Er det på tide å forlate Twitter?
Det er urovekkande at verdas rikaste mann, Elon Musk, kjøper ein plattform med så stor påverknadskraft som Twitter.
Det som starta som ein liten app i 2006, har no utvikla seg til noko heilt anna. Dei siste åra er samfunnet i større grad blitt polarisert og oversvømt av falske nyheiter. Sosiale medier er blitt brukt til å påverke presidentval (ref. Cambridge Analytica-skandalen), og sosiale medier-plattformer har ei viktig hovudrolle.
Den store diskusjonen no handlar om ytringsfridom. Mange meiner at sosiale plattformer som Twitter og Facebook bør ha total ytringsfridom, og at ein kan seie akkurat det ein ønskjer, utan sensur eller konsekvensar. Andre meiner det ligg eit stort ansvar på plattformeigarane, og at innhald må modererast.
Musk seier at han skal «fikse Twitter» ved å tillate enda meir ytringsfridom og bruke kunstig intelligens til å moderere. Ingen veit kva som faktisk vil skje, sidan han ikkje har presentert ein plan for kva han ønskjer å gjere. Det meste kjem som kryptiske postar på Twitter.
Behov for alternativ
På ei side kan ein seie at Elon Musk er ein dyktig seriegründer som har vore involvert i å skape mange suksessfulle selskap. På den andre sida er han ei laus kanon som skriv provoserande meldingar på Twitter til alle døgnets tider. Dette inkluderer blant anna marknadsmanipulasjon, kjønnsdiskriminering og ærekrenking.
Mange er allereie blitt kasta ut av Twitter, og den mest kjende er nok Donald Trump. Dette har skapt eit behov for alternativ. Nokre har forsøkt å etterlikne Twitter, som Truth Social, Parler og Gab, men dette er alternativ som ligg langt ute til høgre på den politiske skalaen.
Mastodon er eit desentralisert og open source-alternativ som gjer det mogeleg for kven som helst å starte sitt eige sosiale nettverk.
Ingen av desse alternativa har særleg mange brukarar, men det kan fort endre seg framover.
Twitter er kanskje dei som er nærast eit godt alternativ til ... Twitter.
I 2019 lanserte Twitter eit initiativ dei kalla Bluesky. Dette var meint som eit frittståande og uavhengig alternativ til Twitter. Det hadde i oppgåve å utvikle ein open og desentralisert standard for sosiale medier. Kanskje får vi ein smakebit av Bluesky i løpet av 2022.
Genistrek eller eit av dei verste oppkjøpa?
Eg er bekymra over framtida til sosiale nettverk og måten dei påverkar vårt samfunn på. Når mange no vel sine eigne plattformer basert på kva haldningar eller politiske meiningar dei har, vil det etter kvart skape store og farlege ekkokammer.
Når desse plattformene i tillegg er laga for å tene pengar, er det lett å tenke seg at det er investorane, og ikkje brukarane, som blir prioritert.
Ja, ja. Verda vil uansett gå vidare, og vi vil tilpasse oss det nye. Historia vil vise om dette var nok eit genitrekk av Musk, eller om det blir hugsa som eit av dei verste oppkjøpa i amerikansk historie.
Eg blir verande på Twitter – enn så lenge.