Debatt

Liv Signe Navarsete: Eit angrep på det norske folkestyret

  • Liv Signe Navarsete

For Høgre og Frp må TISA-avtala fortone seg som ein våt draum. Desse partia ynskjer å selje ut større deler av Noregs eigedom, skriv Liv Signe Navarsete. Håkon Mosvold Larsen

Mykje tyder på at det kan bli naudsynt å krevja folkerøysting om TISA-avtala.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Noreg deltek i desse dagar i forhandlingar om TISA-avtala. Dette er ei internasjonal avtale som omhandlar handel med tenester, der det er forhandlingar mellom 22 partnerar (inkludert EU) og 50 land.

Prinsippa for TISA-avtala er på mange område lik målet med eit EU-medlemsskap, nemleg å fjerne nasjonale reguleringar.

Trass i streng løyndom, tyder lekkasjar på at avtala mellom anna er tenkt å ha to klausular: Standstill— og ratchet-klausulane.

Desse klausulane vil hindre Noreg i å reversere tidlegare konkurranseutsetting av ein gitt marknad, sjølv om ein skulle sjå uheldige resultat av ei slik liberalisering. Vidare vil Noreg binde seg til at framtidige regelendringar alltid skal skje i ytterlegare liberaliserande retning.

Juridisk forplikta

TISA-avtala fører til at Regjeringa og Noreg vil vere juridisk forplikta til aldri å ta inn att ei teneste i offentleg regi når den først er konkurranseutsett.

Eit døme på konsekvensane er når regjeringa no vil privatisere posttenestene i Noreg.

Privatisering av postleveransane vil gjere det dyrare å sende post utanfor Oslo, og vil spesielt skade arbeidsplassane og busettinga i norske distrikt.

TISA-avtala vil gjere Noreg juridisk forplikta til aldri å gjere postleveransane til ei offentleg teneste i offentleg regi att, uansett kor mange arbeidsplassar som går tapt utanfor Oslo som følgje av privatiseringa frå dagens regjering.

En våt draum

For Høgre og Frp må TISA-avtala fortone seg som ein våt draum. Desse partia ynskjer å selje ut større deler av Noregs eigedom.

Eit døme er Flytoget, som kvart år sida 2006 hatt overskot på over 100 millionar kroner. Dette har gitt rom for blant anna fleire sjukeheimar, skular og vegar i Noreg.

Likevel vil Regjeringa selje Flytoget, gjerne til utanlandske eigarar. Høgre sin stortingsrepresentant, Linda Hofstad Helleland, har sagt at det er viktig for Høgre å selje unna Flytoget raskt. Helland har slått fast at Regjeringa skal «skvise så mye tannkrem ut av tuben» at ei ny regjering ikkje får gjere om att på Regjeringa si privatisering av felles eigedom.

Med TISA-avtala trong ikkje Høgre lenger å frykte valet i 2017. Noreg vil uansett verte overstyrt av utanlandske juristar, slik at vi får meir privatisering og mindre samhald.

Hemmelege forhandlingar

Forhandlingane om TISA-avtala er hemmelege, utan at det vert gitt tydeleg uttrykk for årsakene til det. Det er avgjerande at folk får informasjon om kva som no skjer.

Sentrale klausular må fram på bordet og diskuterast. Folkevalde må legge grensar for kva Regjeringa kan forhandle om.

Leiar av Fagforbundet, Mette Nord, meiner at kampen mot Tisa-avtala blir like viktig som EU-kampane i 1972 og 1994, og har kravd folkerøysting om avtala. Mykje tyder på at dette kan bli naudsynt.

Det norske folk har tidlegare vist at dei både kan og vil vinne kampen for nasjonalt sjølvstende.

Les også:

  1. Les også

    Kinesere vil kjøpe T-banen

  2. Les også

    Solberg og Støre sier spørsmålet er «uaktuelt». Det er politikerspråk for å «vente og se, og håpe at tidevannet snur».

  3. Les også

    Handelsavtale mellom USA og EU vil ramme norsk fisk

Les mer om

  1. Debatt
  2. Handel
  3. Politikk
  4. TISA-avtalen

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Noreg må stå opp for Europas domstolar | Eirik Holmøyvik

  2. DEBATT

    Musea og den vanskelege samtida

  3. DEBATT

    Smittestopp-appen kan bli god butikk

  4. NORGE

    – Jeg våger knapt å fortelle hva jeg jobber med. Det er blitt en skam, føler jeg.

  5. KRONIKK

    Få såg resultatet kome. Kvifor stemte så mange på Sinn Fein?

  6. KRONIKK

    Romanen som både førte til ein nobelpris i litteratur og langt på veg ein fredspris | Ole Våge