Debatt

Til Øystein Stene og andre som vil tenkje høgt om #stilleforopptak: de skal ikkje halde kjeft | Line Starheimsæter

  • Line Starheimsæter
    Skuespiller

Øystein Stene skrev et essay i Aftenposten og Samtiden om facebookgruppen og oppropet #stilleforopptak. Line Starheimsæter er frilansskuespiller, og svarer her på egne vegne. Privat/Ingar Storfjell

Hei! Eg har både fjes og namn, og er både sterk og sårbar.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Line Starheimsæter er frilansskuespiller.

Eg slit med å sjå klart i ordskiftet etter Øystein Stene sitt essay i Samtiden og Aftenposten. Noko plager meg likevel nok til at eg prøver: å møte refleksjonen hans, framfor å meine om personen.

Kven vi er og kor vi står

Skodespelaren står midt i verket og skaper i kontakt med andre. Forfattaren skriv aleine, med mottakaren på avstand. Avstand har alt å seie for #stilleforopptak. Det ser annleis ut midt i, enn frå sidelinja.

Eg har stått, om ikkje midt i, så innanfor #stilleforopptak. Her skriv eg på vegner av meg, ein frilans skodespelar. Eg opplever ikkje, som påtroppande teatersjef ved Teatret Vårt, Kristian L. Strømskag skriv, at Stene plasserer seg som ein allmektig og allvitande dommar, og eg har ikkje problem med at han er ein mann.

Les også

Et kritisk essay om #metoo satte fyr på debatten. Nå spør flere om takhøyden er stor nok.

Ansiktslause kollektiv

Det blei bråk da Stene publiserte sitat frå den lukka facebookgruppa til #stilleforopptak. Essayet likna eit vitnesbyrd frå ei kult der kyrkjelyden ikkje var frie til å uttale seg. #Stilleforopptak hadde stengt kvinna inne i ei skjør, sårbar (..) og ansiktsløs posisjon. Men: Hei! Eg har både fjes og namn, og er både sterk og sårbar.

Å snakke kollektivt er ein velprøvd strategi i rettigheitsarbeid, og den var effektiv.

Om Stenes metode var tvilsam, har målet noko for seg, for #stilleforopptak har definisjonsmakt og får ting til å skje. Heldigvis.

Grupper beskyttar sårbare, men kan også fordekte og fordumme, og store hemmelege grupper bør vi følgje med på. I #stilleforopptak tenkte vi ulikt i eit lukka rom. Det einaste alle signerte på, var oppropet. Eg tenkjer #stilleforopptak som ei aksjonsgruppe som har forberedt arbeidet som skal skje framover.

Forteljingar om menn og kvinner

Stene problematiserer at menn var ekskludert og meiner at #stilleforopptak reproduserer kvinna som passivt offer. Samtidig som historiene om trakassering fekk mykje plass: Vi fylte Nationaltheatret si hovudscene for å snakke om korleis kvinner og menn samhandlar i kunstproduksjon, er ikkje det aktivt?

Uansett bør vi, på same måte som alle andre i maktposisjonar, reflektere over kva narrativ vi skaper. Polarisering tener ingen, og eg vil gjerne høyre og snakke om menn sine historier. For om vi berre kunne uttale oss om det vi sjølv har kjent på kroppen, ser vi vekk frå ei menneskeleg evne som er sentral i all kunst: innleving.

Til Øystein Stene og andre som vil tenkje høgt: de skal ikkje halde kjeft.
Nokre kvinner bruker seksualitet for å oppnå makt, seier Stene, og etterlyser ein samtale om representasjon av kvinner i TV, film og på teater. Desse to heng saman, tenkjer eg. Vi må endre representasjonen for å utvide handlingsromma til alle kjønn.

Les også

Derfor deler kvinner intime historier med flere tusen andre i lukkede rom

Vi må snakke om dette

#Stilleforopptak var første del i forteljinga om korleis vi skapte nye vilkår for kunstproduksjon. No ser vi framover. La oss snakke i utdanninga, fagforeininga, rundt kjøkenbordet, i media, på scena og film.

Vi treng mange stemmer og ulike fora. Skal vi lage teater? Eg har ledig tid i vinter! Men først skal eg lese Samtiden frå perm til perm. Eg oppfordrar alle andre til å gjere det same.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. stilleforopptak

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Tendensiøst fra Øystein Stene om #stilleforopptak

  2. DEBATT

    Jeg oppfordrer menn til å starte en egen #metoo-kampanje

  3. KULTUR

    Øystein Stene er feminist, dramatiker og forfatter. Nå tar han et hardt oppgjør med #metoo-bevegelsen.

  4. DEBATT

    Jeg var pissredd for å si noe som kunne oppfattes som kontroversielt

  5. KULTUR

    – Øystein Stene tar sitater ut av kontekst

  6. KULTUR

    Forskere savner nyanser i #metoo-debatten