Debatt

Kort sagt, torsdag 6. mai

  • Debattredaksjonen

Vi samler opp avisens kortinnlegg i spalten «Kort sagt». Her er dagens innlegg. Foto: FOTO: Ketil Blom Haugstulen / Ellen Eriksen

Abort frå gynekologperspektivet. Dette er dagens kortinnlegg!

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Abortlova sett frå gynekologperspektivet

Abortlova er ei viktig lov, som fortener debatt. Gynekologar har ikkje felles haldning i verdispørsmål, men debatterer fritt. Vi vil skissere noko av det som kjem opp i våre debattar.

Noreg har sjølvbestemt abort til veke 12, og 95 prosent av abortar skjer før det. Om svangerskapet har gått lenger enn 12 veker, må kvinna møte i nemnd samansett av to legar. Nemnda skal legge vesentleg vekt på kvinna sitt syn på eigen situasjon, og dei aller fleste abortar etter veke 12 blir innvilga.

Gynekologane er, uavhengig av anna ståstad, samde om dette: Legane som sit i nemnd, ynskjer å gje kvinna omsorg. Dei ynskjer å gje fagleg støtte og informasjon, slik at kvinna kan ta eit informert val.

Kvinner som tar abort, gjer eit gjennomtenkt val. Avgjerda er uansett rett for kvinna som ber om det. Vi har møtt kvinner som er takksame for at dei kunne snakke med nokon, som støtta deira val. Om svangerskapet går lengre, skjer det òg andre ting med kroppen, og informasjon om korleis ein abort går føre seg og kva ein kan vente seg, må gjerast av fagfolk som kan det.

Eit fåtal kvinner blir forsøkt pressa eller truga av sine nære til få utført abort. Ein må kunne fange opp og støtte desse kvinnene til å ta eit eige val. Om nemndene forsvinn, må det vere obligatorisk for sjukehusa å tilby samtale og informasjon som ein del av svangerskapsomsorga.

Aborttala i Noreg har vore fallande i mange år. Det er ingen grunn til å tru at dette vil endre seg, uavhengig av om lova endrast eller ikkje.

For gynekologane er det viktigaste at kvinnene som står i denne vanskelege situasjonen, blir tatt vare på på best mogeleg vis.

Kirsten Hald, leder, Norsk gynekologisk forening, og Marit Halonen Christiansen, leder, Norsk gynekologisk forenings arbeidsgruppe for abort


  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Kort sagt
  2. Abort