Debatt

Som ein ropar i goodiebagen, får ein svar | Esther Moe

  • Esther Moe, Suldal

Dette var deler av innholdet i Kapital og Steen og Strøms «goodiebag» som ble delt ut til landets kvinnelig maktelite. Foto: Privat

Den som leitar etter anerkjennelse i ein goodiebag, finn forhåpentlegvis også ein balsam mot hårsårhet.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Dette var deler av innholdet i Kapital og Steen og Strøms «goodiebag» som ble delt ut til landets kvinnelig maktelite. Foto: Privat

Norges 100 mektigste kvinner er kåra. Ikkje dei hundre mest mektige menneska. Men kvinnene. Erna Solberg er på toppen. Er ho mektigare enn mannen på den øverste lista for manne-leiren? Det vitast ikkje. Kvinnelista har presse en masse, før, under og etter.

Strømper og fuktighetskrem

Ingen synest kategoriseringa er tung, ser det ut til. Kvinner er av og til likestilte, andre gonger i ein klasse for seg. Erna Solberg er avbilda i kjole. Utan å gå djupare i den materien, ligg det nært å anta at ho kanskje også har strømper. Kanskje har ho fuktighetskrem i ansiktet, kanskje bodylotion på halsen. Ingen av delane ser ut til å hindre henne i gjerninga.

Så langt så godt. Det er bladet Kapital som står bak kåringa, og som inviterer til feiring. Amerikanske vanar er blitt norske, så her blir det goodiebag.

Inni den er det verken kalkulatorer eller knaskegulrøtter, ei heller isskraper til bilen eller ei god bok. Hald deg fast; inni goodiebagen er det strømpebukser og kremar og angiveleg eit glansa magasin. Og ramaskriket er eit faktum.


  • Denne saken er tema i podkasten Aftenpodden denne uken. Last ned eller lytt her.

Å spytta mektige kvinner i ansiktet

For er ikkje det som å spytta mektige kvinner i ansiktet. I strømpene, som først blei rapporterte å vera av typen hold-in, dette blei kjapt avkrefta av arrangøren - det var vanlege strømpe - les både journalistar og kvinner ein dårleg skjult forakt, ein hån.

Nestleiar i Høgre, Sandra Bruflot, meiner kremar og strømper reduserer henne til dei nemnde objekta. «Hva med ting som anerkjenner at man faktisk har en fremtredende posisjon, fremfor å bli redusert til hold in-strømpebukser og antirynkekrem», skriv ho i eit innlegg i Aftenposten.

Ho er sympatisk innstilt til gåver, men ville heller hatt ein nødladar for eksempel. Utan at ho kjem nærare inn på kva det er med den gåva som ikkje reduserer henne til det samme, altså ein naudladar.

Kva er eigentleg problemet?

Fleire aviser slår opp saka med det nakne faktum i overskrifta. At mektige kvinner fekk goodiebag med strømper og krem og visstnok også ein poncho. Det skal neppe lesast som ei gladsak. Meininga er nok at den overskrifta skal lesast som typen «Klara (90) får ikkje dusja meir enn ein gong i veka».

Men lat oss få dette straight nå. Kvinner flest brukar både kremar, strømper, smykke og det hender vel også at somme av oss opnar eit magasin. Gjer det mektige kvinner mindre mektige? Lite tyder på det. Så kva er eigentleg problemet?

Upassande?

Eller er det slik at det blir vurdert som upassande å bringa på banen ting som minner om at dei mektige faktisk er kvinner? At kvinner er mektige er jo stas, kvifor blir det då vurdert som ei fornærming å gi gåver som faktisk understrekar den kategorien som er bakteppe og forutsetninga for heile kåringa, nemleg kvinnekjønnet?

Dei fleste kvinner, både avmektige og mektige, brukar gjerne både kremar og strømper, om enn i litt ulike prisklassar. Så kvifor er ikkje kremar og strømper like bra som ladarar, sigarar og alt muleg anna me menneske brukar?
Den som leitar etter anerkjennelse i ein goodiebag, finn forhåpentlegvis også ein balsam mot hårsårhet.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Lese mer:

Les mer om

  1. Likestilling
  2. Kvinner

Relevante artikler

  1. POLITIKK

    «Norges mektigste kvinner» fikk goodiebag med antirynkekrem, interiørmagasin og strømpebukse

  2. DEBATT

    Jeg møtte opp for anerkjennelse fra Kapital, men dro hjem med fordommer i en goodiebag

  3. DEBATT

    Mer likestilling er også kvinners ansvar | Lars Kolbeinstveit

  4. DEBATT

    Feminisme for alle

  5. DEBATT

    «I stedet for sekstimersdagen, bør det jobbes lengre vakter som gir en ekstra fridager og helgefri»

  6. DEBATT

    Kort sagt, tirsdag 2. mai