Debatt

Kvardagsfordommar

  • Forf>byrådsleiar I Oslo (høgre)
  • <forf>erling Lae <

MØTE MELLOM MENNESKE. Fordommar er noko ein finn overalt, også blant dei som har programfesta at dei ikkje har nokon.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Fordommar. I dag vil eg trø i salaten. Det skvett nok litt til alle kantar. Somme vil tru at det eg no skal skrive om, handlar om homofili, men det gjer det ikkje. Og sjølv om nokre mediefolk ikkje greier å innsjå det, har eg stort sett anna å tenkje på, slik som skulebudsjett, søppel i gata og småkrangel med kommunalministeren. Dessutan fekk eg ikkje tetta holet i gjerdet på hytta i sommar.

Kluss i skjemaet.

Men kjem det ein journalist inn døra og skal intervjue meg om livet mitt, ja, då får ho gjerne trekant-auge, stirer kjenslevart på meg og gler seg til å høyre om det vonde eg har opplevd i livet sidan eg lever saman med ein annan fyr. Eg øydelegg heile stemninga om eg seier at eg har det bra og er meir opptatt av andre ting akkurat no.I norske medium er det forresten slik at dei snille, det er dei som har det vondt, eller som høyrer til ein minoritet, eller som er på venstresida. Dei slemme tener (for mykje) pengar eller er som dei fleste andre. Dei som gjer noko gale, er snille, for dei er uskuldige offer for samfunnet, og me som meiner at dei burde slutte med det, er slemme sidan me ikkje tolar at folk gjer seg sjølv og andre vondt.Sjølv er eg på høgresida, men fell inn i rubrikken homofil. Det gjer at det blir kluss i skjemaet over snill og slem i hovudet til journalistane.

Småprat om ungar.

Men lat meg koma i gang med å trø i salaten: Før jul i fjor var eg i ein stor by i Nederland i høgtideleg ærend og åt fin middag med dei som styrer byen. Mange trur at dette er veldig stas, og sjølvsagt skal ein setja pris på å få vera med på slikt, men jammen er det godt når det er over, slik at ein ikkje treng å vera redd for seia dumme ting eller pirke seg i øyret.Under middagen sat eg og svalla om slike småting som ein gløymer etterpå. Då sa den liberale politikaren på den eine sida av meg:— Du har vel vaksne ungar, du? - Nei, eg har ingen, men eg er då onkel til 15, sa eg. - Men er du ikkje gift, då, sa ho. - Jau, med ein annan kar. Me kallar det partnerskap, sa eg.Ho fekk nokre raude flekker på halsen og stotra: - Kva driv han med då?- Han er prest, sa eg.- Kva! Er det mogeleg, hiksta ho, før ho sette i halsen.- Ja det er ikkje noko problem i Oslo lenger, det, mumla eg, og det er det vel ikkje her heller?

Uventa reaksjonar.

Då ho var ferdig med å kremte, stotra ho fram noko om at det var slike folk der i byen med, men ho undra seg over kvifor dei måtte syne seg fram og gå i tog ein gong i året. Eg skulle til å seie at heime gjekk eg fyrst i opptoget kvart år, men så fekk ho visst noko viktig å prate om med sidemannen resten av middagen. Eg tok til å småprate med ho frå det grøne venstrepartiet på den andre sida av meg i staden. Men så kom jaddi spørsmålet: - Hadde eg vaksne ungar, kanskje?Eg sa det same som eg gjorde til liberalaren. Radikalaren fekk frisk farge i kinna og tok til å prate om miljøvern, og eg pensa praten over på arbeidet mot diskriminering. Det rekna eg med at ho ville like, men merka at den konservative Oslo-politikaren i grunnen var mindre redd for kulturelle skilnader enn den grøne radikalaren.Tidlegare på dagen hadde eg vore i sjømannskyrkja. Der møtte eg ein representant for kristendemokratane i byen. Då eg kom, sa han: - Men kvifor kjem du åleine, då? Me hadde venta å få helse på mannen din. Neste år tek du han med!

Kvardagen viktigast.

Denne historia er gudsens sanning. Kva vil eg så fortelja med denne artikkelen? Ikkje anna enn at fordommar er noko ein finn overalt, også blant dei som har programfesta at dei ikkje har nokon. Dessutan er det kvardagslivet som tel. Korleis me har det der me bur, lever og arbeider, og korleis me møter kvarandre, er mykje viktigare enn at Stortinget vedtek fine lover om at alle folk skal vera like gode. Politikarane kan likevel ikkje vedta korleis folk skal tenkje og tru.Men stort sett er no folk flest slett ikkje så galne i hovudet som mange vil ha det til. Tvert om.

Eigne fordommar.

Ein gong for ein del år sidan drog eg ned til aldersheimen for å helse på ei gamal kjenning som runda hundreåret. - Det er nok best eg kjem åleine, tenkte eg ved meg sjølv. Eg banka på døra, vart ynskt inn, og velkomen skulle eg vera.- Nei, men kjem du åleine, då, sa ho.- Ja. Eg gjer då det.- Kofør har du 'kji tikji mæ deg prest'n? E trudde e skulde få helse på venen din, e, sa ho.Då var det eg som vart raud i kinna, skrapte med foten og ikkje visste kva eg skulle svara. Då eg drog, var eg litt klokare enn då eg kom. Eg hadde fått tørka bort nokre fordommar om eldre folk.

Les mer om

  1. Debatt