Debatt

Sjokkerande frå fagpersonar om transgutar | Vetle Mikkelsen

  • Vetle Mikkelsen

Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Å kalle transgutar for «tenåringsjenter» vitnar om ein grunnleggande mangel på respekt for denne gruppa.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.


Onsdag 21. mars hadde Anne Wæhre og Kim Alexander Tønseth frå Nasjonal behandlingstjeneste for transseksualisme ein kronikk på trykk i Aftenposten. I nemnte kronikk kom det fram haldningar som er sjokkerande frå fagpersonar på dette området.

Wæhre og Tønseth skriv om ei auke av «tenåringsjenter som vil skifte kjønn». Dette er folk som jobbar med transpersonar kvar dag. Dei er øvst i systemet for kjønnsstadfestande behandling. At dei presterer å kalle transgutar for «tenåringsjenter», vitnar om ein grunnleggande mangel på respekt for den gruppa dei jobbar med.

Les også

Lurer du på om du er transkjønnet? Ikke les aviser! | Anki Gerhardsen

Skrekkhistorier frå Rikshospitalet

Wæhre og Tønseth er urolege over at det har vore ei stor auke unge transmenn som søker behandling hos private aktørar. Dei har opplevd at transpersonar som kjem til Rikshospitalet, allereie har fått kjønnsstadfestande behandling av private.

Her bør Nasjonal behandlingstjeneste for transseksualisme (NBTS) feie framfor eiga dør. Dei fleste eg kjenner i transmiljøet, har høyrd skrekkhistoriene frå Rikshospitalet om korleis ein må leve opp til tradisjonelle kjønnsroller for å få behandling.

Det finst feminine menn. Det finst maskuline kvinner. Dette gjeld både transfolk og cisfolk.

Når Rikshospitalet og NBTS legg opp til at berre dei som lever opp til gamle kjønnsroller skal få behandling, er det ikkje rart mange søker hjelp hos andre.

Oppdaterte behandlingskriteria?

Wæhre og Tønseth skriv også at fleire av transmennene som kontaktar dei, slit psykisk. Det er ei viktig problemstilling å ta opp.

Men er det utenkeleg at mange av desse psykiske problema kjem av at kjønnsidentiteten deira ikkje blir respektert?

Og vil ikkje NBTS forsterke problema, ved å kalle desse unge gutane for jenter?

Kronikkforfattarane påstår at det ikkje finst nok kunnskap om transmenn som får kjønnsstadfestande behandling etter puberteten. Det kan vere fordi mange av desse har blitt vist døra av Rikshospitalet og NBTS tidlegare. I staden for å rope høgt om ei auke av transmenn som får behandling hos private, burde NBTS og Rikshospitalet gå i seg sjølv og vurdere om deira behandlingskriteria er oppdaterte nok.

Interessert i å lese mer? Her er lenke til hjemmesiden til Forbundet for transpersoner Norge

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. LHBT
  2. Rikshospitalet

Relevante artikler

  1. DEBATT

    For mange unge transpersoner er kjønnsbekreftende helsehjelp livreddende

  2. DEBATT

    Transpersoner lider under stadige utsettelser og likegyldighet i det offentlige helsevesenet

  3. DEBATT

    Anonymt innlegg: Jeg er mor til en av «nasjonens døtre», som ønsker dypere stemme og hårvekst i ansiktet

  4. KOMMENTAR

    «Det er gammeldags å skjære i friske kropper»

  5. A-MAGASINET

    170 norske barn ville bytte kjønn i fjor. 2 av 3 var jenter. Overlege Anne Wæhre er bekymret: – I verste fall vil flere angre.

  6. DEBATT

    Kort sagt, tirsdag 27. mars