Debatt

Lite truleg at EU godtek reduksjon i norske trygdeytingar til utlendingar som arbeider her | Alfred Kvalheim

  • Alfred Kvalheim, tidligere ekspedisjonssjef i Trygdeavdelingen, Sosialdepartementet

Arbeids- og sosialministeren la nyleg fram ei stortingsmelding om reduksjon av trygdeytingar til mellom anna EU-land. Eg er skeptisk til om EU vil godta dette.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Kronikken til Cathrine Talleraas i Aftenposten 15. januar «Er norske trygdeytelser til utlandet et problem?» bør gi mange politikarar noe å tenke på. Her skyt ho ned visse dogmer som lever i det rikspolitiske miljøet.

Folketrygdlova som er over 50 år, gjer ikkje skilnad på nordmenn og utlendingar som bur og arbeider her i landet når det til dømes gjeld pensjonsopptening og ytingar. Med nordiske og mange andre land har Norge lenge hatt avtalar som sikrar folk som opptener trygderettar i to eller fleire land.

Frå 1995 har EU sitt regelverk for koordinering av trygdeytingar mellom medlemsland også vore gjeldande for Norge gjennom EØS-avtala. Ei forordning slær fast at det i EU (og i Norge) ikkje skal vere diskriminering av folk etter nasjonalitet eller bustadsland.

Les også

Nå vil Regjeringen kutte i kontantstøtte og barnetrygd som sendes til utlandet

Landet der forsørgaren arbeider skal punge ut

Folketrygda vår oppfyller slike krav utan mye tilpassing. Men Barnetrygdlova legg til grunn prinsippet om at yting skal betalast berre om barnet bur her i landet. EU-reglane seier derimot at landet der forsørgaren arbeider skal punge ut. Arbeider den eine av forsørgarane i til dømes Norge og den andre i eit EU-land, blir det delt ansvar for barnetrygd.

Då kontantstøtta blei innført i norsk lovverk i 1998, var dei som arbeidde med slike spørsmål på departementsnivå overtydd om at ytinga måtte sidestillast med barnetrygd i høve til koordinerings-reglane. For å følgje plikta til å rapporterte om endringar i trygdesystemet, meldte Norge frå til EU-kommisjonen om innføringa av kontantstøtte. Som norsk observatør (med talerett) i EU sin administrative kommisjon for trygdespørsmål skulle eg prøve å få kommisjonen til å godta at dette var ei yting som kunne avgrensast til Norge. Som venta fåfengd. Ingen støtte frå kommisjonen eller medlemsland.

  • Regjeringens pressemelding: Vil begrense muligheten for trygdeeksport

Finland ble dømt av EU-domstolen til å eksportere kontantstøtte

Interessant er det at Finland på den tida hadde ei liknande nasjonal yting - rett nok mindre raus enn norsk kontantstøtte. Ytinga var ikkje rapportert til EU. Norge fekk ingen støtte frå Finland då saka vår var oppe. Få år seinare blei landet dømt av EU sin domstol til eksportere deira kontantstøtte på same måte som barnetrygda.

Når arbeids- og sosialministeren nyleg la fram ei stortingsmelding om reduksjon av trygdeytingar til mellom anna EU-land, skulle ein tru at det var etter positive signal frå EU. Etter nært fagleg samarbeid med trygdeansvarlege i EU-kommisjonen over mange år, verkar det i så fall svært overraskande. Cathrine Talleraas er tydelegvis skeptisk, og den skepsisen deler eg.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. EØS
  2. EU
  3. Barnetrygd
  4. Kontantstøtte
  5. Norge
  6. Finland