Leder for Utdanningsforbundet: Lærarar har rett til å ytre seg, men må gjere seg fortente til tillit frå elevar og samfunn.

Dette kan ikkje handsamast som eit spørsmål om ytringsrett, men som eit spørsmål om ytringsvett.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

For nokre dagar sidan arrangerte ein Oslo-lærar ein innvandringsfiendtleg demonstrasjon. Han let seg intervjue i diverse media og ytra seg negativt om islam og muslimar. Det blei reagert på at ein lærar kunne sei noko slikt.

afp000814616.jpg

I Norge er ytringsfridomen grunnlovsfesta. Under grunnlovsjubileet i fjor blei professor Ola Mestad spurt om kven som er beskytta av ytringsfridomen. Svaret hans var interessant: «Det er de som mener noe om NAVing og innvandrere – drittsekkene.» Ytringsfridom som rettigheit og vern handlar om vern for det kritiske, det provoserande og det ubehagelege. Det ingen reagerer på, treng sjeldan å bli verna.Dette rettslege utgangspunktet er særs viktig.

Ein kvar idé om å avgrense ytringsfridomen for nokre grupper, vil etter mitt syn leie galt av stad.

Likevel forstår eg godt dei problema som det blir peika når det gjeld Oslo-læraren. Er det likegyldig kva ein lærar seier og gjer? Eller ein prest, ein politimann, advokat eller lege? Få vil meine det. Kan vi løyse dette ved å trekke grensene mellom det private og det profesjonelle? Spelar det noka rolle kva yrke ein har dersom ein ytrar seg som privatperson utanfor arbeidstida?

Skiljet mellom privatliv og jobb betyr noko.

Når ein lærar er på jobb, har læraren plikt til å vere tru mot det som er nedfelt i lovverk og læreplaner.

Dersom læraren i sitt arbeid vel å opptre i strid med det verdigrunnlaget som ligg i samfunnsoppdraget, er det opplagt grunnlag for å reagere. Når læraren opptrer som privatperson utanfor skulen, stiller det seg noko annleis. Men i kva grad?

Svaret på det spørsmålet finn ein ikkje i lovverket. Dette kan ikkje handsamast som eit spørsmål om ytringsrett, men som eit spørsmål om ytringsvett.

Ytringsvett handlar både om kva ein vel å sei og kor og til kven ein vel å sei det.

Det er forskjell på eit privat lag, facebook og riksmedia. Og det er mange nyansar å velje mellom dersom ein vil ytre seg kritisk om til dømes innvandring eller bestemte religionar. Når ein lærar skal navigere i mellom desse måtane å uttrykke seg på, gjeld det å leite etter kva som er klokt.

Ein lærar er avhengig av tillit, frå elevane sine, frå foreldra og frå samfunnet.

Tillit er grunnleggjande for at foreldre trygt skal kunne sende barna sine til barnehagar og skular. Det som skjer der, skal være i pakt med den kontrakten samfunnet inngår med borgarane gjennom lover og læreplaner. Dersom ein lærar opptrer på ein måte som svekker denne tilliten, er det alvorleg. Og då er det relativt uvesentleg om årsaken til tillitssvikten er noko læraren gjorde som privatperson.

Lærarar har etiske plikter. Difor har vi også ein eigen profesjonsetisk plattform. Lærarar har ein sjølvsagt rett til å ytre seg. Men dei kjem ikkje unna at dei må gjere seg fortente til tillit frå elevar og samfunn. Og at det vil bli reagert dersom dei opptrer slik at tillit ikkje lenger er til stades.

Dette er ein viktig, men vanskeleg debatt som må førast vidare, først og fremst i lærarprofesjonen sjølv.

Les også: