Lettvint av Aftenposten om domstolsstruktur | Jenny Klinge
- Jenny KlingeStortingsrepresentant, Senterpartiet
Jenny Klinge er stortingsrepresentant for Senterpartiet. Foto: Ragne B. Lysaker / Senterpartiet
Vil Domstoladministrasjonen halde fram med å nedprioritere domstolar som dei sjølve håpar å få legge ned? Og meiner Aftenposten verkeleg at dette er irrelevant å spørje om?
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.
Når Aftenposten på leiarplass 1. juli hevdar at Senterpartiet er prinsipplause i vår tilnærming til kor mange tingrettar og jordskifterettar landet skal ha, viser avisa dessverre sjølv ei lettvint tilnærming.
Underteikna stilte spørsmål om Domstoladministrasjonens rolle til justisminister Monica Mæland (H) under ein debatt om domstolsstruktur i Stortinget i mai. I svaret sitt blanda Mæland Domstoladministrasjonen med den dømmande makt, då ho ville ha seg fråbedt at eg kritiserte den dømmande makt.
No ser det ut som at Aftenposten har klart å gå i den same fella.
Regjeringen går mot kommisjonens anbefaling – vil beholde antallet tinghus, men kutte rettskretser
Regjeringa har i årevis velsigna planane om å slå saman domstolar. Men i mai signaliserte eit nytt stortingsfleirtal beståande av Sp, Ap, Frp og SV tydeleg at det er uaktuelt med ei massiv samanslåing av domstolar, etter at Domstoladministrasjonen har arbeidd for ei slik sentralisering i årevis.
Vil Domstoladministrasjonen stelle seg lojalt til Stortingets vilje, eller vil dei halde fram med å nedprioritere domstolar som dei sjølve håpar å få legge ned? Og meiner Aftenposten verkeleg at dette er irrelevant å spørje om?
I eit styredokument frå Domstoladministrasjonen i 2016 stod det dette om domstolar som «antas aktuelle for strukturendringer»: «Etablering av nye leieforhold bør unngås, og dermed også store utgifter forbundet med flytting av domstoler. Dette omfatter investeringer i nytt inventar og utstyr i rettssaler.» Og så vidare.
Tidligere direktør i Domstoladministrasjonen, Tor Langbach: Svaret er ikke å opprettholde de ørsmå tingrettene
Senterpartiet har heile tida vore kritiske til at mange domstolar har vorte klargjorde for nedlegging på denne måten. Vi er også kritiske til kva fleire media på leiarplass synest å meine er «faglege råd» som vi politikarar må lytte til.
Det blir stadig vist til Domstoladministrasjonen og Dommarforeininga, men Domstoladministrasjonens styre er ikkje eit fagleg samansett styre. Og Dommarforeininga presterte å koma med sine faglege konklusjonar berre 61 minutt etter at Domstolkommisjonen kom med sine tilrådingar om domstolsstruktur hausten 2019.
Dette gjorde dei heilt utan å ha konferert med alle dei dommarane (fagpersonane) dei har som medlemmar i foreininga. Det er mange dommarar rundt om som er frustrerte over dette.
Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter
Les mer om
Relevante artikler
Aftenposten mener: Prinsippløst angrep på domstolene fra Senterpartiet
Domstoler i lokalsamfunnet bidrar til at folk har tillit til domstolene
Samtida let aldri fortida vere i fred
Har funnet en rekke grove lovbrudd på KNM Helge Ingstad
Få oversikt: Dette er avsløringene og krangelen om Kommune-Norges nye journalsystem
Kort sagt, torsdag 6. august