Debatt

Framand i eige liv | Åshild Ulstrup

  • Åshild Ulstrup
Den tekniske utviklinga går så raskt at me ikkje får snudd oss før det nye me endeleg fekk skaffa oss, er blitt gamaldags. På ein-to-tre kom teknikken som snudde opp-ned på vårt daglege liv i ein rytme som ikkje høyrer alderdomen til, skriv Åshild Ulstrup.

Så lenge me held oss på beina og hovudet fungerar, er det langt betre å vera gamal i dag enn då eg starta som journalist i 60–70-åra.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Eldresentre, seniorakademi, senioruniversitet, seniorreiser, veteranklubbar, pensjonistmøter og også seniorkurs i språk og data – det er så mykje - og så mange stader å møtast som eldre. Gamle er ikkje gamle på same måte som tidlegare. I vårt maskinstyrde samfunn møter me sjeldan dei gamle slitarane.

Men så skjedde det. På ein-to-tre kom teknikken som snudde opp-ned på vårt daglege liv i ein rytme som ikkje høyrer alderdomen til.

Sjølv om eg veit at interesserte gamle kan ta dette nye like raskt som ungdomen, meiner eg at altfor mange av oss slit med dette digitale og arrogante kappløpet som gjer oss avhengig av andre.

Tastar til vårt daglege liv

Rollane har snudd. Unge, ja sjølv born, sit med tastane til vårt daglege liv.

Mange av oss kjenner oss hjelpelause og tvinga til noko me ikkje hadde tenkt å bruka våre siste dyrebare år på. Dette noko som får oss til å kjenna oss utanfor vår eiga tid!

Det skaper ikkje berre frustrasjon, men gjer også noko med synet på oss sjølve – og slik me formidlar alderdomen til dei unge.

Det er vondt å ikkje lenger kunne ordna opp i eigne saker slik me alltid har gjort.

Den tekniske utviklinga går så raskt at me ikkje får snudd oss før det nye me endeleg fekk skaffa oss, er blitt gamaldags. Som andre oppegåande vil dei fleste av oss vera med i alt som hender rundt oss, men altfor mange eg har snakka med, fortel om vanskane det fører med seg å vera avhengig av yngre krefter eller framande og kostbare hjelperar.

Meir ulike enn nokon gong

Dei fleste av oss har greidd oss med handskrifta vår gjennom livet og hadde trudd at me kunne koma oss gjennom den siste fasen utan ein PC og eit nettbrett også.

Difor vegrar me oss for å avsløra at me ikkje fylgjer heilt med i denne stadige teknologiske ny-tenking – som ber oss om å gå inn på nettsida til den og den – også når det gjeld saker som er naudsynte for oss. Som om me alle er med!

Me som er blitt gamle, veit at i denne siste fasen av livet, er me meir ulike enn nokon gong tidlegare.

Alderdomen kan vera vanskeleg nok i seg sjølv med ulike plager - mens andre kan få oppleva ein uventa og frigjerande vår.

Samfunnet sitt syn på alderdomen – kan det ha noko å seia for den manglande kunnskapen om gamle? For der ligg me jo alle i denne veldige bølga som lurer der ute og som snart skal feia innover landet og øydeleggja for komande generasjonar.

Det er ikkje kjekt å bli liggjande i den.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter


Les også

  1. Vi vil ha en verdig alderdom | Sigrid Wisløff

  2. Neste generasjon får regningen når vi venter med å tøyle inn velferdsstaten | Ola Storeng

Les mer om

  1. Ungdom
  2. Generasjon
  3. Digital