Debatt

Eit visst vedtak om ulv sette fyr i Facebook-feeden min i går. Idiotar der óg. Så mykje idiotar. | Ånond Vesaas

  • Ånond Vesaas, Vinje i Telemark

Hipsterane i byen og medlemmane i ekstreme verneorganisasjonar får høyra det av innleggsforfattaren. Beklagar å seia det byfolk, men #utanbondenvilbyendøy, skriv Ånond Vesaas. Per Løchen // cunaplus / Shutterstock // Privat

Ekstremisme er sjeldan bra. Heller ikkje når det kjem til dyrevern.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Når eg først skal bryte mitt eige forbod mot innlegg i hårsåre tema i sosiale (og andre) media, så skal eg passe på fornærme så mange som råd. Og eg dreg alle under ein kam. Særleg byfolk. Alle som er ueinige med meg, blir heretter omtala som byfolk. For no skal eg forklare korleis ting heng saman. På ein måte som kanskje ikkje heng saman i det heile ...

Eit visst vedtak om ulv sette fyr i Facebook-feeden min i går. Idiotar der òg. Så mykje idiotar. Frå begge sider av saka. Så då skal eg forklare kvifor du er ein idiot. Men når eg først er i gang, tar eg for meg langt meir enn ulv! For alt heng saman. Kanskje. På ein måte …

Fakkeltog for ulven, men reinen drit dei i

Men me kan like godt starte med det mest hårsåre av alt: Ulven. «Ulven var her først», skrik folk stadig i denne diskusjonen. Ja vel, kanskje det. Men det var vel i tilfelle berre med nokre dagars forsprang, sidan dei har fire, og me to bein. Dei kom hit ifrå Frankrike av same grunnen som oss sjølv for om lag 12.000 år sidan: Reinen.

I dag reddar du verda og blir popstjerne på Instagram. Men majoriteten et framleis kjøt. Berre dei slepp å stelle seg til kor det kjem ifrå, skriv Ånond Vesaas i dette innlegget. Les heilt ned! Privat

Og der er me allereie over på ei anna side av saka.

Me har den sørlegaste og bortimot einaste villreinstamma i verda. Og den slit. Den slit fordi me ikkje gjev den plassen den treng. Me skal ha vegar, og ikkje minst hytte på fjellet.

Byfolk (ja, eg dreg som sagt alle over ein kam) skal ha hytte på fjellet. Dei same byfolka som går i fakkeltog og møter opp i hordar utanfor Stortinget for å verne ulven. Men om reinsimla ikkje får kalve i fred fordi hytta deira står i vegen, drit dei i.

Rein er ikkje like kult å meine noko om som ulven. Rovdyr generelt er mykje viktigare for folk enn alt anna vilt. Eller buskap.

Nævra, Arne

Eit anna mykje bruka argument, er at i gamle dagar greidde folk å passe på dyra sine, og dei gjette dei sommaren igjennom. Kvifor kan ikkje dei jævla bøndene i dag også gjere det?

Ja, i gamle dagar passa dei kanskje betre på dyra sine. Men dagens landbruk kan ikkje samanliknast med det for 150 år sidan. Då hadde dei nokre få sau og kyr, og det var næringsgrunnlaget deira. Sjølvsagt passa dei på dei! I dag må bønder ha mange gonger så stor buskap, og endå tener brorparten for lite til å kunne livnære seg berre av den. Og det er klart dei tener lite, og det er vel berre rett, for me vil då vel ikkje betale for maten?

Nei, takke seg til ei flaske med vatn for 40 kr, enn at mjølka skal runde tiaren!

Så i staden for å gjete, jobbar bøndene med andre ting, samtidig som dei ordnar vintermat for dyra om sommaren. Slik at eg og du kan få oss omtrent gratis fårikål til hausten.

Kaup heller importvare! Det er logisk...

Veit du, nokre plassar finst det faktisk framleis folk som gjeter og har tilsyn med buskapen heile sommaren! Men kva om dei faktisk gjer som dei gjorde i gode gamle dagar? I desse gamle dagane skaut ein gjetar bjørnen så fort han fekk sjansen, og blei hylla som ein helt! I dag blir du drapstruga. Då skulle ein visst ikkje gjera som i gamle dagar likevel.

Det er berre på den romantiske sida ting skal vere som i gamle dagar. Så då (ulve-)hyler me at me heller skal boikotte norsk sauekjøt.

Ja! Kaup heller importvare! Det er logisk i desse dagar som miljøvern er så på moten. Eit lam importert ifrå New Zealand er god miljøpolitikk. Så drit me i same draget i at ingen i heile verda har like god dyrevelferd og mindre antibiotikabruk i landbruket enn Noreg. Det drit me i så lenge ikkje dei blodtørstige bondejævlane får selt lammet sitt. For ulven er viktigare.

Ekstremisme er sjeldan bra. Heller ikkje når det kjem til dyrevern

Jegerane er ikkje noko betre, dei. Ofte er folk både bonde og jeger, det er dei verste. Dyrevern er viktig og bra, men ekstremisme er sjeldan bra. Heller ikkje når det kjem til dyrevern. Dei galnaste meiner ingenting skal drepast i det heile. Dyr og menneske er likestilte. Dyr har kjensler på lik linje med oss. Ja vel.

Om eg slår i hel ungane dine på mest brutalt vis rett framfor augo dine, vil du liggje med meg eit par veker etterpå? Ikkje? Det gjer bjørnen.

Ikkje heilt på lik linje likevel, då. Overleve og reprodusere er stort sett det dyr bryr seg om.

