Debatt

Norsk skole i hengemyra

  • Off. Forvalting I Språkrådet
  • Forf>førsteamanuensis Universitetet I Tromsø Medlem I Fagrådet For Skole
  • <forf>atle Måseide <

Skal Kunnskapsløftet lykkas, må skolen atterreisas som <br></br>arenaen der krav frå samfunn til individ har sin legitime og nødvendige plass.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Kan norsk skole komme laus frå hengemyra? Det er fleire grunnar til å stille spørsmålet. Éin er kunnskapsnivået blant allmennlærarar og lærarar i videregåande (v.g.) skole. Etter 2003 er det innført opptakskrav ved lærar-utdanninga. Ein må ha minimum 3 i norsk og matematikk. I og for seg er dette ei kraftig forbetring i forhold til tidlegare.

Skræmande lågt nivå.

Så seint som i 2003 kom ein inn ved alle lærarhøgskolar med eit snitt på 2 frå v.g. skole. Ein fekk jamvel studiekompetanse med 1 i matematikk etter første år i v.g. skole. Etter avslutta allmennlærarutdanning var ein dermed kvalifisert til å undervise i matematikk på alle grunnskoletrinn. Testar av lærarstudentar sin matematikkompetanse har i årevis vist skræmande lågt nivå. Mye tyder på at ein stor del av dei som underviser i matematikk i grunnskolen, manglar fagleg føresetnad for å gjere jobben sin. I norsk er stoda neppe likare.

Inkompetente lærarar.

At norske 15-åringar skårar dårleg i rekning og lesing i internasjonale testar, bør ikkje forbause. Inkompetente lærarar gir inkompetente elevar. Når forsvaret for status quo frå lærarar og fag-pedagogar i årevis har vore myten om at den som kan mye, på grunn av den store kunnskaps-mengda si er ute av stand til å formidle kunnskapar og skape entusiasme for faget hos elevane, fortel dét ikkje så reint lite om førestillingane som har rådd om vilkåret for ein meiningsfull skole.

Alvorleg kunnskapsforfall.

Kunnskapsløftet innebar krav om minimum 3 i norsk og matematikk frå v.g. skole ved opptak til lærarutdanninga. Kva svarer 3 til? For noen år sidan gjorde noen real- fagslektorar "opprør" og byrja gje realistiske karakterar. I staden for 4 gav dei 2. Var vurderinga deira rett, svarer 3 til mellom 1 og 2. I forhold til det gamle gymnaset vil såleis 3 svare til "måteleg", kanskje jamvel "ikkje". Ting kan tyde på at dei som skal løfte kunnskapen hos elevane, knapt nok har noe å løfte med. Hypotesen min er at alvorleg kunnskapsforfall blant allmennlærarane tok til i åra etter 1980. Er dette riktig, er lærarane som kunne ha bidratt til eit reelt kunnskapsløft, på veg ut or skolen. Dei som gjer løftet til ordmagi, vil utgjere ein stor del av lærarstaben i grunnskolen i 30-40 år framover.

Lektoren på veg ut.

Korleis er det i v.g. skole? Ei gransking frå 1999 i regi av Høgskolen i Buskerud viste at til større innslaget av lektorar var i v.g. skole, til betre var kunnskapsnivået mellom elevane. Ei fersk undersøking frå NTNU stadfester dette. Men korleis er innslaget av universitetsutdanna lærarar i v.g. skole? Lektoren er på veg ut. Ved dei tidlegare landsgymnasa er det totalt mindre enn ein tredel som har universitetsutdanning på høgare nivå. Av desse har under 30 prosent, dvs. 9 prosent totalt, hovudfag i matematikk, fysikk, kjemi og biologi. To tredeler av desse er over 50 år. Truleg er stoda tilsvarande når det gjeld framand-språk.

Manglar røyndomskontakt.

