Debatt

Kronikk: Er det betre å skrive dårleg nynorsk enn godt bokmål? Anelin Strømholm

  • Anelin Strømholm, norsklektor, Ringerike videregående skole

Altfor mange elevar er så dårleg i nynorsk etter seks års opplæring at dei helst ikkje bør ytre seg i offentlegheita.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Foto: Scanpix

Viss du stiller nokon i Noregs Mållag spørsmålet i tittelen, vil dei truleg svare ja.

Eg har innsett at Noregs Mållag aldri vil gje seg. Dei vil bruke dei same gamle argumenta for obligatorisk sidemål i skulen uansett korleis samfunnet utviklar seg. Dei vil ikkje innsjå at argumenta deira har gått ut på dato.

Dialektane stod sterkare før

I førre hundreår stod dialektane mykje sterkare enn dei gjer i dag, og då var det nok naturleg for fleire å velje nynorsk som hovudmål. I dag held mange dialektar på å bli utvatna, og språkforskarar snakkar oftare om regionmål enn dialektar. Det er rett og slett ikkje så naturleg for dei som kjem frå bygdene å skrive nynorsk lenger.

Eg har fleire elevar som har vakse opp med nynorsk som hovudmål og som no berre skriv bokmål. Eg spør dei kvifor, og svaret er alltid det same: Det er mykje enklare å skrive bokmål!

Viss det er vanskeleg for elevar som har vakse opp med nynorsk å skrive nynorsk, korleis trur dokker det er for dei som har vakse opp med bokmål?

Dei fleste bokmålselevar møter så sjeldan nynorsk der ute i samfunnet at det blir heilt framandt for dei å skrive. Dei tenkjer på bokmål, og dei treng ikkje fokusere på grammatikk når dei skriv på hovudmålet sitt. Det er nettopp fordelen med å skrive på morsmålet sitt; du treng ikkje tenkje på ordklassar og bøying, for det kjem automatisk.

Eit umedvete forhold til språket

Når bokmålselevar skal skrive nynorsk, må dei plutseleg byrje å tenkje grammatikk, akkurat som dei må gjere når dei skal lære seg eit framandspråk.

Sjølv om nynorsk er norsk, så må dei faktisk tenkje heilt annleis når dei skal lære seg å skrive nynorsk. For nokre elevar byr ikkje dette på problem, men for dei aller fleste er det faktisk ei så stor utfordring at dei gjer opp.

Dei fleste norske elevar har (dessverre!) eit altfor umedvete forhold til språket sitt og slit med å skrive godt når dei må konsentrera seg om grammatikk. Eg ser faktisk ein del likskapar mellom det å lære å skrive nynorsk og lære å skrive fransk (eg er òg fransklærar). Dei elevane som slit med nynorsk, slit òg med fransken.

  • QUIZ: Hva heter det på nynorsk? Test deg selv på et minutt

Verken språkøyre eller interesse

No vil sjølvsagt nokon hevde at det er norsklæraren sitt ansvar å gjere elevar språkmedvetne, og ja, eg er einig, men ein kan rett og slett ikkje gjere gull av gråstein.

Nokon har verken språkøyre eller interesse for språk, akkurat som nokre elevar ikkje likar matte. Nokon vil til og med skulde på læraren og seie at elevar gjer det dårleg i nynorsk fordi læraren ikkje beherskar det sjølv (nettopp difor skriv eg på nynorsk her).

Er det nokon som meistrar nynorsk i dette landet, så er det i alle fall norsklærarane! Dei kan bli hyra som språkkonsulentar i det offentlege i staden for at alle og ein kvar skal slite med å lære seg to målformer.

Eg har prøvd det meste, men blei elevane betre?

Ihuga norsklærarar som framleis kjempar for obligatorisk sidemålsundervisning (dei blir stadig færre), foreslår av og til morosame ting som ein kan gjere i undervisninga for å vekke elevane si interesse for nynorsk.

