Hurra for heimeeksamen! Eller?

Kanskje skal vi fortsette å ha eksamen heime. Men først må vi få på plass rutinar og system som fungerer, ifølge debattinnlegget.

Mindre stryk og fleire toppkarakterar heng også saman med at mange fell for freistinga til å samarbeide under eksamen.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Vi kan med glede registrere at strykprosenten går ned og A-prosenten går opp ved høgare utdanning. Fleire heimeeksamenar blir trekt fram som ein viktig grunn. Så kanskje er dette vegen å gå?

Lat oss vente litt med å sleppe jubelen laus.

Mange studentar har jobba godt trass i pandemi og mindre kontakt med medstudentar og lærarar.

Men mindre stryk og fleire toppkarakterar heng også saman med at mange fell for freistinga til å samarbeide under eksamen.

Dette er ei farleg utvikling – ikkje minst med tanke på kor vanskeleg det kan vere å sanksjonere mot dette.

Dei same umotiverte feila

Vi har alle tre nyleg rapportert eksamenssvar med urimeleg stor grad av ordrett samanfall på matematikkeksamenar. Alle sakene blei lagt til side.

Det kan vere fleire grunnar til at slikt skjer, og vår institusjon er neppe unik. Å fuske ved eksamen er alvorleg – med alvorlege følgjer.

Ein kan forstå at institusjonar er redde for å trå feil. Og dersom prosessen skulle dra ut og involvere advokatar, blir det ein kostbar affære for institusjonen. Vidare kan uklare formuleringar i retningslinjene vere eit problem.

Men er det så rart at vi ser samanfallande svar på ein matteeksamen? Det hender vel at fleire studentar kjem fram til det same rette svaret?

Jo, men bak eit svar, rett eller feil, ligg det eit resonnement og ei berekning – numerisk eller analytisk. Om resonnementa liknar, blir neppe ordlyden i tekst, kode og likningar identiske av den grunn.

Spesielt påfallande er det når ein finn dei same umotiverte feila. Vi har fått samanfall «forklart» med at kandidatane utvikla felles tekstar på førehand. Men dette vil sjeldan kunne forklare samanfall på detaljnivå utan ein også har tilgang til eksamensspørsmåla.

Det er eit problem

Men er det så farleg om nokre fiskar unngår garnet? Når det ser ut til å vere systematisk, er det eit problem.

Når nokon får jobb på eit vitnemål som seier at ho kan noko som ho faktisk ikkje kan, er det problematisk for arbeidsgivaren, for renommeet til utdanningsinstitusjonen og for den ærlege studenten som måtte stille lengre bak i køen.

Det finst tilgjeving, men det er neppe noko stas å sjå tilbake på for arbeidstakaren sjølv heller.

Handtert i eit nasjonalt organ?

Vi skal passe oss vel for å sanksjonere i saker med rimeleg tvil. Men vi skal også passe oss for den andre grøfta.

I den grøfta blir kvaliteten og omdømmet til utdanningane våre dårlegare, uærlegdom blir premiert, og arbeidslivet sit att med mindre kvalifiserte tilsette.

Så kva kan vi gjere? Kanskje treng institusjonane retningslinjer med tydelegare mandat. Men det er uansett ressurskrevjande å følgje opp fuskesaker.

Kanskje burde slike saker bli handtert sentralt – i eit nasjonalt organ som knyter til seg personar både med fagleg, administrativ og juridisk kompetanse.

Ein kan også vurdere å tillate samarbeid ved heimeeksamen i visse tilfelle. Evne til samarbeid er også ein viktig kompetanse.

Kanskje skal vi fortsette å ha eksamen heime – også når pandemien ikkje lenger tvingar oss til det. Men først må vi få på plass rutinar og system som fungerer.