Debatt

Bjørn Stærk bør be meg om orsaking. Det kjem neppe til å skje. | Jon Hustad

  • Jon Hustad, journalist i Dag og Tid

Store nedbørsmengder førte til flom i Reed i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane og flere andre steder på Vestlandet i forrige uke. Klimaendringer vil gi hyppigere styrtregn som brått endrer elveløp med katastrofale følger for mennesker og natur. Sandnes, Runar / NTB scanpix

Eg kan ikkje koma på eit einaste tema eg har skrive meir om i Dag og Tid enn klima.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Bjørn Stærk er ei særmerkt plante i norsk åndsliv. Han har makta å verta fast spaltist i Aftenposten utan å kunne lesa. Få har fått til slikt før. I helga, 30.juli, skreiv han ein lang kronikk i avisa. Kronikken heiter Blå klimastilhet og handlar om at vi som visstnok er konservative her til lands, stort sett ikkje snakkar om klima.

Om vi seier at det mest viktig kjem fyrst i ein artikkel og det minst viktige kjem til slutt, er eg ein viktig mann.

Det viser seg at eg har for eit svensk tidsskrift har skrive ein større artikkel om norsk økonomi før valet. «Klimapolitikk ble ikke nevnt, ikke engang som en trussel», skriv Stærk i starten. «Du lærer mye om folk av hva de snakker om, enda mer av hva de ikke snakker om. Høyresiden i Norge snakker ikke om klimapolitikk.»

APs stortingsprogram

Stærk har lagt ut ei lenkje til artikkelen min på svensk. Der siterer eg mellom anna Arbeiderpartiets Stortingsprogram om klima: «offentliga investeringar skall användas för att etablera nya marknader för skog och träprodukter i Norge (…) säkra strategiskt ägarskap och riskkapital i skogsindustrin genom bland annat Invesinor (…) öka Enovas fond för klimatteknologi, förnybar energi och energiomläggning till 100 miljarder kronor.»
Eg spår vidare at Høgre og Frp, for å koma Venstre i møte i klimapolitikken, kan vera viljgue til å gje Lofoten varig vern. Men skriv eg òg: «Dessutom tillkommer det gröna problemet: (…) särskilt Venstre, vill framstå som motståndare till oljeindustrin och den stora utvinningen av olja och gas som Norge planerar framöver. Men också här kommer det att vara stödparti till ett pris. Denna regering, med Frp i spetsen, har öppnat de enorma fälten i Barentshavet för borrning.»

Orsaking

Stærk kan ikkje ha forstått artikkelen min. Han har neppe googla meg heller: «Jon Hustad» og «klima» får 2090 treff. Aftenposten har tilgang til det norske avisarkivet Atekst: Der får ein vita at eg har skrive mellom hundre og to hundre artiklar om klima. Eg kan ikkje koma på eit einaste tema eg har skrive meir om i Dag og Tid enn klima. Eg har i tillegg skrive om norsk og dansk klimapolitikk ved fleire høve i danske aviser, særleg Weekendavisen som eg skriv fast for. Eg har til dømes der gjort narr av Stortinget som har vedteke at Noreg skal verta klimanøytralt gjennom å nytta massivt med pengar frå oljen. Elles er eg for høge karbonavgifter innlands og tollavgift på varer med høgt karbonavtrykk.

Stærk bør be meg om orsaking. Det kjem neppe til å skje.

Men fram til den orsakinga kjem, ser eg på Stærk som ein mann utan skamvit.

Hustad skriv «om oljeavhengighet som om klimapolitikk ikke finnes». Stærk skriv som om fakta ikkje finst.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Oljebransjen
  2. Dag og Tid
  3. Klima
  4. Klimapolitikk

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Klimapolitikken trenger borgerlige ideer | Bjørn Stærk

  2. KRONIKK

    Blå klimastillhet

  3. DEBATT

    Bjørn Stærk bør bekymre seg vel så mye for venstresidens klimapolitikk

  4. DEBATT

    Vi har ingen demokratisk krise

  5. DEBATT

    Nordmenn vil ikkje snakka norsk til meg

  6. KOMMENTAR

    Nynorsken har sigra