ressursar som kunne rettleie oss i søk.

Denne typen rettleiing gjorde mellom anna at me på eit tidspunkt kunne finne to båtar med totalt 480 personar ombord. Den eine av desse båtane gjekk tom for drivstoff, og me fekk overført alle flyktningane frå dei to båtane til oss.

Ikkje lenge etter dette, vart véret i området så dårleg at dei to overfylte båtane truleg hadde forlist hadde ikkje me vore tilstades.

Hadde me ikkje vore der denne dagen, kunne statistikken for 2014 synt 480 fleire omkomne.

Det einaste som teller er å redde alle dei ein kan

Den italienske innsatsen vart i løpet av 2014 trappa kraftig ned. Den vart ikkje erstatta av anna innsats. Det var allereie då klart at dersom innsatsen i området ikkje vart trappa opp, kom 2015 medføre fleire drukningar enn nokon gang før.

I kommentar til NRK søndag 19.04.2015 seier Jørgen Kallmyr frå Frp at «Vi kan uansett ikke redde alle». Eg må dessverre gje han rett i dette.

Men for kvar dag ein ventar med å trappe opp innsatsen ute på sjøen i Middelhavet, druknar det folk som kunne vore redda. Dette er menneske som døyr på havet fordi vi ikkje stiller opp.

Når nokon druknar på havet, er ikkje det at ein ikkje kan redde alle eit argument. Det einaste som teller er å redde alle dei ein kan.

Båtar som kan vera klare til innsats i løpet av timar

I artikkel frå NTB tysdag 21.04.1015 seier utanriksminister Børge Brende at det er EU sitt ansvar å trappe opp innsatsen i Middelhavet. Han skryter vidare av Noreg sin humanitære innsats på land og bidrag til Triton som er EU sin innsatsstyrke i Middelhavet.

Kallmyr avviser i same artikkel at Regjeringa og Justisdepartementet er for trege med å sende hjelp. Han skuldar på at Noreg ikkje kan sette inn skip i området, at innsatsen må organiserast direkte av EU, at det er uklart kva skip som skal sendast og at anbodsreglar gjer at ting tar tid.

Samtidig ligg det ledige standby-båtar i norske hamner, klare for oppdrag. Dette er båtar som er utstyrt for å redde folk opp frå havet. Båtar som kan vera klare til innsats i løpet av timar.

Sjølv om eg veit kor krevjande det er å bidra i området, kan eg med handa på hjarta sei at dersom eg hadde fått moglegheita til reise ombord igjen på eit skip i området hadde eg takka ja på dagen. Det er eg sikker på at mange av mine med-sjømenn hadde gjort med meg.

Folk har drukna berre meter frå båten vår

Kallmyr har rett i at det er nødvendig å sette inn tiltak som gjer at folk ikkje reiser ut på havet. Fram til desse tiltaka, som bør og må skje på land, er på plass og gjer effekt, må bidraget på havet derimot aukast. Noreg som sjøfartsnasjon må ta sin del av ansvaret og handle.

Eg har sjølv vore med på at folk har drukna berre meter frå båten vår. Så fort går menneskeliv tapt. Det er ikkje tid til å vente, det er naudsynt at ting skjer no.

Som for eit halvt år sidan lurer eg fortsatt på kor mange som skal døy på flukt over havet så bakmenn kan tene seg rike.

No lurer eg i tillegg på kor mange fleire som skal døy på flukt over havet før Regjeringa sluttar å gøyme seg bak ulike forklaringar og heller sender skip til området. Dei må vise klart og tydleg at dei tek ansvar og bidreg.

Kor mange fleir som skal døy på flukt over havet før regjeringa sluttar å gøyme seg bak ulike forklaringar? spør innleggsforfatteren.