Debatt

Aftenposten på djupt vatn om gruvedrift i Repparfjorden | Gaute Eiterjord og Silje Ask Lundberg

  • Gaute Eiterjord
    Leder i Natur og Ungdom
  • Silje Ask Lundberg
    Leder i Naturvernforbundet

Demonstranter aksjonerte nylig i Oslo mot gruvedumping i Repparfjorden. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Meiner Aftenposten det er likegyldig korleis det grønne skiftet skal føregå?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Aftenpostens leiar 15. februar meiner gruvedrifta i Repparfjorden er eit nødvendig onde. Det er uforståeleg at avisa på leiarplass undervurderer kor stort overgrep denne gruvedrifta vil vere.

Avfallsmengda frå gruva regjeringa førre veka ga løyve til, er ikkje liten. 30 millionar tonn giftig slam skal dumpast i fjorden. Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet har begge ropt varsko for livet i Repparfjorden. Då det blei dumpa her på 70-talet, gjekk fisket sterkt tilbake. Nå som laksen og torsken er på veg tilbake, har regjeringa gitt grønt lys for ny dumping i mykje større omfang.

Gaute Eiterjord, leder i Natur og Ungdom

Grønt skifte

Avisa meiner utvinning av kopar kan rettferdiggjere gruveprosjektet, fordi kopar trengst til elektrifisering. Meiner Aftenposten det er likegyldig korleis det grønne skiftet skal føregå? Sju reindriftsfamiliar seier dei vil miste livsgrunnlaget i området der dei har 3000 rein og vil ta saka til retten. Nussir-prosjektet er så langt unna eit grønt skifte du kjem. Me kan ikkje ofre samiske rettar og ein levande, rein fjord på den grøne omstillingas alter.

Aftenposten meiner sjødeponi er å føretrekke over landdeponi, men dette er ikkje dei einaste alternativa. Det finst alternativ bruk av massar og tilbakefylling som kan fjerne behov for ytre deponi. Når regjeringa gir grønt lys for gruvedrift på den mest miljøskadelege måten, er Noreg med på eit kappløp mot botnen for miljøstandarder. Noreg er eit av fem land i verda kor gruver ennå får dumpe avfall i sjø.

Les også

Naturvernere varsler hard kamp mot gruvedrift i Finnmark

Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet

Betre måtar å utvinne mineral på

Minerala i verda er avgrensa ressursar, og me er ikkje gode nok i dag til å utnytte potensialet i gjenvinning og betre bruk av det som allereie er utvunne. I nye gruver må me finne betre måtar å utvinne mineral på, men den sjansen mistar me når regjeringa nå dumpar regjeringa miljøkrava i fjorden.

  • Les også:
Les også

Venstres fremste miljøpolitiker på Stortinget har forståelse for lenkegjeng-protest mot egen regjering.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Gruvedrift
  2. Miljøvern
  3. Natur og Ungdom
  4. Naturvernforbundet
  5. Natur

Relevante artikler

  1. SID

    Gruvedriften i Finnmark blir en klimanæring, ikke en katastrofe

  2. DEBATT

    Næringsministeren setter miljøet, en nasjonal laksefjord og en unik urfolksnæring på spill

  3. KRONIKK

    Vil historien gjenta seg i Repparfjorden? Jeg frykter tabben blir like stor som sist.

  4. SID

    Har ikke regjeringen mer respekt for naturen?

  5. LEDER

    Aftenposten mener: Ja til sjødeponi i Kvalsund

  6. DEBATT

    En alvorlig forurensende bruk av Repparfjorden