Framandspråk-lærarar med nødvendig kompetanse finn seg anna arbeid enn skolen. Skal v.g. skole haldas oppe utan at rekrutteringa til lektorutdanning endrar seg radikalt til det betre, vil lektorar i løpet av tolleg kort tid måtte erstattas av lærarar utan vilkår for å formidle kunnskapar og kompetansar elevane skal tileigne seg. Draumen om eit kunnskapsløft som held fram gjennom v.g. skole, manglar røyndomskontakt. Eit nødvendig, men utilstrekkeleg, vilkår for å få skolen ut av hengemyra, er å gjere yrket som lærar og lektor så attraktivt at tevling om å komme inn ved lærarutdanningane sjaltar ut alle som har under 5 i snitt frå v.g. skole. Dette er mogleg om ein er villeg til å betale. Da må skatten aukas. Det er eg redd politikarane ikkje vågar. Dét viser uføret: Ein vil ha ein betre skole. Dei fleste innser det er strengt nødvendig. Men svært få vågar investere langsiktig og betale for det.

Må ha faglege grunnar.

Fagkunnskap hos lærarar og krav til kunnskap hos elevar må rehabiliteras. Skal dyktige folk søke arbeid i skolen, må dei ha faglege grunnar til det. Men krav om kunnskap vekker mytar: Dét skaper taparar. Med andre ord, jamvel om mange, også blant politikarar, etter kvart innser at skolens rolle som arena for fagformidling og -tileigning må atterreisas, trur framleis så mange at konsekvensen vil vere taparar, at nødvendige tiltak neppe lar seg gjennomføre. At 29 prosent av 15-årige gutar i 2006 var totale eller funksjonelle analfabetar, 22 prosent av 15-åringane totalt, og dermed dømde til å bli taparar, burde punktere myten.

Individ framfor samfunn.

Minst éin faktor til spelar ei avgjerande rolle for redningsoperasjonen: Forholdet mellom individ og samfunn og, korrelativt, mellom fridom og krav om arbeid og disiplin. I vår kultur er individ i ferd med å få forrang framfor samfunn. Førestillinga om at til dømes moral er subjektiv, slik at den einskilde sjølv avgjer kva som er tillate, gjer det problematisk å komme noen veg med krav frå samfunnets side. Krava går andre vegen, frå individ til samfunn. Skal Kunnskapsløftet lykkas, må skolen atterreisas som arenaen der krav frå samfunn til individ har sin legitime og nødvendige plass. Skal førestillinga om Norge som kunnskapsnasjon bli meir enn draumen om Soria Moria, er dét noe politikarar, fagpedagogar, lærarar, elevar og føresette må ta inn over seg. A rbeid, disiplin, forsaking er nødvendige innslag i velferdsstatens grunnlag. Oppfyller ein ikkje krava som ligg her, vil ein ikkje kunne reprodusere velferdsstaten. Ein vil ikkje ha vilkår for konsum og nyting, som ein i moderne velferdssamfunn har komme til å tru er ein sjølvsagd rett. Alle vil nyte, få vil yte.

Omsorgssvikt.

Skolen har eit oppsedings— og omsorgsansvar. Omfanget av ulike former for analfabetisme, manglande reknedugleik, etc. vitnar om grov omsorgssvikt. Skal skolen oppfylle oppsedings-oppgåva, må den stille krav til elevane. Manglar elevane moralsk karakter, som må utviklas gjennom overvinning av motgang, og som inkluderer sjølv-disiplin og respekt for sosiale ordningar, har skolen svikta oppsedingsfunksjonen sin.

Alle rettar, få plikter.

Å stille krav om arbeid, forsaking, disiplin møter motstand ikkje berre hos fag-pedagogar, som i fleire tiår har dyrka myten om at alternativet til snillisme er kadaverdisiplin, men også hos dei som førestiller seg at dei har alle rettar og få, om noen, plikter. Til større del desse utgjer av befolkninga, til større omkostningar vil det ha for politikarar som åtvarar mot effektane av valfridom, ansvar for eiga læring, mangel på krav. Mange vil, er eg redd, difor vike tilbake for å kreve det dei innser er nødvendig for å få skolen ut or hengemyra.

Les mer om

  1. Debatt