Ikkje alle får kome «heim til jul»

I disse førjulsdagane minner musikken på radiokanalar, strøymetenester, butikkar og kafear oss på lengselen etter å kome heim. Heim til jul, skriver Magnhild Sørbotten.

Nokon har ein heim dei gjerne skulle feira jul i, men får ikkje hjelpa dei treng.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Oslo er full av innflyttarar med eit sterkt hjarte for Oslo. Mange av oss har budd her i mange år og kallar med stoltheit Oslo for «min by». Likevel er det ofte andre plassar vi kallar «heime». I disse førjulsdagane minner musikken på radiokanalar, strøymetenester, butikkar og kafear oss på lengselen etter å kome heim. Heim til jul.

Når eg høyrer Chris Rea synge «Driving home for Christmas», ser eg ikkje for meg amerikanske motorvegar. Hos meg gir den minner om endeleg å nå ferja i indre Sogn etter timar i bil. Sjå tunge snøfnugg dale ned. Rusle inn i ferjesalongen i håp om at det skal vere svele att.

Høyre andre snakke som meg og tenke: «Etter eit par timar til på vegen så er vi alle saman heime til jul, heime hos foreldre, familie og venner.»

Aurora kjem truleg ikkje heim til jul

Det er mange Oslo-borgarar som har liknande bilete av kva som er «heim til jul», og kva som var «heim til jul». Dei fleste av oss har ein heim i Oslo vi heilt fint feirar jul i, og høyrer heime i. Alle har det ikkje slik.

For nokon er «heim til jul» minner om ein vond oppvekst. For nokon er det minner om eit krigsherja land og uro for dei som ikkje drog.

For andre er dette jula der det ikkje er økonomisk mogeleg å reise heim til jul.

Nokon har ein heim dei gjerne skulle budd i, og feira jul i. Men dei får ikkje hjelpa dei treng, for å bu der.

På Ullern helsehus i Oslo bur ME-sjuke Aurora (25) mot sin vilje – slik ho har gjort i ti månader, ifølgje ein NRK-artikkel. Det er lite truleg at ho kjem heim til jul.

For Aurora handlar det om langt meir enn å kome «heim til jul». Det handlar om å få bu i sin eigen heim, og det handlar om å få livet sitt tilbake.

Artikkelen fortel om at verken helsehuset eller bydelen tilbyr det ho treng. I staden mister ho meir og meir funksjonsevne. Statsforvaltaren har sagt at bydelen sitt tilbod ikkje er forsvarleg. Stortinget har vedtatt at folk under 50 ikkje skal bu på sjukeheim mot sin vilje.

Ser ikkje konkrete resultat

Vidare kan vi lese at den unge kvinna treng brukarstyrt personleg assistanse (BPA) på fulltid. Byråd for helse, eldre og innbyggertjenester Robert Steen (Ap) seier han ikkje kan gripe inn. Det er «vanskeleg» for ein byråd å gripe inn i enkeltsaker i bydelane.

Men byrådet har lang tradisjon for å lage standardar for korleis bydelane skal tildele og utføre sine tenester. Det lova Robert Steens byrådsavdeling i fjor haust å få på plass for nettopp BPA. Vi ser framleis ikkje konkrete resultat.

Det er heller ikkje første gang yngre folk er blitt langtidsplassert på sjukeheim i Oslo fordi ein bydel ikkje vil gi nok BPA. Ofte er løysinga å flytte til ny bydel.

For å få slutt på at folk må flytte internt i Oslo for å få dei tenestene dei treng, har Hassan Nawaz og Oslo Høyre foreslått at det blir oppretta ei felles tildelingseining for BPA for heile Oslo. Det er ein god start.

Dei fleste av oss får feire jul heime, sjølv om det kanskje ikkje blir «heim til jul». For Aurora handlar det om langt meir enn å kome «heim til jul». Det handlar om å få bu i sin eigen heim, og det handlar om å få livet sitt tilbake.

At unge folk blir fråteken dette, er eit politisk ansvar, både for Robert Steen, resten av byrådet, bystyret og bydelsutvala.