Ingen har lov til å føre motstridande politikk
Sjølv om det er politikarane som bestemmer norsk olje- og energipolitikk, kan dei ikkje bestemma to ulike ting som ikkje går i hop.
Det har vakt debatt at Norsk institutt for menneskerettar (Nim) peika på at Høgsterett sin dom i klimasøksmålet ikkje er følgt opp av Olje- og energidepartementet. Sist ute er Høgres Michael Tetzschner i Aftenposten 16. juni. Tetzschner hevdar det same som han har sagt før og etter klimasøksmålet: Stortinget bestemmer.
Ingen klimasøksmål globalt har utfordra parlament sin rett til å bestemma. Derimot utfordrar dei eit parlament sin rett til å bestemma motstridande politikk på klimafeltet. Typisk at ein vedtar konkrete klimamål og samstundes fører ein politikk som gjer det umogeleg å nå dei same klimamåla.
Frå prøveboring til produksjonsløyve
Klimasøksmålet er tapt, og det er mange grunnar til det. Ein er at regjeringsadvokaten argumenterte for at løyve til prøveboring ikkje fører til utslepp. Det kan først skje etter at eit produksjonsløyve er gjeve. Tema for klimasøksmålet var berre lisensar til prøveboring, noko som gjorde koplinga til faktiske utslepp for svak i Høgsterett sine augo.
Poliserande argumentasjon fremmar ikkje ein open, demokratisk debatt
Det finst globalt knapt døme på at løyve til prøveboring ikkje automatisk fører til produksjonsløyve. Årsaka er at investeringane til prøveboring er så store at manglande automatikk vil føra til at oljeselskap vegrar seg for å prøvebora.
Når løyve likevel har vorte nekta, har det ført til store konfliktar og rettssaker med krav om erstatning. Dette går til dømes fram av boka «The Character of Petroleum Licences» frå 2020, med meg som medredaktør. Når Høgsterett likevel la vekt på den formelle forskjellen mellom lisens til prøveboring og produksjon, så må det få konsekvensar.
Poliserande argumentasjon
Regjeringa kan ikkje på eine sida krevja å vinna ei sak på eit argument som dei deretter seier ikkje er eit reelt argument. For sjølv om det er politikarane som bestemmer norsk olje- og energipolitikk, kan dei ikkje bestemma to ulike ting som ikkje går i hop.
Så håper eg det snart vert slutt på at politikarar som Tetzchner, Peter Frølich (H) og andre forsvarar norsk oljepolitikk med enkle demokratiargument og stemplar meiningsmotstandarar som aktivistar. Den typen poliserande argumentasjon fremmar ikkje ein open, demokratisk debatt.