Derfor inviterte NRK Sian
Jan Arild Snoen meiner Fredrik Solvang ikkje skulle invitert Lars Thorsen frå Sian i studio. Eg er usamd.
- Knut Magnus BergeRedaktør, NRK nyheter
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.
Snoen tar i Aftenposten til orde for å «tie Sian i hjel», og han kritiserer NRKs Debatten for å «gi ekstremister 12 minutter av NRKs beste sendetid». Sendinga sist torsdag hadde eit krevande tema; grensene for ytringsfridomen.
Bakteppet var bråket i Oslo og Bergen dei siste to helgane, som følge av Sians (Stopp islamiseringen av Norge) markeringar. Til denne debatten meiner vi det var riktig å ha med Sian. Det ville vore paradoksalt å diskutere ytringsfridomen yttergrenser, med Sian som døme, utan at dei var med. Derfor inviterte vi Sian.
Intervjuet med Sian-leiaren var eitt av fem segment i eit program med ekspertar og aktører over eit breidt spekter. I intervjuet ville vi ettergå kva han og Sian faktisk står for. Kva meiner Sian med at dei vil deportere muslimar? Kven er det han siktar til?
Det siste spørsmålet får vi kritikk for å stille, også i Snoens kronikk i Aftenposten.
Avdekke kor ytterleggåande Sian faktisk er
Spørsmålet blei stilt nettopp for å få avklart kva Sian faktisk står for. For dette handlar om meir enn IS-krigarar og ekstreme islamistar. I svaret trekker Thorsen fram nokre døme på offentlege personar som han meiner bør deporterast. Blant dei er Shoaib Sultan, MDG-politikar og profilert antirasist.
Vi meiner spørsmålet var relevant og effektivt for å avdekke kor ytterleggåande Sian faktisk er. Det var ikkje vår meining å utsette folk for ubehag.
Spørsmålet blei stilt nettopp for å få avklart kva Sian faktisk står for.
Men mens Snoen og andre reagerer på at navn blei nevnt, gir dei navngitte sjølv uttrykk for eit nyansert syn på saka.
«Jeg ser at programlederen prøver å konkretisere hva Sian sier og hva det betyr, og jeg har forståelse for grepet. I mitt hode er det et større problem at man lar Sian slippe til orde i det hele tatt, og når man først skal det, er det greit at de blir avkledd på denne måten», seier Shoaib Sultan til VG.
Ein annan som blir navngitt i programmet er Basim Ghozlan, forstandar i Rabitamoskeen. Han uttalar seg i same artikkel:
«Jeg synes det er bra at SIAN og retorikken deres blir avkledd. Noen mener NRK gjorde feil i å gi dem en plattform, men jeg synes det var på tide å avsløre alvoret i dette hatet som sprer seg», seier Ghozlan.
Klage til Kringkastingsrådet
Tidlegare leiar i Islamsk Råd, Lena Larsen, var misnøgd med å bli nevnt i programmet og har levert klage til Kringkastingsrådet. Men til spørsmålet om det var feil å invitere Sian i studio er Larsen krystallklar:
«Nei. Ytringsfrihetsprinsippet er vi hundre prosent enige om».
Jan Arild Snoen meiner altså det var feil å invitere Sian-leiaren i studio, andre fornuftige folk meiner det motsette. Dette er krevande terreng.
Vi gjorde grundige vurderingar i redaksjonen. Og gitt kontekst og tema, landa vi på at det var rett å invitere Sian denne gongen.