Men dyrevern har blitt moderne. Ingenting sel så godt som sex og dyrevern. Helst ein kombinasjon! Dyrevern genererer likerklikk og kling i kassa til kjendisar og rosabloggarane så det susar etter. Og om du tillegg kastar deg på trenden og blir vegan, då er du moderne då!

Popstjerner og bygdetullingar

For det er det det er. Mote. Eit resultat av at me er rike og bortskjemte. Me kan koste på oss å vera vegan. Var du vegan for hundre år sidan, daua du.

I dag reddar du verda og blir popstjerne på Instagram. Men majoriteten et framleis kjøt. Berre dei slepp å stelle seg til kor det kjem ifrå.

Ein jeger som postar eit bilete av ein daud rein frå Hardangervidda, der me jakta rein for å overleve for maaange tusen år sidan også, er ein sjuk jævel. Så passar folk på å forklare han det. Men når nokon postar bilete av ein indrefilet av rein servera på eit delikat fat på Ekebergresturanten, då er det #foodporn.

Sama reinen. Like daud. Og når dei har fortært reinen som dei heldigvis har sloppe å stelle seg til at faktisk ei gong har vore i live, men som ein eller anna sjuk bygdetulling har skote, stikk dei ned til Stortinget for å demonstrere mot at bygdetullingane vil skyte ulv. Før dei stikk innom McDonalds for ein liten burger fyra dei skal leggje seg.

Den hamnar kanskje ikkje på Instagram som #foodporn, men den har faktisk vore i live ei gong den og.

Du skal ikkje sjå bort frå at det er ein av dei skytekåte bygdetullingane som har sytt for den burgaren òg. For eg var faktisk tre-fire timar i Oslo for nokre dagar sidan, og eg såg ikkje ei einaste kyr eller ein einaste kornåker på verken Karl Johan eller Aker Brygge. Men eg såg mykje varer som kom frå distrikta. Stort sett alt etande, trur eg.

Beklagar å seia det byfolk, men #utanbondenvilbyendøy. Hardt arbeidande bønder som ikkje får anna enn kjeft og dårleg betaling i retur, syter faktisk for at du kan bu i byen.

For kva produserast der? Ikkje ein drit! Eller, jau, mykje drit.

Politikken som blir ført i dag avfolkar distrikta

Verneorganisasjonane har blitt mange, store og sterke. Dei får med seg kjendisar og fine folk i kampanjar. For det er populært. Moderne. Og ei jente på 14 år som aldri har reflektert noko særleg over alt dette eg har raljera om her, fordi ho aldri har vore utanfor asfaltkanten og aldri vore lenger nord enn IKEA på Furuset (ja, eg generaliserer framleis), er sjølvsagt eit enkelt offer for desse organisasjonane. Noko som er lett å forstå.

Eit bilete av eit par søte små ulvekvalpar, og eit av ein som ligg i ein blodpøl, så har dei fått inn nok ein medlemskontingent. Men kjære, dumme, vesle 14-åring. Tenk! Tenk i alle fall bitte litt over tingas tilstand og over korleis ting faktisk fungerer i den verkelege verda før du betalar. Politikken som blir ført i dag avfolkar distrikta (ikkje berre på grunn av ulven, altså). Vil du det?

Det kan då vel ikkje vere moro for byfolk å reise på hytta på fjellet heller då, når alle bygder og grender er som attgrodde spøkjelsesbyar?

Vil de ha nasjonalromantikken på ferie, må de tole at det bur folk der resten av året, og gjer det dei må for å bu der. Det finst faktisk folk som bur til dømes i Østerdalen i Hedmark frivillig. Men om dei verken kan drive med skog og jordbruk eller jakt, kva faen skal dei ta seg til då? Då er det faktisk ikkje meir å drive med oppi der… Det går ut over livskvaliteten deira.

Landbruk, jakt og fiske er grunnen til at det bur folk på slike plassar. Deira livskvalitet er ikkje mindre verd enn dei som sleng gatelangs i byen sin.

Eg trur faktisk at livskvaliteten til folk som bur litt grisgrendt til, og framleis med ein snev av kontakt med naturen, er betre. Om ein ser på verdshistoria som eit døgn, er det dei smeiste par minuttane, kanskje sekundane, at me ikkje har vore avhengige av jakt for å overleve.

Ifølgje SSB vart resultatet av jakta i sesongen 2012/13 nok kjøt til å servere heile Oslos befolkning middag kvar dag i 28 dagar! Då snakkar me mykje miljøvenleg og økologisk mat! Eg seier ikkje at me skal utrydje verken det eine eller andre.

Eg har ikkje løysinga på dette. Men at hippiane og hipsterane i byen og medlemmane i ekstreme verneorganisasjonar skal ha det?

Ikkje faen.

God jol!

Innlegget blei først publisert på forfattarens Facebook-side

Delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Ulv
  2. Jakt
  3. Miljøpolitikk
  4. Miljøvern
  5. Dyrevern

Relevante artikler

  1. FOTBALL

    I ei lita bygd på Sotra vaks dei opp 50 meter frå kvarandre. I helga skal begge spele cupfinale.

  2. KRONIKK

    Sørlandsby til sals! | Siri Holmboe Høibo

  3. SPORT

    Phillip (11) turnar tre og ein halv time om dagen. Målet er OL i 2028.

  4. SID

    Du er potensiell gratis reklame for ein miljøversting

  5. SID

    Gleda over å verte 18 forsvann da eg ringde blodbanken og ville gi blod

  6. A-MAGASINET

    «Det skal så utrulig lite til å sjå ut som om du har greie på det du snakkar om»