Debatt

Dugnad vil ikkje løyse at Oslo kommune er ubudd på aukande smitte midt i ein pandemi | Bjørg Bakke

  • Bjørg Bakke
    vikarierende kommuneoverlege, Porsanger kommune

Oslo kommune seier i dag dei skal ha 24 operatørar på koronatelefonen. Er det verkeleg godt nok, Raymond Johansen? spør Bjørg Bakke. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

Det er rett og slett berre slett arbeid.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I mars trefte covid-19 oss med stor kraft. Ingen var førebudd på ein pandemi, verken myndigheitene eller me som arbeider dagleg med pasientar.

I byrjinga hadde me ikkje mogelegheit for å ha pasientar på video, me hadde ikkje nok munnbind og hanskar. Me mangla generelt smittevernutstyr, og ikkje minst: Me hadde svært dårleg testkapasitet. Koronatelefonen fanst ikkje, og legekontoret blei ringt ned av bekymra pasientar.

I grunnen er dette ganske elementære problem, men når fleire hundre tusen menneske ynskjer å få sjekka seg på same tid, så blir dette plutseleg eit stort problem.

Les også

Direktestudio: Koronaviruset

Pasienten med snørrete nase eller min faste KOLS-pasient kan plutseleg vere ei smittebombe.

For meg som fastlege var mars og april månad ein skikkeleg oppvekkar på kvifor me har smittevernplanar og kvifor ordet «beredskap» er heilt essensielt for oss i helsetenesta. Men også for deg og meg som ein del av eit større samfunn.

Betre kapasitet i Porsanger

I løpet av mai og juni byrja me å bli gode på covid-19 i kommunen vår.

Koronatelefonen blei administrert av ein eigen sjukepleiar. Me testa anten dagleg eller annankvar dag. Alle som trong å bli testa, fekk test, og svaret kom neste dag. I kommunen vår bur det om lag 5000 innbyggarar.

La meg difor ta deg med på eit lite reknestykke:

Oslo kommune med sine 693.494 innbyggarar hadde 14 operatørar på koronatelefonen sist veke. Det vil seie at kvar operatør hadde ansvar for 49.535 personar. Vesle Porsanger kommune har dermed 9,9 gonger betre kapasitet på koronatelefonen enn landets største kommune.

Les også

Koronatelefonen sprengt: Bare 360 av 5300 som ringte, fikk svar lørdag.

Slett arbeid

Truls Baklid frå Helseetaten i Oslo seier i Aftenposten at dugnaden ikkje er slutt. Men det er ikkje dugnad som gjer at folk får teste seg. Det er ikkje dugnad som gjer at ein innbyggar i Oslo kommune får svar på koronatelefonen, og at smittesporing skjer fortløpande.

Dugnaden skjer gjennom at folk tek kontakt for å teste seg, og at dei melder frå om symptom. Det er dugnaden!

Å hevde at aukande smitte «kom litt uventet på oss» er ikkje eit godt nok svar. Me visste at smitten kom til å auke då grensene opna og restriksjonane blei færre.

Dugnad vil ikkje løyse at Oslo kommune er ubudd på aukande smitte midt i ein pandemi. Det er rett og slett berre slett arbeid.

Les også

Den plutselige smitteoppblomstringen i Oslo kom uventet på oss | Truls Baklid

Godt nok, Johansen?

Oslo kommune seier i dag at dei skal ha 24 operatørar på koronatelefonen. Kvar operatør har då ansvar for 28.895 menneske, og beredskapen er dermed 5,7 gonger dårlegare enn i Porsanger kommune, som ikkje har påvist smitte. Er det verkeleg godt nok, Raymond Johansen?


  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Koronaviruset
  2. Koronaviruset
  3. Oslo kommune
  4. Beredskap

Koronaviruset

  1. OSLOBY

    Annerledesbydelen: Fra Norges koronaversting til Oslos minst smittsomme bydel

  2. KRONIKK

    Eldre blir utrygge når omsorgstjenester digitaliseres

  3. NORGE

    Fortsatt stengt grense for enkelte

  4. VERDEN

    Tyske helsemyndigheter: Koronasituasjonen er svært alvorlig

  5. NORGE

    Reiste fra hjemlandet for å jobbe: Nå øker importen av viruset til Norge fra Polen kraftig

  6. NORGE

    Direkteblogg om korona