Debatt

Kyrkja vernar om liv og helse

  • Olav Fykse Tveit
    Preses i Den norske kyrkja

Den norske kyrkja har ikkje gløymt si sjel i møte med pandemiens krise. Heller ikkje sitt oppdrag. Tvert om, skriver Olav Fykse Tveit. Foto: Ole Martin Wold/NTB

Det gjeld i alle land, og ikkje fordi ei regjering seier det eller ikkje.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Den norske kyrkja har ikkje gløymt si sjel i møte med pandemiens krise. Heller ikkje sitt oppdrag. Tvert om.

Sivert Angel og Joar Haga (Aftenposten 8. april) synest å meine at det ville vore mi oppgåve som preses å be kyrkjene lokalt om ikkje å følgje dei strenge restriksjonane som vart gitt frå regjeringa rett før påske. Desse vanskelege avgjerdene vert ikkje gjort for «å gjera staten blid» og for å sikre pengar til kyrkja. Eg reknar med at dei fleste skjønar det. Men Angel og Haga reiser viktige spørsmål om fleire dimensjonar ved kyrkjas ansvar i ei krise.

Faglege råd

Kyrkja har eit eige ansvar for å verne om liv og helse. Det gjeld i alle land, og ikkje fordi ei regjering seier det eller ikkje. Dei var ein spesielt farleg og uoversiktleg kontekst for det som skjedde rett før påske: Ei tredje bølgje av pandemien utan kontroll med smitte frå muterte virus. Det var regjeringas vurdering bygd på faglege råd at harde nasjonale tiltak var nødvendig.

Å be kyrkja lokalt ikkje å følgje det som vert gitt av anbefalingar i ein slik situasjon, ville vere uansvarleg.

Desse vanskelege avgjerdene vert ikkje gjort for «å gjera staten blid» og for å sikre pengar til kyrkja. Eg reknar med at dei fleste skjønar det.

Dessutan har kyrkja lokalt nettopp prøvd under krevjande og skiftande vilkår å vere opne og tilgjengelege. Vi har prøvd å finne ulike måtar å fylle vårt første kall på, å forkynne evangeliet og å dele ord og sakrament. Det er difor ingen grunn til å harselere over den enorme innsats som vert gjort når kyrkjene rundt omkring formidlar påskebodskapen gjennom digitale medium, eller at ein prøver å lage påskefeiring i heimane.

Formidabel innsats

Kyrkjene legg til rette for mange små dåpsgudstenester, og for nattverd, samtalar og opne kyrkjer for besøk for den einskilde.

Gravferder vert gjennomførte heile tida, med stor innsats overfor dei pårørande, for å dele kyrkjas bodskap og omsorg. Innsatsen er formidabel.

Vi er heilt einige om at det ikkje er slik vi vil at det skal vere, og at vi vil gjere det som er mogeleg for å samlast i kyrkjene att så snart som råd.

Det er ein viktig grunn til at kyrkja ut frå vår eigen motivasjon deltek i vår felles dugnad, så pandemien kjem under kontroll og restriksjonane vert oppheva så snart det er mogeleg.

  • Følg Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les også

  1. Har Den norske kyrkja gløymt sjela?

  2. Oslo domkirke strømmet påskens gudstjenester: – Mange er ensomme og kjenner på et stort savn

  3. Det finnes ingen reell grunn til å stenge kirkene

Les mer om

  1. Smittevern
  2. Den norske kirke
  3. Påsken
  4. Koronaviruset