Debatt

Vi kan kutte ned på rettebunkane. Men pass på nynorsken! | Magne Aasbrenn

  • Magne Aasbrenn
    leiar, Noregs Mållag

Lærarane kan redusere talet på vurderingssituasjonar og dermed rettebyrda, skriv Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag Foto: Pixel 4 Images / Shutterstock / NTB scanpix

Læraren kan få ein lettare kvardag.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

28. juni kom Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) med sluttrapport, etter eit karakterforsøk i norsk som har vart i fem år og omfatta 184 vidaregåande skular og 25 ungdomsskular.

Magne Aasbrenn, leder i Noregs Mållag. Foto: Privat

Etter forskrift skal alle elevar i ungdomsskulen og i vidaregåande få halvårskarakterar i bokmål, nynorsk og munnleg norsk. I forsøket har desse halvårskarakterane i norsk i 8. og 9. klasse og Vg1 og Vg2 blitt slått saman til felleskarakterar.

Ordninga med standpunkt og eksamen i avslutningsåret i ungdomsskulen og på vidaregåande har ikkje vore rørt.

Fordi mange skular har eit internt regelverk som seier at kvar terminkarakter må bygge på minst to dokumenterte vurderingssituasjonar, har halveringa av talet på halvårskarakterar drastisk redusert talet på prøver og dermed også talet på «rettebunkar».

Fare for individualisering

Lærarane har vore nøgde med forsøket fordi det har gitt meir tid til opplæring. NIFU er likevel skeptisk til om det er nødvendig å fjerne karakterane for å få denne effekten.

Ein bør gå djupare inn i spørsmålet om kor mange vurderingssituasjonar lærarar treng for å sette halvårskarakter: «Med gjeldende læreplan i norskfaget har lærerne i realiteten større frihet til å bestemme over undervisning og vurdering enn hva de selv har oppfattet at de hadde før forsøket.»

Med samanslåtte karakterar synest elevane det er uklart korleis dei ligg an i dei ulike delane av norskfaget. NIFU seier at det må utviklast eit vurderingsspråk som elevane forstår, ikkje som eit «pseudokaraktersystem», men metodar som gir elevane eit metablikk på eiga læring.

NIFU er uroa for at felles karakterar forsterkar ein individualisert undervisnings- og vurderingspraksis. Vektinga av dei ulike emna blir i større grad opp til den enkelte læraren.

Samanslåinga av karakterar kan da bli brukt til å legitimere seinare start med sidemål. Dette trass i at undersøkingar viser ein klar samanheng mellom tidleg start av sidemålsundervisning og positiv haldning til faget.

Les også

Utdanningsforbundet: «At lærerutdanningen nå er på mastergradsnivå, har gjort den mer attraktiv. Det er vi ganske sikre på»

Skule-Noreg til debatt!

Noregs Mållag er glad for at rapporten seier at skulen kan halde på systemet med halvårskarakterar i tre norskdisiplinar samtidig som lærarane reduserer talet på vurderingssituasjonar og dermed rettebyrda.

Når rapporten i tillegg konkluderer med at forsøket ikkje har nokon effekt på læringa til elevane, er det vanskeleg å finne argument for å halde fram med ordninga. Det mest utsette språket – nynorsken – treng det vernet som halvårskarakterane utgjer.

Så opnar karakterforsøket for ein breiare diskusjon kring vurderingsordninga i norskfaget. Den debatten bør skule-Noreg ta!

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Skole og utdanning
  2. Lærere
  3. Nynorsk
  4. Undervisning