Debatt

Frå Halleluja til Blå salme. 150 år med norske salmebøker. | Kari Veiteberg og Anders Aschim

  • Kari Veiteberg
    Biskop i Oslo
  • Anders Aschim
    Professor, Høgskolen i Innlandet
Salmebøker under skolegudstjeneste i Leinstrand kirke. Kva er det med denne gamle songforma som framleis appellerer? spør innleggsforfatterne.

Skal ein setje opp ei bestseljarliste for heile 500-årsperioden med trykte bøker, er salmeboka vinnaren.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I 2019 feirar norske bibliotek nasjonalt bokår for å markere at det er 500 år sidan dei to første norske bøkene blei trykte. No i oktober er Noreg gjesteland ved bokmessa i Frankfurt, ei viktig internasjonal markering av norsk litteratur.

Same dag som bokmessa opnar, kan Den norske kyrkja markere at det er 150 år sidan godkjenninga av den første offisielle norske salmeboka, M. B. Landstads Kirkesalmebog, 16. oktober 1869.

Klart største bokgruppe

Det var danske salmebøker som var i bruk i norske kyrkjer fram til Landstad fekk godkjent si Kirkesalmebog. Sjølve boka var ikkje ferdig frå trykkeriet før på nyåret i 1870, så den formelle jubileumsfeiringa for norsk kyrkjesong kjem først neste år. Men alt ved påsketider i 1869 kom det ut eit lite hefte som få la merke til. Nokre Salmar. Gamle og nye, stod det på tittelbladet.

Dei følgjande åra kom det nye og utvida utgåver, men først i 1891 sette diktaren, professoren og politikaren Elias Blix namnet sitt på tittelbladet. Året etter fekk kyrkjelydar som ønskte det, høve til å bruke Nokre Salmar som salmeboktillegg.

Kari Veiteberg, er biskop i Oslo. Anders Aschim er professor ved Høgskolen i Innlandet.

Skal ein setje opp ei bestseljarliste for heile 500-årsperioden med trykte bøker, er salmeboka vinnaren. Historikaren Jostein Fet har brukt arveskifte for å finne ut kva for bøker folk hadde i sørnorske bygder på 1700-talet. I regionane han studerte, var salmebøker den klart største bokgruppa. Og da Eilert Sundt, pioneren i norsk samfunnsforsking, i 1855 undersøkte levekåra i arbeidarbydelar i hovudstaden, fann han salmebøker i 92 prosent av heimane, ofte som den einaste boka folk eigde.

Mer enn ei kyrkjebok

Salmeboka var ikkje berre ei kyrkjebok. Den var òg kvarmanns diktsamling, songbok, lærebok og bibel. Før 1850 hadde dei færraste heimar ein bibel, men dei fleste salmebokutgåver hadde med dei bibeltekstane som blei lesne i kyrkja om søndagane.

Det er berre 150 år sidan salmeboka blei norsk. Landstad og Blix står framleis som søyler i norsk litteratur gjennom sine eigne salmar, som «Jeg løfter opp til Gud min sang» og «No livnar det i lundar».

Landstads salmebok gav dessutan rom for eldre norske salmediktarar som aldri hadde vore representerte i danske salmebøker, som Petter Dass.

Blix skreiv på landsmål, den målforma vi i dag kallar nynorsk, og bidrog vesentleg til utviklinga av eit eige norsk skriftspråk. Kirkesalmebog og Nokre Salmar er merkesteinar i norsk kulturhistorie og språkhistorie.

Frå utøvarar til konsumenter

I dag er det andre bøker som dominerer norske bokhyller. Det er ikkje så mykje salmesong i norske heimar og skular meir. Jula er rett nok framleis ein salmens høgsesong, med stadig nye versjonar av kjende salmar i julekonsertar og på juleplater frå populære artistar. Men fellessong er det mindre av. Vi har blitt konsumentar meir enn utøvarar av song og musikk. Kyrkja og gudstenesta er mellom dei få stadene der allsong framleis står sterkt i det norske samfunnet.

Norsk salmebok 2013, den nyaste salmeboka for Den norske kyrkja, har likevel den optimistiske undertittelen «For kyrkje og heim».

Ei novemberhelg i 2014 blei maratonsendinga «Salmeboka – minutt for minutt» på NRK 2 ein uventa sjåarsuksess. I løpet av 60 timar song 200 kor frå ulike stader i landet seg gjennom alle 899 salmar i boka. I løpet av helga var 2,2 millionar sjåarar innom denne sendinga.

Kva er det med denne gamle songforma som framleis appellerer?

Kulturarv er ei mogeleg forklaring. Salmeboka inneheld songar som har vist seg slitesterke gjennom generasjonar, ja, hundreår. Salmeboka er den staden der kyrkja held kontakt med heile historia si, frå dei eldste tider til våre dagar. Det gjeld tone like mykje som tekst, frå gregoriansk song via tradisjonelle koralmelodiar og norske folketonar til heilt nye musikalske uttrykk.

Les også

Kirkelige aktører må lage tydeligere kjøreregler for hva en gravferd skal inneholde og hva som ikke er greit

Setter ord på alt menneskeleg

Men salmeboka er meir enn eit museum for kulturarv. Også kyrkjesongen må gå inn i si tid. Da Landstads salmebok blei revidert på 1920-talet, kom det inn ei avdeling «åndelege songar» med tekstar og tonar frå vekkingsrørslene. Eldre salmebøker var sterkt dominerte av den tyske og dansk-norske lutherske tradisjonen.

I nyare tid har mangfaldet kome stadig tydelegare til uttrykk, gjennom salmar frå engelsk språkområde, latinamerikanske, afrikanske og asiatiske songar, og salmar på samiske språk og kvensk. Også songar med gospel- og visepreg har fått plass. Trygve Hoffs «Nordnorsk julesalme» og Erik Byes «Blå salme» er døme på det siste.

Den viktigaste kvaliteten ved salmeboka ligg likevel ein annan stad: I evna til å setje ord på alt menneskeleg, til å gje menneske ord ein kan bruke til og med når ein sjølv blir ordlaus. Salmeboka rommar spennet frå fortvilinga i «Av dypest nød jeg rope må» til ekstasen i «Glade vi vil vårt halleluja kvede», frå tilliten i «Fager kveldssol smiler» til ettertanken i «Blå salme». Salmeboka er ei bok for heile livet.

Delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Salmar
  2. Gospel
  3. Kirkesamfunn