Debatt

Europa brenn | Bård Vegar Solhjell

  • Bård Vegar Solhjell

Europa er mitt kontinent. Eg har elska Europa sidan den første interrailturen i 1990.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Det som er felles: dei opne torga i dei gamle byane. Kyrkjene og kulturarven, opplysningstidas banebrytande idear.

Mangfaldet: kaffe i Italia, fotball på Upton Park. Ja, sjølv Brussel kan bli ein fin by over ein tallerken blåskjell.

Men no kjenner eg uro på eit vis eg ikkje har gjort i mitt vaksne liv. Europa brenn. Økonomisk, sosialt og politisk.

Så kom Brexit. Som så langt har skapt økonomisk usikkerheit og politisk leiarkaos i Storbritannia og medført omfattande politisk debatt i heile Europa. Det banebrytande med Brexit er ikkje det unikt britiske, men at det var uttrykk for kjensler og meiningar vi finn att over det meste av Europa. Det kan kome til ei valurne nær deg.

Difor er også kampen om fortolkinga i full gang. Er det klasseskilja eller innvandring som har skulda? Er det politikken i Storbritannia eller i EU som har vore for dårleg?

Eller kanskje, som eg trur, ein kombinasjon av alle desse.

  • Dette er tekst nummer to i Aftenpostens serie «Europa, hva nå?». Les den første, signert kunnskapsminster Torbjørm Røe Isaksen (H): Utopiene er døde, kaoset lever

Europa sit fast i ei nesten permanent sosial og økonomisk krise med låg vekst, høg arbeidsløyse og veksande ulikskap. Ungdomsarbeidsløysa er skyhøg i store delar av EU. I land som Tyskland, Spania og Italia auka knapt realløna på 2000-talet. Folk med vanlege middelklassejobbar – lærar, ingeniør regnskapsførar – kan oppleve at det år for år er litt tyngre å betale for tannlegen, barneidretten eller ferien. Det siste tiåret har realløna gått ned i Storbritannia samstundes som inntektene for dei rikaste har skote fart. Klasseskilja er særleg store der, men situasjonen er ikkje unik.

Det økonomiske tilbakeslaget fell i tid saman i tid med ein stor auke i innvandringa. Europa har gått frå å vere prega av utvandring til innvandring. I 1965 utgjorde innvandrarar om lag 2.2 prosent av folketalet i Vest-Europa. I dei fleste land er det 5-10-dobla sidan det, og det meste av befolkningsveksten i Europa kjem i dag frå innvandring. Migrasjon kan være konfliktfylt. I land som har stor innvandring kombinert med dårleg integrering og store klasseskilje har konfliktane – og problema – blitt særleg sterke. Storbritannia er blant dei, men situasjonen er ikkje unik.

Den europeiske flyktningkrisa har sett ny fart i den politiske diskusjonen om innvandring og integrering, men for Storbritannias del har høg arbeidsinnvandring vore langt meir problematisk. Det har auka konkurransen om manuelle jobbar som krev lite utdanning, og pressa lønnsnivået i allereie lågtløna bransjar nedover.

Det er sant at mykje av politikken som har skapt denne situasjonen, er blitt til i Storbritannia og andre nasjonalstatar. Men det er også sant at det er dei same nasjonalstatane som utgjer Den europeiske unionen, eit EU som i liten grad har skapt vekst, redusert klasseskilje eller handtert innvandringa. For mange land har den felles valutaen tvert imot bidrege til stagnasjon.

Eg har alltid vore (og er) motstandar av norsk EU-medlemskap, men erkjenner EUs historiske rolle i å skape fred i Europa og bygge ned barrierar for handel og investeringar. I dag er det vanskeleg å sjå kva EU bidreg med for det som er viktigast i Europa: å skape vekst, arbeidsplassar og økonomisk likskap og å lage fungerande løysingar på det som må løysast felles – som migrasjon.

Europeiske veljarar sin dom er førebels hard. Og no tenkjer eg ikkje på Russland og Tyrkia. Heller ikkje Ungarn, Polen eller Slovakia, men dei etablerte, vesteuropeiske demokratia. Statsvitar Anders Ravik Jupskås har sett på oppslutninga om høgrepopulistiske/høgreradikale/høgreekstreme parti i 15 vest-europeiske land. Partia har gått frå eit snitt på 2 prosent i 1985 til over 14 prosent i fjor. Nytt er at partia viser evne til å vinne val, folkerøystingar og få innverknad gjennom samarbeid med dei tradisjonelle høgrepartia.

Vi er heldigvis eit stort fleirtal som ikkje deler deira verdiar. Vi er å finne ulike stader til venstre og i sentrum av det politiske landskapet. Men vi fortener berre framgang om vi kan finne kraftfulle svar på dei reelle, og brennbare, problema Europa slit med i dag.

  1. Det sentrale europeiske prosjektet må bli å redusere sosiale skilnadar og skape arbeid til alle. Det må vere likskap sett ut i livet, ikkje berre prat. Alle progressive i Europa er for små skilnadar, men fakta har makta. Politikken har, i mange land, ikkje virka godt nok.
  2. Å konfrontere dei utfordringane høg innvandring og dårleg integrering har skapt i Europa. Ikkje ved å late som om ingen ting har skjedd, overta høgrepartia sin politikk eller snakke om noko anna. Men ved å snakke opent og skape løysingar basert på eige verdigrunnlag som svarer på uro for arbeidsplassar, religion og fellesskap.

Vanskeleg, seier du? Ja. Det vil ta tid? Ja. Då gjeld det å kome fort i gang.

Bård Vegar Solhjell - stortingsrepresentant, tidligere nestleder i SV og tidligere kunnskapsminister

Flere bidrag i artikkelserien «Europa, hva nå?»:

Les også

  1. Utopiene er døde, kaoset lever | Torbjørn Røe Isaksen

Les mer om

  1. Europa
  2. Brexit
  3. Brussel
  4. Storbritannia
  5. Italia
  6. Migrasjon