Løgna er enkel, sanninga kompleks | Merete Røsvik

  • Merete Røsvik
Forrige uke kritiserte Anki Gerhardsen Merete Røsvik (bildet), redaktør i tidsskriftet Prosa, for at Prosa ikke publiserte en bokanmeldelse av Halvor Foslis nye bok. Her svarer Røsvik på kritikken.

Denne saka kokar ned til kva den eigentlege årsaka var.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

I Per E. Hems innlegg i Aftenposten 14. juli har han blitt ein riddar for ytringsfridom. Han siterer e-postar eg har skrive tidlegare og vil med det bevise at eg lyg no.

Eg har på mi side prøvd å fortelje om ein vanskeleg prosess kor eg har vingla og ombestemt meg, og kor ulike omsyn har påverka kvarandre. Det er ingen enkel versjon av sanninga å selje inn.

Gjenforteljing og lovprising

Men la meg prøve ein siste gong ved å seie meir om kvifor denne saka har blitt så vanskeleg. Det første tekstutkastet Hem leverte, overraska meg med å ikkje innehalde stort meir enn gjenforteljing av innhaldet i boka og lovprising av Fosli som samfunnsdebattant. I realiteten var løpet køyrt alt då: Hadde eg refusert straks, ville vi truleg fått det same sirkuset som no.

Eg gav Hem ei lang tilbakemelding der eg prøvde å få han til å gå grundigare til verks i vurdering av innhaldet i boka. Responsen på neste utkast, som Hem siterer, vart skriven fort og gale, i rein lettnad over at han hadde levert noko som likna ei normal bokmelding med både ros og ris. Det var ikkje ein slik grundig gjennomgang som eg hadde håpt å få, men han hadde tatt til følgje fleire av innspela frå meg, så eg syntest at eg måtte publisere.

Spare oss for ubehaget

Resten av historia er kjend. Men la meg understreke: Uansett kva eg måtte ha tenkt om Hems tekst og det å gi merksemd til Foslis bok på førehand, så vart saka i realiteten avgjord då alle i redaksjonsrådet meinte at bokmeldinga var for dårleg. Eg vurderte å publisere berre på nettsida, dei rådde meg frå det.

Kvifor gav eg ikkje straks heile forklaringa til Hem? Det banale svaret er: For å spare oss begge for ubehaget. Dei etterfølgande hendingane har kasta ein grell ironi over dén dårlege vurderinga. Det var også uheldig fordi det gav feil inntrykk av kva medlemmene i redaksjonsrådet hadde skrive til meg.

Det er forresten ikkje berre eg som har skifta syn undervegs. Hems første svar på refusjonen 7. mai var slik: «Det synes jeg var kjedeleg, men det er jo du og redaksjonsrådet som bestemmer slikt. Men jeg er ikke surere enn at om du spør meg om å anmelde eller skrive noe for Prosa senere (som ikke er fra Document.no eller «alaramistisk»), gjør jeg gjerne det.»

Rett å refusere

Først elleve dagar seinare fekk eg brevet der Hem kjente seg så dårleg behandla at han ville ha dobbelt honorar. No seier han at han ville ha gjort ei prinsippsak av refusjonen sjølv om han hadde fått innfridd kravet. Der har vi moralens vaktar, altså. Kva ville vinklinga ha blitt? «Prøvde å betale seg ut av sensurskandale»?

Etter å ha sett nærare på boka til Fosli, er eg endå sikrare på at det var rett å refusere. Her er nokre tilfeldige døme på slikt eg ville ha forventa at ein skarp lesar merka seg:

Frå forordet: «Hundrevis av millioner mennesker har krav på asyl her i landet om de bare klarte [sic] å ta seg til grensen.»

Hundrevis av millionar? Her snakkar vi altså om ein stad mellom 200 og 999 millionar menneske som potensielt har krav på opphald Noreg. Var det ingenting å seie om ei slik talfesting?

Litt etter slår Fosli fast: «Vi vet nå at det ikkje var mennesker med mange ressurser som kom i 2015». Kjelda i note 4 viser seg å vere ein artikkel på nettstaden Gjenstridig.no, skriven av Nina Hjerpset-Østlie som har bakgrunn frå Document.no og Rights.no. Faktagrunnlaget kjem frå svenske avisartiklar. Skal tru om norske forskarar «veit» det same?

Ikkje verd å kommentere?

Foslis definisjon av ein nordmann ekskluderer først alle som ikkje har norske forfedrar, med unntak av adopterte, og sidan alle som ikkje fullt og heilt legg bak seg kulturen og religionen dei kjem frå – helst gjennom å gifte seg med ein etnisk norsk. Ut med trusfridom, altså.

I siste kapittel: «Behring Breiviks massedrap 22. juli 2011 og Philip Manshaus’ rasistisk motiverte drap på sin adopterte stesøster og forsøk på massedrap i ein moské i Bærum den 10. august 2019, har (forståelig nok) flyttet fokus vekk frå det egentlige, politiske problemet: masseinnvandringen og dens konsekvenser. I stedet har mye debatt handlet om et fåtall norske rasister og terrorister.»

Manshaus’ ugjerning blir så gjort til spørsmål om psykiatri aleine, og det blir understreka at han ikkje på nokon måte var påverka av norske tilhøve, berre av internasjonale nettstader. Dette slår Fosli altså fast hausten 2019, medan rettssaka mot Manshaus først starta i mai 2020. Heller ikkje noko av dette meinte Hem det var verd å kommentere.

Som redaktør er eg i min fulle rett til å refusere tekstar til Prosa, denne saka kokar difor ned til kva den eigentlege årsaka var. Samtidig har kritikarane tydelegvis bestemt seg for at sanninga er enkel: Både eg og redaksjonsrådet lyg for å redde omdømet vårt. Det får eg ikkje gjort noko med.

Eg håper berre at det framleis finst folk som skjønnar at ein i pressa situasjonar kan gjere dårlege vurderingar, ta forhasta val, søkje råd og ombestemme seg.


Vil du lese mer? Ta en titt på disse:

Les også

8. juli: Anki Gerhardsen: De intolerantes seiersgang

Les også

13. juli: Ytringsfridom handlar om at redaksjonar skal vere frie og stå imot ytre press

Les også

14. juli: Tidsskriftet skaper en innskrenkende ytringskultur


Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter