Debatt

Stanghelle på autopilot om abort og Den norske kyrkja | Sofie Braut

  • Sofie Braut
    Kommentator i avisen Vårt Land

«Harald Stanghelle (bildet) gler seg over ei kyrkje som kopierer samfunnsutviklinga og listar seg etter middels oppdaterte politikarar der han burde stilla kritiske spørsmål», skriver innleggsforfatteren. Anette Karlsen, NTB scanpix

Også Harald Stanghelle burde sjå at det for mange kristne blir lite åndskraft i eit leiarskap som kjem trekkjande med sekulære sjølvsagdheiter 40 år for seint.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Harald Stanghelles analyse av utviklinga i Den norske kyrkja (Dnk) i lys av biskopane sin nylege abort-uttale var eit forvitneleg innblikk i ringrevens refleksjonar om stoda i Dnk.

Filmavisretorikk

Dessverre vart dette rein autopilot frå ein mann som ved tallause høve viser framifrå evne til å vinkla stoff originalt. Men her må det kritiske vika for filmavis-retorikk.

Kyrkja har «utvikla seg», understreker Stanghelle begeistra, «den må jo også [la seg påvirke av skiftende tider], uten at det undergraver selve kirkens grunnvoll» Er det så sikkert at påverknaden frå dei skiftande tider er kyrkjegrunnvollens sikraste kort?

Les også

Biskoper beklager kirkens steile abortholdninger

Sofie Braut

Analyse i konflikt med seg sjølv

Analysen hamnar undervegs i konflikt med seg sjølv. Døma på biskopanes «generaloppgjør» vert, ved nærare ettertanke, berre det at biskopane no slår fast ting som er sjølvsagde i 2019.

Også Stanghelle burde sjå at det for mange kristne blir lite åndskraft i eit leiarskap som kjem trekkjande med sekulære sjølvsagdheiter 40 år for seint. Men i staden rullar han ut det sedvanlege sukket over «kristenkonservative kretser» som ikkje synest det er nok at biskopane «slår fast» at fosteret er fra unnfangelsen et liv med verdi og krav på vern».

Kva verdi er det tale om for fosteret?

Men kva er vitsen med å postulera noko utan å fylla det med innhald? Både alminneleg nyfikne og krav om etterretteleg innhald tilseier at biskopane må gjera bodskapen tydeleg: Kva verdi er det tale om for fosteret? Og er «krav på vern» noko anna enn ein talemåte, er det av allmenn interesse å vita noko om kva vern biskopane siktar til.

Å krevja noko meir enn tome talemåtar og tam tilpassing frå leiarane sine må vel vera bra? Stanghelle gler seg over ei kyrkje som kopierer samfunnsutviklinga og listar seg etter middels oppdaterte politikarar der han burde stilla kritiske spørsmål til eit knippe leiarar som ikkje eigentleg maktar å ta konsekvensen av det dei hevdar om fosteret.

Abort- og menneskeverdparadokset

I oscarvinnaren 12 Years a Slave (2013) går Solomon Northup rundt som fri mann i 1850-åras Washington, D.C. Brått vert han fanga og sendt «downriver», som slave; ei handelsvare utan menneskeverd.

Briljant zoomar filmen inn det nødvendig objektive ved menneskeverdet: Korleis kan Northups verdi endrast berre ved geografisk forflytting? Men slik var systemet.

Forholdet til dei ufødde i vår kultur viser noko av det same. Dei forflytter seg frå livmor til leikegrind, og blir med det umissande for oss.

For mange av oss som Stanghelle enkelt klassifiserer som «kristenkonservative», handlar abort- og menneskeverdparadokset ikkje om innestengt mørkemannsreligion, men om filosofi og etiske resonnement som vi så gjerne drøftar ute i debattens dagslys.

Ønsket om leiarar som fyller orda sine med innhald er derimot ikkje noko særmerkt for kristne. Dette er vel snarare noko også ein Stanghelle, i vanleg maktkritisk slag, kunne ha slutta seg til?

Innleggsforfatteren er medlem av Stavanger bispedømmeråd og delegat til kirkemøtet. Hun er også sekretær i styret til Frimodig kirke.


  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Abort
  2. Den norske kirke
  3. Debatt

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Kort sagt, fredag 22. mars

  2. DEBATT

    Det er mange grunner til at togene ikke kan kjøre hele tiden

  3. DEBATT

    Lytt til klimaungdommen!

  4. DEBATT

    Forskning slår fast: Amming er viktig.

  5. DEBATT

    Språkrådets trauste retningslinjer passer ikke for oss

  6. DEBATT

    Det tar i snitt 17 år fra barn er utsatt for overgrep til de forteller om det. Mange forteller aldri.