Debatt

Eit fedmefremjande oppvekstmiljø | Kristin Skogli

  • Kristin Skogli, jobber med folkehelse hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Når det er så vanskeleg for meg som vaksen å slanke meg, korleis skal då eit barn få det til? spør Kristin Skogli. Foto: Jon Hauge

Det er ikkje slanking som er svaret. Men korleis skal vi få bukt med fedmeepidemien?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Buksa har vorte trongare. Det sig inn, med aukande kraft; eg bør gå litt ned i vekt. Med det same tanken har fått feste, kjem den neste som eit lyn; Eg er svolten. Kva skal eg ete for å slanke meg?

Kristin Skogli. Foto: Privat

Denne mangelen på logikk er nyttig i møtet med temaet barn og overvekt. Når det er så vanskeleg for meg som vaksen å slanke meg, korleis skal då eit barn få det til?

Slanking er vanskeleg

Alle som har prøvd å gå ned i vekt, veit at det ikkje er enkelt. Særleg utfordrande er det å halde idealvekta over tid. Også slanking av born er vanskeleg. Ekspertane viser at sjølv med tett oppfølging er det mange unge som slit med å gå betydeleg ned i vekt.

Etisk er det vanskeleg. Korleis skal eit barn lære seg å vere glad i kroppen sin, når dei vaksne rundt jobbar for å endre den? Overvekt må førebyggast.

Det er ikkje slanking som er svaret. Det er dei fleste einige om. Men korleis skal vi få bukt med fedmeepidemien?

Eit feitande oppvekstmiljø

Barnevektstudiet viser at om lag 15 prosent av 8-åringane våre veg for mykje.

Barn og unge lever i eit meir fedmefremjande miljø no enn før. Dei er eksponert for dårleg mat. Mat som er fattig på næring, men har feitt, sukker og salt i overflod.

Eg er interessert i kva politikarane meiner vi skal gjere med dette, og etterlyser det som tema i valkampen.

Det er lettast å angripe overvekt på individnivå. Viss du tek inn fleire kaloriar enn du forbrenn, legg du på deg. Viss du vil gå ned i vekt, må du bevege deg meir, og ete mindre.

For ei kommunal helsesøster er kvart enkelt barn eit meir naturleg mål for tiltak enn matvarekjeder og internasjonale selskap. Men vi er på langt nær like målretta i arbeidet for sukkerskatt og billegare frukt og grønt.

Vi treng ikkje fleir individretta, ta-deg-saman-tiltak, vi treng innsats som gjer oppvekstmiljøet sunnare.

Vi treng ikkje fleir individretta, ta-deg-saman-tiltak, vi treng innsats som gjer oppvekstmiljøet sunnare.

Barn er naturleg godtruande og meir impulsstyrte enn vakse. Likevel vert marknadsføring av usunn mat og drikke til barn og unge styrt av eit sjølvregulerande bransjeorgan, skriv Kristin Skogli. Foto: Olav Urdahl

Barn og ungdom er sårbare forbrukarar

Barn er naturleg godtruande og meir impulsstyrte enn vakse. Likevel vert marknadsføring av usunn mat og drikke til barn og unge styrt av eit sjølvregulerande bransjeorgan.

Forbrukarrådet brukar energidrikkar som døme på korleis dagens fordeling av ansvar og mynde ikkje fungerer godt nok. Og kvifor sel vi produkt med koffein og høgt sukkerinnhald til borna våre? Kven tener og kven taper på dette?

Korleis tek vi ansvar?

Verdsorganisasjonen for helse (WHO) oppmodar nasjonale myndigheiter til å ta kontrollen og vise vilje til handling. Noreg har ein tradisjon for å regulere marknadskrefter for å fremje omsynet til folkehelsa.

Vinmonopolet er eit nasjonalt døme på regulering av varer som er usunne om vi konsumerer for mykje. Aldersgrenser, pris og eigne tider og stader for sal set grenser for tilgang til alkohol. Førebygging av helseskadar og solidaritet med familiane som vert råka av misbruk, er med på å legitimere ordninga.

Røykelova og regulering av tobakk er eit anna døme på at vi let omsynet til befolkningas helse trumfe når vi bestemmer oss. Det er godt dokumenter at desse tiltaka verkar.

Tenk om vi hadde matbutikkar der vi kunne gå inn og vite at nivået av sukker, salt og feitt var basert på omsynet til oss som skal ete. Viss denne butikken låg nær der du budde og hadde billegare mat enn dei andre, ville dette verkeleg gjere det sunne valet lettare, både for vaksne og barn.

Les også:

  1. Les også

    Nina Kristiansen: Unødvendig bekymring for slanking i svangerskapet?

  2. Les også

    Jordmødre advarer mot slanking under svangerskapet: – Kropp settes foran babyens beste.

  3. Les også

    Fem myter om slanking

Les mer om

  1. Overvekt
  2. Slanking
  3. Mat og drikke

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Ungdommen vinn debattsesongen

  2. NORGE

    Per og Kristine flytta frå kvarandre etter at dei gifta seg

  3. BOLIG

    Bor i hus fra 1880: – Jeg vil ha moderne komfort og er ingen nostalgiker

  4. BOLIG

    Kjæresteparet Evy og Esben bor hver for seg under samme tak: – Vi må gjøre det som er best for oss og egne barn

  5. KRONIKK

    Det skremmer kor lettvint vi lar oss forføra og bli slavar — av noko me ikkje trur me kan styra

  6. NORGE

    Helseministeren synes det er for lett å impulskjøpe sjokolade, men vil ikke tvinge matkjedene til å bli sunnere