Debatt

Kvifor skulle høge straumprisar vere eit problem?

  • Håvard Saksvikrønning
    Håvard Saksvikrønning
    Sivilingeniør og siviløkonom
Høge straumprisar betyr berre at pengar flyttast frå private lommer til fellesskapets lommer, skriver innleggsforfatteren. Bildet viser kraftproduksjon i Bykle i Setesdal.

For eit land som dekker 110 prosent av forbruket sitt med nesten gratis vasskraft, burde høge straumprisar vere bra.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Me har i vinter vore vitne til ein ganske pussig debatt her i kongeriket. Kven har skulda for dei høge straumprisane? Kva kan me gjere for å få dei ned?

Men kvifor skulle høge straumprisar vere eit problem?

Noreg produserer i eit normalår cirka 10 prosent meir straum enn me brukar. Utanlandskablane stabiliserer prisane i tørrår og gjer at me kan eksportere det me ikkje treng, i fuktige år.

Høge straumprisar gjev auka eksportinntekter for AS Noreg. Internt i landet betyr høge straumprisar berre at pengar flyttast frå private lommer til fellesskapets lommer: 1 krone meir på straumrekninga betyr 1 krone meir til offentleg eigde kraftverk.

Om du er deleigar i eit kraftverk, brukar 90 prosent av produksjonen sjølv og sel resten, så må jo auka salspris på det du sel, vere bra? Eller?

Send pengane tilbake!

Problemet er sjølvsagt både at folk ikkje ser denne samanhengen, men også at det er eit praktisk problem at ein ikkje har pengar til å betale straumrekninga.

Men løysinga er jo enkel: Send pengane tilbake! Staten kan og bør vippse tilbake ekstrainntektene ein har fått, i tide til at straumrekninga forfell.

Staten kan og bør vippse tilbake ekstrainntektene ein har fått, i tide til at straumrekninga forfell

Den enklaste måten å gjere dette på er å dele pengane ut likt til alle hushald.

Eit argument for denne løysinga kan vere at me alle eig ein like stor del av kraftverka. Sidan folks straumbruk generelt aukar med inntekta, vil ei slik ordning også verke kraftig omfordelande. I tillegg incentiverer ein til straumsparing.

Men det er ikkje dette landets sosialistiske regjering har vald å gjere. I staden har ein kopla utbetalingane til folks straumbruk: Brukar du meir, får du meir. Kvifor?

Sp- og Ap-veljarar kjem dårleg ut

«Normalt» straumforbruk varierer frå kommune til kommune. I landlege kommunar vil «folk flest» ofte bu i eldre, store hus med høg straumrekning. Ei ordning med flat utbetaling vil gjere at mange Sp- og Ap-veljarar kjem dårleg ut. I tillegg betyr «auka omfordeling» at dei som allereie bidreg mykje, må betale enda meir. Det betyr bråk.

Den fordelingsmessige profilen ved å gje straumbruksstøtte er altså uendra omfordeling. Problemet er at me misser eksportinntekter og fjernar incentiva til å spare straum når det er manko.

«Auka omfordeling» betyr at dei som allereie bidreg mykje, må betale enda meir. Det betyr bråk.

Eit alternativ til straumbruksstøtte er å lage ein «nullsumskatt». Det betyr at me estimerer kor store ekstrautgifter ulike inntektsgrupper har, og så betalar dette beløpet tilbake.

Gjer ein berekninga kommunevis, vil ein fange opp forskjellar i klima og butilhøve. I praksis bør utbetalingane bli omtrent det same som med straumbruksstøtte, bortsett frå at hushald som klarer å bruke lite straum relativt til liknande hushald, vil kome betre ut.

Det vert garantert ingen overføringar frå land til by. Det vert garantert ingen endring i snittkostnad for rik eller fattig, så hushald med låg inntekt vil i snitt ha like god økonomi anten straumprisen er høg eller låg.

Håvard Saksvikrønning er sivilingeniør og siviløkonom. Han har blant annet skrevet rapporten «Karbonavgifter som nullsumskatt» for Civita.

  • Følg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Strømpriser
  2. Strømforsyning