Debatt

Det er fryktas tid i Brasil, og vi held rundt kvarandre. Men tida for kamp er no | Vilde Gjerde Lied

  • Vilde Gjerde Lied
    Utvekslingsstudent Universitetet i São Paulo og aktivist i Latin-Amerikagruppene

Fortvilelsen var stor på venstresiden da Jair Bolsonaro ble erklært som vinner av presidentvalget i Brasil den 28. oktober. Bildet viser to kvinner som støttet arbeiderpartiets (PT) kandidat Fernando Haddad. Ikke alle tør å bære plagg i PTs røde farge. Foto: Nelson Antoine / TT NYHETSBYRÅN / NTB scanpix

Norsk samarbeid med Bolsanaro vil vere å legitimere fascismen.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Eg har aldri heilt fått grepet rundt kva fascisme eigentleg er. Berre skjønt at det ikkje er bra. Ei tid vi trudde vi aldri kom tilbake til. Noko som var forbi. Men tida har vist oss naive.

Det er ikkje ukjend lengre. Klokka er halv åtte på kvelden, 28. oktober. Vi har akkurat fått resultatet. Jair Bolsonaro er Brasils neste president. Folk rundt meg brest i gråt, som ei frigjering av all redsla vi har gått og haldt på dei siste vekene. Vi held rundt kvarandre. Fryktas tid er ikkje over. Ho har akkurat byrja. For mange har den allereie vore til stades i mange år.

Les også

Trump gratulerer Bolsonaro med presidentvalgseier i Brasil

Fascismens framvekst har ikkje vore plutseleg i Brasil. Bolsonaro sin siger er berre fortsetjinga på angrepet på det unge demokratiet i Brasil, som byrja med det mange meiner var eit kupp mot president Dilma Rousseff i 2016. Mens mange andre vil argumentere med at Bolsonaro er demokratisk valt, meiner eg at dette valet slutta å vere demokratisk i det Bolsonaro sin største konkurrent, Lula da Silva, tidlegare i år vart fengsla, utan tilstrekkelege bevis, og nekta å stille til val.

Les også

Aftenposten mener: En seier for det brasilianske rettsapparatet

Bolsonaro vil ikkje vere ein president for det brasilianske folk. Samfunnet han vil skape vil vere eit Brasil der han tar frå store delar av folket retten til å eksistere. I politikken, i akademia, i arbeidslivet, på gatene, i livet.

Vald mot Bolsonaros motstandarar

Dei siste vekene opp mot valet har vore intense. Allereie dagen etter første valrunde kravde valet sitt første offer. Mestre Moa do Katendê vart drepen med tolv knivstikk av ein tilhengar av Bolsonaro, etter at han hadde sagt at han stemde på det brasilianske arbeidarpartiet (PT).

Dette var berre det første av mange overfall. Mange er redde for å vise sin motstand til Bolsonaro, eller si støtte til PT, eller berre å bere plagg i PT sine raude fargar.

Tilhengere av Jair Bolsonaro samlet seg utenfor hans hjem i Rio de Janeiro på valgnatten. Foto: Leo Correa / TT NYHETSBYRÅN / NTB scanpix

Det dras skumle parallellar til militærdiktaturet som vart avslutta for 33 år sidan. Mange ser igjen eit hat og eit sinne ein ikkje har sett sidan. Bolsonaro på si side har sjølv hylla militærdiktaturet og uttalt sin støtte til bruken av tortur. Viktige kampsaker har vore meir politi og militære i gatene, og liberalisering av våpenlovene. Der tilhengarane til Haddad (PT) har møtt til vallokala med bøker, har tilhengarane til Bolsonaro møtt med våpen.

Endå farlegare å vere aktivist

Bolsonaro snakkar ikkje først og fremst om at han ikkje ønsker venstresida ved makta, men om at ho ikkje skal eksistere meir. Det same gjeld måten han snakkar om LHBT (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar), urfolk og svarte.

