Religiøs fotballkultur? | Jon Langdal

  • Jon Langdal
Franske fotballsupportere feirer seieren mot Belgia.

Fotball og annan massesport har å gjere med noko så banalt som identitet.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Eg trur så gjerne at Rune Slagstad har rett når han i Aftenposten 10. juni karakteriserer den internasjonale fotballorganisasjonen FIFA som ein mafia, eit Cosa Nostra, og han gir slåande søme på konspirasjonar, der mellom andre mektige bossar som Sepp Blatter Nicolas Sarkozy opptrer. Men så kastar Slagstad seg ut i ein heller svevande «diskurs» om mogelege religiøse aspekt ved fotballkulturen. Her blir det straks tyngre å følgje med. Og det hastar med ei avklaring no like før VM-finalen.

Jon Langdal er kritiker og pensjonert lektor i norsk, fransk og filosofi.

I mangel på argument allierer Slagstad seg med sitt einaste og avgjerande sanningsvitne: Einar Gelius, sokneprest i Vålerengen (fram til 2010), og i si tid den nye kapellanen for fotballaget, og som frå den lokale preikestolen visste å påkalle høgare makter når sjølvkjensla i Guds utvalde (eller uttatte) lag måtte stivast opp i den tøffe nedrykksstriden.

Han framhevar at fotballkulturen er bygd på sterk tru. Sant og visst, men på kva? På overjordiske supporterar og sponsorar, eller på lagoppstillinga, spelestilen, skåringsevna og sigersviljen?

Les også

Britiske medier har mobbet fotballspillere i årevis. Hva skjedde da de sluttet med det?

Kvifor tar ikkje Slagstad fatt i indikasjonar om religiøsitet ved årets VM, og som ligg snublande nær, så som at (Victor) Moses kjempa for Nigeria, Mohamed (Salah) for Egypt og Jesus (Gabriel) for Brasil? I 1986 var til og med Gud sjølv på banen med si hand, signert apostelen Maradona. Elles i året kan vi sjå The Saints’ underverk i Southampton og The Red Devils’ herjingar i Manchester United!

Les også

Trump og Putin kjøpslår om å hindre verdenskrig. Men først må presidentene bare spille golf og se fotball-VM.

All erfaring, inklusivt introspeksjonen, tyder på at fotball og annan massesport har å gjere med noko så banalt som identitet. Og kva i menneskesinnet skulle stikke djupare enn den? Synet av ein gråtande fireåring frå Uruguay etter fedrelandets tap mot Frankrike seier det meste om identitet, om patriotisme, om å høyre til eit kollektiv. Slagstads omgrep om det verdslege er for tørt.