Boikott av den russiske kulturen er eit katastrofalt trekk

  • Alisa Ganieva
    Russisk forfatter, aktivist og medlem av det kunstneriske rådet til Bergen internasjonale litteraturfestival
Russiske kunstnarar av i dag må utsetjast for gransking. Og dei av oss som for lengst har forstått kven Putin er, er klare til å betale prisen, mener Alisa Ganieva. Hun er russisk forfatter bosatt i Moskva, nå i eksil i Tallinn, Estland.

Det er avgjerande å forstå at ein må skilje mellom ulike kategoriar av russiske kunstnarar.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Vi er del av ein kultur som no er dynka i blod. For mange av oss verkar det umogeleg å finne ord som kan seiast til våre ukrainske venner, anna enn «vi er veldig lei oss».

Det er avgjerande å forstå at ein må skilje mellom ulike kategoriar av russiske kunstnarar. Eg vil peike på desse fire kategoriane:

1. Dei som lenge har kritisert regimet

Den første gruppa er dei kunstnarane som har vore del av Russlands krympande sivilsamfunn, og som på interne og eksterne politiske arenaer har ført kamp mot landets mørke handlingar.

Vi er alle trekt ned i skam og skuld. Du kan lett skilje denne gruppa av kunstnarar frå andre fordi dei har kritisert regimet lenge før krigen mot Ukraina var sett i gang.

Russlands isolasjon kjem til å vekse. Ikkje berre utanfrå, men innanfrå. Verda bør ikkje la desse kunstnarane bli ståande åleine. Eg er sikker på at det framleis er veldig viktig ikkje å stenge dei ute, særleg dei som er igjen i Russland og risikerer fridomen sin. Vi må for all del halde oppe kommunikasjonen!

2. Dei som har vore stille, men nå kjenner skuld

Den andre gruppa av kunstnarar er sjokkerte og fordømmer også krigen. Men dei uttrykte aldri eit ord om situasjonen før 24. februar. I eit demokratisk samfunn er det ikkje feil ikkje å interessere seg for politikk, men i eit diktatur du interessere deg, elles vil politikken før eller seinare interessere seg for deg.

I eit diktatur du interessere deg, elles vil politikken før eller seinare interessere seg for deg

Og det er det som skjer i Russland akkurat no, der denne gruppa av kunstnarar vaknar og kjenner brennande skuld for at dei har vore stille.

3. Dei som er redde for å vise illojalitet

Nokon kunstnarar har posta abstrakte ting mot krigen, men erkjenner ikkje at president Vladimir Putin og heile det KGB-baserte regjeringssystemet over lang tid har ført landet ut i dagens ulykke. Mange av dei blei offisielt løfta fram av folk høgt oppe i det russiske statsapparatet.

No seier dei at dei er imot krigen slik at dei kan sikre fordelar og kontraktar frå utlandet, men samstundes er dei redde for å vise illojalitet mot regimet og dermed miste laurbæra dei kviler på i Russland.

4. Dei som rettferdiggjer Putins udådar

Og så har du den fjerde gruppa, og det er den som gjer meg så nedtrykt. Dette er kunstnarar som rettferdiggjer Putins udådar og klandrar verda for russofobi. Dei gjentar den russiske propagandaen og dei skamlause løgnene.

Desse kunstnarane har tatt vondskapens side. Og denne kategorien av kunstnarar bør svartelistast.

Min konklusjon er at ein total boikott av heile den russiske kulturen er eit katastrofalt trekk. Men russiske kunstnarar av i dag må utsetjast for gransking. Og dei av oss som for lengst har forstått kven Putin er, er klare til å betale prisen.

Oversatt fra engelsk av Teresa Grøtan.