Dette er svært skremmande. Brasil er allereie det landet der flest folk blir drepne på grunn av å vere LHBT. Det er allereie eit av dei landa med flest drap av kvinner, miljøaktivistar, urfolkaktivistar og svarte. Det er allereie farleg å vere aktivist, svart, kvinne og LHBT i Brasil. Frå no av vil det berre bli verre. Spesielt med Bolsonaro sin våpenpolitikk. Skyt først, spør etterpå.

Den høyrepopulistiske Jair Bolsonaro på valgdagen 28. oktober. Foto: Pilar Olivares / Reuters / NTB scanpix

Frykt på universitetet

På universitetet held vi hender i slutten av forelesingane. Mine venner på venstresida lagar ikkje først og fremst strategiar for å felle Bolsonaro, men for å beskytte seg i tida som kjem. Det same gjer professorane her. Mange er redde for å dele sine kritiske diskursar og analysar.

Fleire har allereie blitt forfulgte, og mange er redde for å bli fjerna.

Dei siste vekene har fleire offentlege universitet blitt utsett for politiaksjonar, og i mange tilfelle vart plakatar med antifascistisk- og antibolsonaropropaganda fjerna.

Det er ikkje nytt det som skjer. Vi har sett det før. Når det er snakk om fascisme betyr nøytralitet berre ein ting, medverking.

Fleire frå det internasjonale samfunnet har uttalt sin motstand mot Bolsonaro. Sjølv høgrepopulistiske Marine Le Pen har uttalt si avsky mot Bolsonaro sine fråsegn.

Noreg må tore å fordømme

Frå Noreg har det vore heilt stille. Brasil er ein av dei viktigaste handelspartnarane og investeringsmarknadane til Noreg. Regjeringa si haldning til det som skjer her, er derfor ikkje likegyldig.

Bolsonaro har lova å «ta tilbake» store jordområde som tilhøyrer urfolk, quilombolas (afrobrasilianske jordbruks- og sankersamfunn, red. anm.) og småbønder. Dette vil dessverre gagne norske interesser i agrobusiness og andre naturressursar, men truleg auke valds- og konfliktnivået rundt jord i Brasil. Samarbeid med Bolsonaro vil vere å legitimere fascismen.

Noreg er flink til å fordømme fascistiske regimer som har vore, men det betyr ingenting om ein ikkje torer å fordømme dei vi har i dag.

Tida for kamp er no

Det vil snu, fordi det må snu. Kampen for demokratiet er allereie i gong. Men det vil ikkje gå om resten av verda sitt stille i båten. Bolsonaro sin siger er ikkje berre ein trussel for demokratiet i Brasil, men for heile verda.

Tida for kamp er no, vi kan ikkje kjempe i retrospekt.

Det er kaldt i São Paulo desse dagar, men det hindrar likevel ikkje folket å okkupere gatene. Og i kulden er det viktig å stå saman, tett saman. Dag etter dag samlar vi oss. Det er trongt, så trongt at eg kan kjenne det når dei trekker pusten mellom skrika: Ele não, ele jamais. Ikkje han, aldri han.

  • Her kan du lese mer om Brasils nyvalgte president Jair Bolsonaro:
Les også

Motstandere frykter hva Brasils nye høyrepopulistisk president kan finne på

Les også

Brasil kan få sin egen Trump

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Brasil
  2. Dilma Rousseff
  3. Valget i Brasil
  4. Demokrati

Flere artikler

  1. VERDEN
    Publisert:

    Presidentvalg i Brasil: Høyrepopulist som sammenlignes med Trump, vant første runde

  2. VERDEN
    Publisert:

    Brasils Donald Trump rir på en bølge av raseri og frustrasjon. Nå er han et skritt nærmere presidentembetet.

  3. VERDEN
    Publisert:

    Brasilianske kvinner demonstrerer mot høyrekandidat

  4. VERDEN
    Publisert:

    Den ferske presidenten er berømt for sine ekstreme uttalelser: «Jeg kommer aldri til å voldta deg, det fortjener du ikke»

  5. VERDEN
    Publisert:

    – Den pengehaugen ble vendepunktet for meg. Vi kan ikke ha slike politikere.

  6. SID
    Publisert:

    Krev svar på spørsmåla frå politikarane!