Ikkje legg Bygde-Noreg brakk
Med tilbodet landbruksminister Sylvi Listhaug gjev bøndene gjer ho sitt for å legge ned norsk landbruk.
Kjære Sylvi Listhaug.
Allereie i regjeringsplattformen var målsetninga for norsk jordbruk klar:
«Gjøre jordbruket mindre avhengig av statlige overføringer, redusere jordbrukets kostnadsnivå og gi bonden nye og bedre inntektsmuligheter.» I det nye jordbruksoppgjeret som vart presentert onsdag den 6. mai, med deg som mat— og jordbruksminister i spissen, har dykk synt stor handlekraft.
Kjapt og effektivt har dykk kutta statlege overføringar med 250 millionar. Men det mest oppsiktsvekkande er ikkje kutta i overføringane, det er fordeliga av støtta. Som ein omvendt Robin Hood tek du frå dei minste gardsbruka og gjev til dei større.
Ubrukeleg og lite effektivt
Som deg, Sylvi, har eg vakse opp på ein familiegard. Du med ku, eg med sau. Du i kystkommunen Ørskog på Sunnmøre, eg i fjellbygda Vågå i Gudbrandsdalen. Flott gard med tømmerhus frå 1700— og 1800-talet, kulturhistorisk spennande - men ganske ubrukeleg og lite effektivt til matproduksjon vil du sikkert meine. 90 vinterfora sauer, og ca. 100 mål jord, der 50 av dei ligg langt til fjells, men med svært gode fjellbeite i tillegg som tidlegare var like mykje verdt som den dyrka marka.
Dette er altså ein av mange gardar du og den blå-blå regjeringa i følgje det nye tilbodet i landbruksoppgjeret meiner bør avvikle drifta. Når dykk satsar berre på dei store gardsbruka betyr det indirekte at dei små skal bort. Kanskje kunne vi nytta jorda til ettertrakta bustadtomter - er jo praktisk å bygge på matjord som allereie er rydda og dyrka, det har du jo synt gong etter gong (Ikea i Vestby og boligbygging utanfor Trondheim og Bergen). Sentrumsnært med panoramautsikt over bygda?
Når dykk satsar berre på dei store gardsbruka betyr det indirekte at dei små skal bort.Da nabogarden vart gjort om til byggefelt på 60-talet vart besteforeldra mine bodne 50.000,- for jorda, så tanken er ikkje ny. Hadde det ikkje vore så bratt hadde det kanskje passa med IKEA eller i det minste eit lite kjøpesenter - det kunne jo fått fart på det lokale næringslivet og generert skattekroner!
Særprega kulturlandskap
Og garden vår er ikkje eineståande. I Vågå er det ei rekke liknande gardar som blant anna var inspirasjon for Werenskiold da han reiste rundt i dette området og teikna illustrasjonene til Asbjørnsen og Moes eventyrbøker - men som nå i følgje den blå-blå regjeringa bør slutte med matproduksjon. Så kva er løysninga?
Ein vårdag i 2003 var Ola Mæhle, eiendomsinvestor og ein av Noregs rikaste forretningsmenn på innovasjonsseminar i Vågå for å gje nyttig input til korleis bygda kunne skape næring og innovasjon, innledningsvis sa han det vi alle hadde tenkt på «Som alle veit er det ikkje enkelt å få overskudd av kun jord- og skogsdrift».
Les også:
Brudd i landbruksoppgjøret
Og fortsatte: «Derfor må dykk sjå på andre moglegheiter, ingen andre plassar enn Nord-Gudbrandsdalen har så mange og godt bevarte tømmehus, saman med eit aktivt landbruk gjer det kulturlandskapet i Vågå og Sel særprega. Invitér gjester inn på tunet, og la dei få ei heilt unik oppleving, la dei bu på stabbur frå middelalderen og sove i himmelsenger. La dei få ei oppleving dei aldri gløymer!»
Og dette vart slagorda «Opplevinga du aldri gløymer».
Som sagt så gjort. Sju gardar med freda og verneverdige hus i Vågå og Sel gjekk saman og starta Vågå Gardshotell. Stabbur, løer og stuguer — alle unike på kvar sin måte vart møysommeleg restaurert. Gjennom ny bruk av gamle hus og kulturlandskapet skulle vi bidra til å bevare kulturarven.
Turistsuksess
Og media applauderte. «Den eldgamle gården er som tatt ut av et eventyr» sto det om ein av gardane iDagbladet. «Et eventyrlig gårdshotell» sto det i eit restaureringsmagasin.
Tyskarar, franskmenn og amerikanarar er frå seg av begeistring. Tenk at ein kan kome inn på eit privat tun og oppleve kulturen frå innsida, og at huset dei bur i har stått der sidan 1700-talet! Og ikkje minst fortel dei begeistra om turen oppover Gudbrandsdalen med vårkåte lam og Freia-mjølkesjokoladekyr på jorda.
I dag tjener vi - og fleire av dei andre gardshotella, nesten like mykje eller meir på denne næringa som på det tradisjonelle jordbruket.
Så kvifor skal vi og andre små og lite effektive gardar fortsette med matproduksjon?
- Ein naturleg bieffekt av småskalaandbruk er at ein tek vare på kulturlandskapet, at det blir ein attraktiv plass for andre næringar, som turistnæringa.
- Det er småbruka i Geirangerfjorden og dei andre kjende fjordane som gjer dei så attraktive, ikkje berre fjordane i seg sjølv.Det er ikkje industrilandbruket, men småbruk som produserar 70 prosent av verdas mat, i fylgje FN. Norge har eit ansvar for å bidra med produksjon av mat over heile landet og nytte mest mogleg av jordbruksarealet på ein berekraftig måte. Det er utmarksareala som er den store ressursen i Noreg.
- Statsminister Erna Solberg uttalte i fjor haust at klimaagendaen er ein del av regjeringa sitt verdigrunnlag. Den må «gjennomsyre» alle politikkområde. Dette klinger dårleg nårUtviklingsfondet fortel at all praksis og erfaring syner det er vanskelegare å drive eit allsidig og bærekraftig jordbruk jo større gardane er. Utviklingsfondet sin konklusjon? Om ein brydde seg om bærekraft, burde det vore FLEIRE gardar i Noreg enn det er i dag. Dette er stikk i strid med den utviklinga regjeringa legg til rette for.
Kjære Sylvi Listhaug, med tilbodet du nå gjev bøndene gjer du ditt for å legge ned norsk landbruk, og i same slengen legge store deler av bygde-Noreg brakk.
Du kan sjå til eit gamalt kulturland som Østerrike. Dei har ein jordbrukspolitikk som støttar opp om små, tungdrivne bruk. Dei ser verdien i dette, men det er vel ikkje å vente at dei som legg fram tilbodet til Norges bønder skal ha ein slik kulturell ballast at dei ser verdien i ein slik politikk.
Om du ynskjer å gje bøndene nye og betre inntektsmoglegheiter treng vi eit jordbruksoppgjer som gjev oss eit levedyktig landbruk. Vi må nytte det som verkeleg er bygd på eigne ressurser, og ikkje berre er tufta på importert kraftfôr. Lykke til.