Debatt

Opning av Brukerrommet blir hindra av lovverket | Ulstein, Bjørke og Langaas

  • Kjersti Ulstein
  • Marta Bjørke
  • Hanne Wenche Langaas

Brukerrommet ville heldt stengt denne perioden uavhengig av pandemi, skriv innleggsforfattarane. Foto: Rolf Øhman / Ingvild Sahl

Vi ønsker å opna Brukerrommet på Prindsens mottakssenter. Men dei tilsette er beordra til å jobba andre stader.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Prindsen mottakssenter, meir enn nokon, ønsker å opne Brukerrommet! Vi høyrer ropa frå ambulanseteneste, brukarar og engasjerte innbyggarar i Oslo. Vi ser at det injiserast under uverdige og utrygge forhold, og at anbefalt avstand ikkje er overheldt. Vi er alle bekymra. Likevel er Brukerrommet framleis stengt, og gjenopning er først 10. august. Vi ønsker å forklare kvifor.

Først litt historikk. Vi har lenge hatt kapasitetsproblem med kødanning og samlingar på gata. Med byggearbeida i Storgata er samlingane blitt større, og stemninga opplevast meir oppjaga. Forklaringane er samansette: Sprengt kapasitet, uoversiktlighet i forbindelse med gravearbeida og nærleik til miljøet i Brugata spelar sannsynlegvis inn.

Uavhengig av pandemien

Opning av Brukerrommet vil ikkje kunne ta unna samlingane vi no ser rundt Prindsen mottakssenter. Januar 2019 kom ei etterlengta lovendring der sprøyterom blei til brukerrom med mogelegheit for langt mindre helseskadeleg inntak via inhalasjon. Dette kravde ombygging og nytt ventilasjonsanlegg.

Bygginga var planlagt ferdig sommaren 2019, men har vore komplisert og gått i rykk og napp fram til pandemien kom. Arbeidet har gått for fullt sidan april, og Brukerrommet ville heldt stengt denne perioden uavhengig av pandemi. Brukerromslova krev med god grunn nærvær av helsepersonell – vi handterer i snitt ein overdose dagleg.

I likskap med Arne Skulberg i ambulansetenesta meiner vi at Brukerrommet i
praksis er del i akuttkjeda som bidrar til å førebyggje overdosedødsfall og skader som følger av pustestans. Brukerrom er imidlertid ikkje definert som ein lovpålagt teneste slik ambulansetenesta er.

Sprengd kapasitet

Så kom koronaen, og Brukerrommet, som andre polikliniske tenester, stengde. Mange av våre brukarar bur i institusjonar i vår etat. Over natta blei fastlege, legevakt og spesialisthelseteneste utilgjengelege. Vi, som andre, var redde for langvarig kollaps i ordinære tenester og frykta liv ville gå tapt.

Bekymringa er også stor for alvorleg forløp av koronainfeksjon hos våre og for at smitte vil spreie seg raskt i institusjonsapparatet. Velferdsetaten er ein sosialfagleg tung etat der mange institusjonar ikkje har helsepersonell. I løpet av få dagar blei sjukepleiarar frå mellom anna Brukerrommet beordra til å bistå bebuarar med akutt helsehjelp, medisinutlevering og smittevern.

De blei også beordra til etatens nyopna isolasjonseining for innbyggarar med koronasmitte og samtidig rusavhengighet, med tilbod om substitusjonsbehandling og døgnkontinuerleg helseoppfølging. Heldigvis har det ikkje gått som frykta, men pandemi er uføreseieleg.

Risikofylte injeksjonar aukar

Vår etat vurderer det ikkje som forsvarleg å avvikle desse tiltaka som varetar koronaberedskapen for rusavhengige i Oslo, før etter sommarferien. Feriekabalar i nye koronatiltak har derfor blitt lagt, og beordra helsepersonell har fått innvilga sårt tiltrengte veker ferie.

Vi har heile vegen ønska å tilby brukerrom – telt og mobile løysingar er greia ut, det er søkt etter sjukepleievikarar og vi har søkt Helse- og omsorgsdepartementet om dispensasjon frå ulike krav i brukerromslova. Svaret er at dette ikkje kan givast for opning av nye ikkje-fullverdige brukerrom, men at man kan drifte allereie lovmessige brukerrom der delar av tilbodet er stengt, dersom stenginga er grunngitt i smitteverntiltak.

Vi deler fortvilelsen over stengt brukerrom når smitten no går ned, og risikofylte injeksjonar på gata aukar. Men brukerrommet er under ombygging, alternative løysingar er ikkje i samsvar med lovverk, og når nytt brukerrom er klart, er personalet framleis beordra inn i koronatiltak.

Ønsker å opne fleire brukerrom

Der finnast ikkje lovheimel for å inndra ferie for drift av brukerrom slik det finnast for drift av ambulanseteneste. I mellomtida jobbar vi for å unngå overdosar og koronasmitte rundt huset. Tilsette er ute i miljøet, gir førstehjelp, opplæring i kameratredning og deler ut motgift. Trivselsvektertenesten er utvida. Vi tilbyr koronatest.

Men aller helst ønsker vi å opne brukerrom. Gjerne fleire. Mange nok til å gi
verdigheit og tryggleik til alle som vi no ser på gata.

Følg og delta i debattane hos Aftenposten meiningar på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Rusomsorg
  2. Koronaviruset
  3. Rusbehandling

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Kort sagt, lørdag 4. juli

  2. DEBATT

    Vi trenger professorater innen rettspsykiatri og rettspsykologi

  3. DEBATT

    La oss ikke sanere bort historien vår

  4. DEBATT

    Meiner Aftenposten verkeleg at dette er irrelevant å spørje om?

  5. DEBATT

    Hadde jeg vært en steril mann, kunne jeg blitt juridisk forelder

  6. DEBATT

    Vi trenger et mer fremtidsrettet Hjemmefrontmuseum