Debatt

Ein berlinmur tvers igjennom liva våre

  • Anne Marit Godal
    Anne Marit Godal
    folkevalgt, Arbeiderpartiet i Fredrikstad

Vi har ikkje sett grensa på 75 år. No har de sett opp ein berlinmur tvers igjennom oss, skriver Anne Marit Godal. Foto: Vidar Ruud/NTB

Kvifor kan ikkje vi som har eit liv på tvers av grensa, få dei unnataka vi treng for å leve våre kvardagar slik andre kan?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Vi er mange som lev over grensene. Vi lev arbeidsliv. Studieliv. Familieliv. Vi er gode borgarar, vi følgjer reglane, vi tenkte: Dette skal vi klare. Så erfarte vi: Dei som skriv reglane, oppdagar oss jo aldri? Dei menneskelege omsyna kjem ikkje til oss? Vi er fråteke grunnleggande fridom – til å jobbe, til å studere, til å leve med dei vi elskar.

Vi kan ikkje ha det sånn lenger. Grensa er nådd.

Koronatesten brenn i lomma

Kjære helseminister. Tenk at du er på veg til jobb. Langs vegen stansar politiet deg, slik dei no alltid gjer. Nokre dagar venlege, andre dagar strikte og brå: Kor er du på veg? Jaså? Har du papira i orden? Du har attesten frå arbeidsgjevar klar på dashbordet. Likevel kan du når som helst vente forhøyr. Det er berre å klistre på eit smil, halde det hardt fast i andletet så du slepp raskt forbi.

Men i dag MÅ du stanse. Det er den dagen i dag. Koronatesten frå førre veke brenn i lomma, det er seks døgn sia sist. Du køyrer inn til teststasjonen. Ventar tre kvarter i kø før du går ut i haustrimet. Der står dei innpakka i romdrakt, visir og hanskar, du skimtar så vidt auga på ho som i dag ber deg opne munnen.

Skrapinga bak i halsen er ekkel, du brekker deg. Så nesa. Det svir med ein gong. Pinna går inn, det kjenst som bak auga. Det er uuthaldeleg, tårene sprett, kroppen startar å skjelve.

Det har vært reiserestriksjoner som følge av koronapandemien. Her fra grensen mellom Norge og Sverige i mars i år. Foto: Vidar Ruud/NTB

Det har ikkje gitt seg når du svingar inn på jobb ti minutt etter. Du går på do og sitt der til kroppen har roa seg. Du kan uansett ikkje gå i møte i denne tilstanden, det blir for rart. Du skjemmast. Det er ei veke til du må ta testen neste gong – elles må du slutte i jobben.

Når du kjem heim att til Strömstad, ringjer du kjærasten din for å få trøyst. Han har ikkje lov til å kome over til deg og overnatte. Men du kan kome til han, til Sarpsborg. Til helga skal du sove over der, berre du held deg innandørs og på god karanteneavstand til venegjengen de alltid har hatt der. Du har ikkje treft dei på eit halvår no.

Våga ikkje å klemme farvel

Eller: Kjære statsminister. Førestill deg at mora di blei enkje i fjor. Du har ikkje lov til å sove der lenger, i barndomsheimen i Dalarna. Det tar fire timar kvar veg til dagsbesøket – det er lov om du må.

Kvar gong du reiser i skumringa, ser du henne stå aleine og vaske opp etter middagen ho laga til deg.

De våga ikkje å klemme farvel. Så drar du heim til familien din i Noreg.

Langs midten lev vi

Kjære regjering. Sjå på eit kart. Den store, nordiske halvøya. Langs midten lev vi. Det er ikkje hytteliv som står på spel! Det er familie. Studie. Jobb.

Vi har ein heim i Kiruna kommune, ein bussjåførjobb i Narvik kommune. I Halden har vi ein bror like ved, i Ed, som før pleidde å passe bikkja kvar torsdag. Vi har sonar i Fredrikstad, med ein bonuspappa som studerer i Bengtsfors.

Vi har ikkje sett grensa på 75 år. No har de sett opp ein berlinmur tvers igjennom oss.

Kjære regjering. Sjå på eit kart. Den store, nordiske halvøya. Langs midten lev vi. Det er ikkje hytteliv som står på spel! Det er familie. Studie. Jobb, skriver Anne Marit Godal. Foto: Eirik Furu Baardsen

Ei solid fagleg grunngjeving

Ja, tusen takk, vi veit det kan gå an å treffast – vi kan nok reglane best av alle: Reisekarantene, dagsreiseunnatak, testing kvar veke. Og ja, vi kan sikkert klare det: Å skvise studentar og arbeidstakarar med feil adresse. Å rive opp familieband og venskapsband til dei faktisk er på god nok avstand.

Men: Vi har nokre spørsmål først: Korleis kan det vere naudsynt og «førehaldsmessig» å øydelegge så grunnleggande ting i liva våre? Vi kan smittetala i kommunane våre utanåt, vi kviskrar dei mellom oss: Kva er risken no? To i Årjeng? Én på Hvaler? Vi veit det er i storbyane smitta spreiar seg, ikkje langs skogsvegane vi køyrer på.

Vi veit at den svenske ministeren har vore på besøk hos dykk. Media omtalar det som ei handelsnæringssak. Men vi veit betre: Det handlar om oss!

Vi må ha ei solid fagleg grunngjeving no: Kvifor kan ikkje vi som har eit liv på tvers av grensa få dei unnataka vi treng for å leve våre kvardagar slik andre kan?


  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.
  1. Les også

    Erling Dokk Holm: Vi som elsker Strömstad

  2. Les også

    De har levd helt grenseløst. Koronaen har skapt mistillit og problemer de aldri hadde forestilt seg.

  3. Les også

    Anne Gunn Halvorsen: Me toler så inderleg vel det fråvær av fest som ikkje råkar oss sjølv

Les mer om

  1. Koronaviruset
  2. Arbeidsliv
  3. Sverige
  4. Norge

Relevante artikler

  1. A-MAGASINET
    Publisert:

    Klinikksjefen fikk selv korona. Tre måneder etter kjenner han seg fremdeles skåldet i halsen.

  2. BOLIG
    Publisert:

    Kjæresteparet Evy og Esben bor hver for seg under samme tak: – Vi må gjøre det som er best for oss og egne barn

  3. KOMMENTAR
    Publisert:

    Me toler så inderleg vel det fråvær av fest som ikkje råkar oss sjølv

  4. VERDEN
    Publisert:

    For de «svorske» på grensen handler det ikke om billig bacon og snus.

  5. BOLIG
    Publisert:

    Komikeren hadde ett spesielt krav før han kjøpte hytte: - Akkurat slik vi vil ha det

  6. DEBATT
    Publisert:

    Vi må starte gjenreisingen av regjeringskvartalet