Nokre tek i bruk Facebook, nokre ber elevane lage videoar, nokre brukar teikneseriar og nokre får elevane til å lage drama kor dei snakkar nynorsk (sjølv om ingen snakkar rein nynorsk i dette landet, utanom på nyheitene og Det Norske Teatret då.)

Eg har prøvd det meste, men blei elevane betre til å skrive nynorsk? Nei! Dei hadde det kanskje moro i undervisninga, og det er viktig, men når det ikkje gjev det resultatet ein ønsker, så hjelper det lite. Eller er det ikkje så viktig at elevane skriv korrekt nynorsk?

48 grove feil på to sider

Som norsklærar er eg tilhengar av ein god og korrekt språkbruk. Det er det vi jobbar med å oppnå i hovudmålet. Sidan nynorsk er eit sidemål der eg jobbar, så må eg sjølvsagt akseptere nokre feil, men når det blir 48 grove feil på to sider (jamfør den siste elevteksten eg retta), så blir det heilt absurd for meg å halde fram med sidemålsundervisninga.

Det er verken nynorsk eller bokmål mange elevar skriv, men eit kvasispråk som ikkje finst. Mange av dei vil likevel få en middels god karakter i sidemålet sitt, for innhaldet tel meir enn det språklege.

Karakterer speglar ikkje ferdigheit

Det er eit paradoks at nynorskkarakteren ikkje speglar dei språklege ferdigheitene. Difor kan for eksempel studentar ved Universitetet i Oslo eller andre stader oppleve at eksamensoppgåva (eller andre offentlege skriv) dei har bedt om å få på nynorsk har altfor mange språklege feil. (Dette har vore ei sak i Universitas fleire gonger).

Kva for karakter den tilsette ved Universitetet i Oslo hadde i nynorsk frå vidaregåande skule, veit eg ikkje, men det er fullt mogleg at han/ho hadde ein middels god karakter på vitnemålet sitt.

Viss Noregs Mållag trur at alle som har fullført obligatorisk skriftleg sidemål beherskar begge målformene, så tek dei grundig feil. Det er difor det blir så meiningslaust å undervise i (og ikkje minst rette!) nynorsk som sidemål, for språket til altfor mange elevar er så dårleg etter seks års opplæring (!) at dei helst ikkje bør ytre seg i offentlegheita.

Sjølv om dei har bevis på at dei har bestått i sidemålet, så er dei rett og slett ikkje kompetente til å skrive nynorsk. Og kva er vitsen då? Synest Mållaget det er betre at nokon skriv dårleg nynorsk enn godt bokmål?

Nynorskfaget må ut

Kjære politikarar. No må dokker snart tore å gjere noko med denne absurde situasjonen i norskfaget.

Ludvigsen-utvalet peikar på at norske læreplanar famnar for vidt, og det er stor einigheit om at noko må ut for å få tid til å gå i djupna. Dette synest eg er eit veldig godt forslag, og for meg og mange andre norsklærarar er det ingen tvil om kva som må ut av norskfaget når det snart skal lagast nye læreplanar.

Les også:

Les mer om

  1. Nynorsk
  2. Undervisning
  3. Språk
  4. Bokmål

Flere artikler

  1. SID
    Publisert:

    Tea Berg (17): Bokmålsbrukarar, lat meg fortelje kor privilegerte de faktisk er!

  2. KOMMENTAR
    Publisert:

    Nynorsken har sigra

  3. DEBATT
    Publisert:

    Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn i dag – sjølv i sentrale Oslo-media ser vi at nynorsken slepp meir og meir til.

  4. SID
    Publisert:

    Svarer Dordi Lerum (17): Dei nye læreplanane lyftar sidemål

  5. SID
    Publisert:

    Sidemålskarakteren er der for å hjelpe oss

  6. KULTUR
    Publisert:

    Googles nye skule-pc skapar nynorsktrøbbel: – Eg ser jo at resultata er gått ned