Pleiepengedebatten: Kva slags valfridom er viktig for Heidi Nordby Lunde? | Olaug Nilssen og Cato Brunvand Ellingsen

Mandag 11. desember: Heidi Nordby Lunde (H), andre nestleder i Stortingets arbeids- og sosialkomite, holder sitt innlegg om pleiepengeordningen som her kritiseres av Olaug Nilssen (øverst til venstre) og Cato Brunvand Ellingsen (under)

På fire minutt i Stortinget klarte Bent Høies partifelle å gravlegge heile hans prosjekt.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Mandag 11. desember: Heidi Nordby Lunde (H), andre nestleder i Stortingets arbeids- og sosialkomite, holder sitt innlegg om pleiepengeordningen som kritiseres av artikkelforfatterne.
Olaug Nilssen
Cato Brunvand Ellingsen

I fire år har helseminister Bent Høie reist land og strand rundt for å fremje ei kulturendring i landets helse- og velferdstenester.

Enkeltmenneskets valfridom

«Pasientens helsetjeneste» bygger på verdiar, ønske, behov og kunnskap frå tenestebrukarar og pasientar. «Kva er viktig for deg?» skal vere eit sentralt spørsmål frå tenesteytaren. Dette er ei heilt nødvendig kulturendring.

Enkeltmenneskets valfridom har lenge vore viktig for Høgre. Fokuset på «pasientens helsetjeneste» har gitt grunn til å tru at Høgre vil meir enn å skape valfridom mellom kommersielle aktørar, og at dei vil meir enn å overføre meir jobb til familiane, slik at helsetenestene skal spare pengar.

Vi har hatt grunn til å tru at Bent Høie sitt prosjekt var eit genuint ønske om endring.

Lundes paternalistiske velferdsstat

På fire minutt i Stortinget mandag 11. desember klarte Høies partifelle Heidi Nordby Lunde å gravlegge heile hans prosjekt.

Lunde, som tidlegare har markert seg sterkt i kampen for kvinners valfridom i diskusjonen om tidleg ultralyd og Down syndrom, tok nemleg sterkt til orde for ein paternalistisk velferdsstat. Ein velferdsstat som ikkje spør deg kva du meiner er viktig, men som fortel deg kva som er viktigast i ditt liv.

  • Klikk på lenken og se Heidi Nordby Lundes innlegg her:
Storting mandag 11. desember 2017 kl. 10.00

Ei handfull mødre

Dei siste månaders kamp for ei styrka ordning for pleiepengar har vore ført av ei handfull mødre. Pleiepengar som skal bidra til at foreldre med alvorleg sjuke barn skal kunne følgje opp eigne barn medan dei er under behandling eller oppfølging i ein helseinstitusjon.

Desse mødrene har rost Regjeringa for å utvide ordninga til å gjelde fleire enn før, men har også påpeikt - med styrke - viktige og alvorlege hol i den nye ordninga.

Medan politikken har svike dei, har dei stått med rak rygg i stormen med sine historier. Dette er historier om kva slags konsekvensar det vil ha for dei om ikkje pleiepengeordninga blir forbetra. Dette er historier om deira liv.

Viktig og alvorleg for dei få det gjeld

Dei siste dagane har striden stått om foreldre med langvarig alvorleg sjuke barn skal få pleiepengar etter ei tidsgrense på 5 år. Det er svært få familiar dette gjeld, men for dei det gjeld, er det både viktig og alvorleg.

Når Heidi Nordby Lunde skal argumentere for Høgres syn i saka, legg ho vekt på kor viktig det er for folk å ha tilknyting til arbeidslivet. Foreldre blir utbrente av å ha 100 % omsorg for barn som treng omfattande oppfølging. Pårørande får fysiske og psykiske helseplager. Derfor trengs det insentiv for å kunne halde fram å ha tilknyting til arbeidslivet. Dersom pleiepengeordninga blir for god, vil dette halde folk borte.

Ho argumenterer for at ho som politikar veit betre kva som er best i liva til desse mødrene som i vekesvis og månadsvis har kjempa kampen for det som er viktig for dei og andre familiar i same situasjon.

Diverre kjenner vi att argumenta til Nordby Lunde. Vi møter velferdstenester som nettopp argumenterer med at dei veit betre enn det foreldre sjølv gjer. Vi møter velferdstenester som opptrer som portvoktarar av knappe gode, heller enn døropnarar til muligheiter for ulike familiar til å finne ut kva som er best for akkurat dei.

Det vi inderleg godt veit

Framtidas velferdsstat er mangfoldssensitiv. Den legg til rette for dialog og tillit mellom tenesteytarar og tenestebrukarar. Den legg til rette for at det er i denne dialogen løysinga for den enkelte familien er.

Vi underkjenner ikkje at tilknyting til arbeidslivet er viktig for dei fleste av oss. Vi veit inderleg godt at 100 % omsorgsansvar for eigne barn i vanskelege situasjonar kan vere både utmattande, psykisk og fysisk belastande. Det er rett å tilrettelegge for at foreldre skal kunne ha ei tilknyting til arbeidslivet samstundes som dei får muligheit til å halde eigne barn i handa når dei er innlagt på sjukehuset.

Heidi Nordby Lunde må gjerne stå på for at det skal bli enklare å halde på jobben sin samstundes som ein har omsorgsansvar for alvorleg sjuke barn. Men kva som skal bli valt i den enkelte situasjon, er det ikkje Nordby Lunde eller andre politikarar på Stortinget som kan finne ut av. Politikarane må legge til rette for at folk sjølv kan finne dei løysingane som er best for nettopp dei. Vi stolte på at det var kva helseministeren ønska.

Les også: