Debatt

Det handlar ikkje om Ejlert og André Bjerke | Jørn Øyrehagen Sunde

  • Jørn Øyrehagen Sunde
    Professor, Institutt for offentlig rett, Universitetet i Oslo

André Bjerke og hans far Ejlert var blant de som ble dømt i Forfatterforeningens æresrett. Aagaard, Rolf M.

Det handlar om rettsstat.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I Aftenposten 30. mars har forfattarane av På æren løs, Kjartan Fløgstad, Tore Rem og Espen Søbye, eit nytt innlegg om Forfatterforeningens æresrett. Det er to ting eg ønskjer å ta tak i.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentlig rett, Universitetet i Oslo og forsker ved Baroniet Rosendal og Nasjonalbiblioteket.

For det fyrste heiter det at æresrettsutvalet knapt gav «uttrykk for fortolkingsmessig tvil». I konklusjonen vår heiter det at historiske forhold kan forklara, men ikkje rettferdiggjera, og difor er vi kritiske til æresretten si verksemd. Vi har altså ein klar konklusjon, men den er ikkje unyansert, fordi vi forstår at æresretten var verksam i ei vanskeleg tid.

For det andre spør Fløgstad, Rem og Søbye igjen: «Mener utvalget virkelig at det å utføre anonyme oversettelser for landets verste naziforlag, var beskyttet av ytringsfriheten?». Vi har ikkje svart på spørsmålet, fordi det tek merksemda bort frå det som er vesentleg på to måtar.

Kritisk gransking

Kva Ejlert og André Bjerke enn må ha gjort seg skuld i, så hadde dei krav på at dei vert stilt til ansvar for sine gjerningar på ein måte som gjorde at saksfakta kom på bordet og vert utsett for kritisk gransking. Dette gjeld alle typar prosessar som kan enda med tap av rettar, òg ein prosess for ein æresrett. Det var ikkje tilfellet. Det er det æresrettsutvalet har vore kritisk til.

Men æresretten handlar ikkje om Ejlert og André Bjerke. Den handlar om individ som vart stilt til ansvar for sine handlingar og ilagt sanksjonar utan 1) at prosessen gjorde det mogeleg å få fram og kritisk vurdera saksfakta, og 2) utan at ein hadde grunnlag for sanksjonane som vart ilagt.

Det handlar om rettsstat

Æresrettsutvalet gjekk ikkje inn i einskildsaker. Arkivmaterialet vi studerte gav ikkje grunnlag for det. Arkivmaterialet gav likevel grunnlag for å vurdera prosessen for æresretten, og den har vi kritisert, trass i at vi er merksame på dei spesielle historiske forholda og den kunnskapen som er formidla i På æren løs.

Dette handlar ikkje om juridiske petitessar. Det handlar om rettsstat. Rettsstatsmedvit er ikkje eit nytt fenomen. Æresretten si verksemd var likevel for lite prega av det.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Æresretten
  2. Andre verdenskrig
  3. Kjartan Fløgstad

Relevante artikler

  1. DEBATT

    André Bjerke var uskyldig

  2. DEBATT

    Forfatterforeningens æresrett manglet rettssikkerhet

  3. KULTUR

    Tar kraftig oppgjør med Forfatterforeningens unnskylding i ny bok

  4. KULTUR

    Kjartan Fløgstad driver Forfatterforeningen fra skanse til skanse

  5. KRONIKK

    Juridisk utvalg: Æresretten brøt med grunnleggende rettsstatsidealer

  6. KRONIKK

    Granskningsrapporten om Forfatterforeningens æresrett er påfallende svak