Kort sagt, lørdag 17. desember

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Ja til auka skattar, men ikkje på velferd

«I like you very much. Just the way you are», seier «Mister Darcy» til «Bridget Jones». Det same kan eg seie til barnetrygda. Ho er god som ho er. Me treng berre meir av ho. Utan skatt.

Aftenpostens Andreas Slettholm kritiserer i kommentaren «Make barnetrygda great again» 13. desember min omtale av Rogaland Arbeiderpartis forslag om å skatte av barnetrygda. Han viser til at skatt tradisjonelt har vore eit tiltak venstresida har vore for, så kvifor ikkje skattlegge barnetrygda?

Skatt på velferdstilbod har ikkje vore venstresidas føretrekte måte å skatte på. I staden har ein jobba for skatt på formue og inntekt, særleg frå dei som har aller mest, til å finansiere breie velferdsordningar. Folk er meir villige til å bidra med auka skattar til velferdstenester som går til alle. Det gjer ordningane meir robuste over tid, med skiftande politiske fleirtal.

Og viktigast – me veit at ei styrka barnetrygd med dagens breie innretning er eit av dei mest effektive verkemidla me kan bruke for å overvinne fattigdom blant barn. Med eit auka nivå på utbetalingane kan me gjere barnetrygda great again, akkurat som ho er i dag.

Trine Østereng, rådgiver, Tankesmien Agenda