Vår tids Virginia Woolf
DORIS LESSING. Korleis veit du at det du hugsar, er viktigare enn det du ikkje hugsar? Slik spør ein forfattar som fortener Nobelprisen.
Ein fortent pris. Når Doris Lessing i dag blir tildelt Nobelprisen i litteratur, er det for ein forfattarskap som femner mykje vidare enn det ho er mest kjend for i Norge. For det er fire grunnar til at Lessing fortener Nobelprisen, og desse grunnane gir seg ut frå kvaliteten på Lessings bidrag til fire former for prosa. Den første grunnen kjenner vi best: Gjennom ei rekkje realistiske og problemorienterte romanar og noveller har Lessing betydd uvanleg mykje for fleire generasjonar kvinner, særleg europeiske og nordamerikanske kvinner og kanskje særleg dei som var unge på 1960— og 1970-talet.
Eit eige rom.
Doris Lessing er sin generasjons Virginia Woolf. Ho vidarefører kravet Woolf stiller sylskarpt i det klassiske essayet "Et eget rom" frå 1928:Kvifor har ikkje kvinna/den kvinnelege kunstnaren eit eige rom - ein plass i samfunnet og familien - når ho har like stort behov for det og like stor rett til det som mannen som alltid har hatt det? Sentralt i denne delen av forfattarskapen står romanane om Martha Quest (det er ikkje tilfeldig at namnet på hovudperson betyr "søking") frå barndommen hennar i Rhodesia gjennom etterkrigs-Storbritannia fram til ein apokalyptisk slutt i år 2000.
Viktig for kvinnerørsla.
Like viktig er "Den gyldne notatbok" frå 1962, ein ambisiøs roman som har hatt endå meir å seie for kvinnerørsla. Lessings originale grep i denne romanen er å kople ei relativt konvensjonell forteljing saman med fire eksperimenterande "notatbøker" til skribenten Anna Wulf, som strir med kriser både som forfattar, i privatlivet og i sitt politiske liv. I notatbøkene prøver Anna Wulf å forstå det ho opplever, tenkjer og føler frå ulike perspektiv - blant anna gjennom fiksjon, politisk dokumentasjon og realistisk nedteikning av hendingar i dagleglivet. Kvart perspektiv fangar inn fragment av livet hennar, men på langt nær alt.Slik viser Lessing oss kor begrensa perspektivet vårt nødvendigvis er, kor lite vi ofte forstår og kor lite vi veit. Samtidig viser ho at den intelligente, sterke og søkjande Anna Wulf forstår meir enn dei fleste av oss.
Postkolonial litteratur.
Den andre grunnen til at Lessing fortener Nobelprisen er mindre kjent: Ho har gitt vesentlege bidrag til postkolonial litteratur, dvs. litteratur skriven i og/eller om land og folk som tidlegare var koloniserte og undertrykte av Vesten.Den viktigaste romanen her er "Det synger i gresset" frå 1950. I postkolonial litteratur blir forfattarens bakgrunn særleg viktig - ofte på ein spenningsfylt og kompliserande måte sidan forfattaren gjerne er knytt til, og prega av, ulike nasjonar, ulike språk og konfliktfylte verdisystem. Alle desse elementa blir aktiverte i "Det synger i gresset", der handlinga utspelar seg på ein farm i Sør-Afrika på 1940-talet. Lessing kjende desse forholda godt. Sjølv om ho var fødd av britiske foreldre i Persia (noverande Iran) i 1919, flytte familien til ein farm i Sør-Rhodesia (noverande Zimbabwe) då ho var fem år.Slik fekk Lessing det meste av barndommen og ungdommen sin i det sørlege Afrika - inntil ho i 1949 reiste til England med sitt yngste barn og med manuskriptet til sin første roman.
Effektiv og medrivande.
Debutromanen "Det synger i gresset" har fleire av dei litterære kvalitetane som kjenneteiknar Lessings forfattarskap. Gjennom ein enkel, men effektiv og lesarmedrivande forteljemåte presenterer ho forholdet mellom ein kvit farmar og den kvite kona hans, samtidig som ho også viser forholdet mellom den kvite kvinna - romanens hovudperson - og ein svart tenar på farmen. Slik aktiverer Lessing ulike former for maktspel som involverer ikkje berre forholdet mellom kvinne og mann, men dessutan mellom kvit kvinne og svart mann.
Kjønn, klasse, etnisk identitet.
Sidan Lessing også legg til eit klasseaspekt og eit økonomisk aspekt, kombinerer ho i den litterære utforminga av romanen tre grunnleggjande storleikar: Kjønn, klasse og etnisk identitet. "Det synger i gresset" er ei av Lessings beste bøker og ein tidleg, sviande kritikk av apartheidsystemet i Sør-Afrika. Det går ei line frå denne romanen til sørafrikanske forfattarar som André Brink og J.M. Coetzee, og særleg til Nadine Gordimer. Desse to delane av forfattarskapen er nært knytte til kvarandre. Klasseaspektet er på ingen måte fråverande frå "Den gyldne notatbok", og kjønnsproblematikken er ein viktig del av "Det synger i gresset". Sjølv om Lessings hovudsjanger i hennar realistiske register er romanen, presenterer ho desse problema i meisterlege noveller òg.
Nøktern forteljing.
Eit eksempel er novella "Til rom nitten", som nøkternt fortel om ei veletablert og tilsynelatande vellykka kvinne frå øvre middelklasse som av og til, utan at nokon veit det, tar inn på eit hotellrom der ho berre sit åleine - og til slutt ein dag tar sitt eige liv. Skodespelaren Julianne Moore framstiller briljant delar av denne problematikken i filmen "The Hours" (2002), som også relaterer Lessing til Virginia Woolf. Den tredje delen av Lessings forfattarskap gjeld bidraga hennar til science fiction. Det er ikkje ofte at forfattarar som har lykkast med ein realistisk skrivemåte, skifter til ein så forskjellig sjanger som science fiction.Medan forfattaren av ei realistisk forteljing skaper ei lett gjenkjenneleg verd, må ho i science fiction konstruere eit heilt nytt univers som på sin måte også skal vere sannsynleg og truverdig. At Lessing langt på veg maktar dette i ei bok som "Shikasta" frå 1979, viser ikkje berre litterært mot, men dokumenterer også ei sjeldan spennvidde i litterær skaparkraft.
Som historisk person.
Den fjerde grunnen til at Lessing fortener Nobelprisen ligg i bidraga hennar til sjangeren sjølvbiografi. Sjølvbiografien skil seg frå ein fiksjonstekst ved at forfattaren framstiller seg sjølv som historisk person.Den første av Lessings to sjølvbiografiar handlar om tida i Sør-Rhodesia fram til 1949, den andre om det seinare livet i London og Europa. Begge er perspektivrike, usentimentale, engasjerande og provoserande.
Problema med sjølvbiografien.
Det som gjer begge bøkene meisterlege, er at Lessing i tillegg til å aktivere litterære verkemiddel frå fiksjonen sin så tydeleg synleggjer problema og avgrensingane i sjangeren sjølvbiografi. Det å fortelje om eit allereie levd liv inneber blant anna ein radikal utvelgingsprosess, og viktig informasjon kan lett bli fortrengt (bevisst eller ubevisst) av forfattaren.Det sjølvbiografiske landskapet, skriv Lessing i "Under huden" frå 1994, "er i seg selv forrædersk . . . Hvordan vet du at det du husker, er viktigere enn det du ikke husker?"Slik spør ein forfattar som fortener Nobelprisen.