Eit godt måltid med raudt kjøtt, norske poteter og grønsaker er eit klimavenleg og berekraftig måltid | Reidar Almås

  • Reidar Almås
Skal du eta kjøtt, et norsk, grasfora kjøtt frå storfe, sau eller geit. Det er berekraftig og klimavenleg, skriver Reidar Almås.

Det er sløseri og matsvinn å la utmarka stå urørt.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Du visste kanskje ikkje at norsk, grasfora kjøtt er meir klimavenleg enn kjøtt produsert i dei aller fleste land. Dette blir slått fast i rapporten Tackling Climate Change through livestock frå FNs organisasjon for ernæring og landbruk.

Forklaringa er at vi i Noreg har avla fram storfe som veks raskare og er friskare enn beitedyr på den argentinske pampasen. Desse dyra treng dobbelt så lang tid på å nå slaktevekt som norske storfe. Utsleppa av klimagassar minkar når effektiviteten aukar, noko som betyr 2–3 færre år med raping og promping.

For nokre kan det vera gode grunner til å eta mindre kjøtt, men omsynet til klima er definitivt ingen god grunn dersom vi held oss til norsk kjøtt.

Menneske treng protein

På grunn av den norske produksjonsmåten er norsk grasfora kjøtt berekraftig og meir klimavenleg enn andre kjøttslag og importert kjøtt. Dette kjem av at det berre er dei husdyra som beitar som kan nyttiggjera seg gras og halm. Gris og kylling som blir hylla som dei husdyra som gir minst utslepp av klimagassar pr. kilo produsert kjøtt, beitar ikkje og er derfor mindre klimavenlege fordi dei konkurrerer med oss i matfatet.

Vi menneske og særleg dei som veks, treng protein, både frå kjøtt og plantevekstar. Derfor er eit godt måltid med raudt kjøtt, norske poteter og grønsaker eit klimavenleg og berekraftig måltid.

Kjøtt fra forskjellige kuer: Hereford, Charolais, Limousin og NRF/Norsk Rødt Fe.

Norsk raudt fe-kua er avla fram for å produsera både mjølk og kjøtt. Denne kombinasjonskua er svært klimavenleg fordi klimagassane mjølkekyr slepper ut kan fordelast både på morsdyra som produserer mjølk og kalvane som produserer kjøtt. Sau som nesten ikkje får kraftfôr og beiter i norske skogar, heier og fjell, er også klimavenleg, fordi den ikkje konkurrerer med oss i matfatet.

Sløseri å la utmarka stå

Historisk ville det ikkje vera mogeleg å leva i mange norske lokalsamfunn utan beitande dyr. Ljåen og dyremulen har skapt livsgrunnlaget og det levande kulturlandskapet vi er så glade i.

Menneske kan ikkje fordøya gras, slik som husdyra ku, sau og geit og ville hjortedyr. Fordøyinga deira kan utnytta næringa i graset til å laga mjølk og kjøtt. I Noreg er berre tre prosent av arealet dyrka mark. Utmark derimot, har vi mykje av, heile 95 prosent av landarealet vårt er utmark. Ved hjelp av lys frå sola og vatn produserer grøne planter energi gjennom fotosyntesen.

I dag utnyttar vi berre halvparten av dei kaloriane som veks i utmarka. Derfor er det sløseri og matsvinn å la utmarka stå urørt.

Les også

Kjøttparadokset: Vi liker kjøtt - men vil helst ikke tenke på dyret det en gang var

God dyrehelse og lite antibiotika

Norske husdyr er blant dei friskaste i verda og norsk husdyrhald er på botnen i Europa i bruk av antibiotikum, noko som også er bra for å redusera førekomsten av resistente bakteriar som vi kan smittast av. Årleg døyr om lag 750.000 menneske i verda etter å ha vorte smitta av resistente bakteriar. Det betyr at du slepp å bekymra deg for å bli sjuk av å eta norsk kjøtt.

God dyrehelse er eit mål i avlen på lik linje med lynne og kvaliteten på kjøtt og mjølk. Alle norske kyr har til dømes eit helsekort der informasjon om dyrets helsestatus blir dokumentert.

Kyr på beite på Jæren i Rogaland.

Samanliknar vi oss med andre land, har Noreg strenge lover om korleis dyra skal ha det, korleis dei blir slakta og korleis dei blir transporterte. Den norske kua har òg lovpålagt uteliv: I minst 8 veker i året skal norske kyr og kalvar vera ute i friluft. Dei fleste går ute mykje lenger, frå det er grønt om våren til det blir for kaldt og hustrig om hausten. Dyr som blir slept på beite, er eitt av dei vakraste eventyra om våren.

Les også

Kjøttskam. Flyskam. Nok, får eg lyst til å brøle til kvart eit godt forslag. Nok!

Kva med helsa?

Men er ikkje raudt kjøtt kreftframkallande, seier du?

Sterkt omarbeidd kjøtt i store mengder kan føra til kreft hos nokre, særleg om det er svartbrunt. Det gjennomsnittlege norske inntaket av raudt kjøtt er ikkje kreftframkallande, ifølge professor i ernæringsfysiologi, Anna Haug ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet:

«Dessutan trenger kvinner i fruktbar alder å få i seg nok B12, jern, sink og protein, som finnes i melk, kjøtt og animalske produkter. Det er veldig lite B12 i grønnsaker, og vegetarianere må ta tilskudd for å unngå mangeltilstand.»

Skal du eta kjøtt, et norsk, grasfora kjøtt frå storfe, sau eller geit. Det er berekraftig og klimavenleg.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meiningar på Facebook og Twitter