Religiøst snakk kan hindre integrering | Marianne Sunde
Aftenposten bør no gje plass til dei moderate stemmene.
«Kutt ut religiøst snakk, Aftenposten» var overskrifta i innlegget mitt den 25. juli. Mange har heldigvis forstått kva eg ville med innlegget, medan andre har tillagt meg meiningar eg ikkje har (Aftenposten 27. og 28. juli).
Når eg ber om ei «avis med nyheiter og innsiktsfulle allmenngyldige kommentarer», så meinar eg samfunnsspørsmål inklusive religion, som er ein sjølvsagt del av nyhetsbildet.
Forkynning er ikkje ein del av dette.
Media må også setje eit kritisk søkjelys på religion og trussamfunn.
Kven skriv dei for?
Som landets største avis er Aftenposten opinionsdannande, og avisas skribentar har dermed stor makt.
I åtte år har informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband, Espen Ottosen, og den konservative muslimen, Mohammad Usman Rana, vore faste, betalte spaltistar i avisa. Dei to har funne kvarandre som moralens vaktarar og forsvararar av tradisjonar for kvar sin religion. Mot sex før ekteskapet, mot abort, for omskjæring av nyfødde guttebabyer, mot homofili, mot homoekteskap etc.
Tanker etter massakren i Orlando: De syndige | Espen Ottosen
Det er imidlertid betryggande at både Ottosen og Rana skriv at homofile ikkje skal drepast etter hhv å ha studert og sitert heilage skrifter og snakka med lærde. Og Rana siterar ein høgtståande lærd, som han tydelegvis beundrar, som planlegg Syrias framtid, og som i motsetning til ISIS ikkje vil henrette annleis tenkande.
Kven skriv dei for, Ottosen og Rana? Dei bør no vende tilbake til menighetane sine.
Ser vi oss blinde på islam, vil vi aldri vinne kampen mot ekstremisme | Usman Rana
Ikkje klok balansekunst
Over fleire dagar har Vårt Land følgd opp innlegget mitt og har intervjua forskarar og mediefolk. I ein kommentar seier Dag Øistein Endsjø, professor i religionsvitskap ved Universitet i Bergen, at det er nytt at personar som Ottosen og Rana argumenterer med utgangspunkt i religiøse tekstar når dei uttaler seg om samfunnsspørsmål.
Å hyre ein konservativ kristen og ein konservativ muslim og overlate religionsspørsmål til desse i åtte år, er ikkje klok balansekunst i Aftenposten.
Det må finnast andre måtar å dekke religiøse spørsmål på.
Storsamfunnet har lite kunnskap om islam. Da er det skummelt at Aftenposten set ein mann som Rana til å vere læremeistar for lesarane.
Rana ynskjer integrering for muslimar i Norge. Men problemet er sjølve premisset hans for integrering. Han prøver å finne ein måte muslimar kan leve i frie, likestilte, demokratiske Norge i forståelse med Koranen. Kvifor treng han Koranen? Kan ikkje muslimar samlast i moskeen til bøn og samstundes halde seg til landets lover og reglar og vår likestilte tradisjon?
Rana foraktar den sekulære franske staten som forbyr hijab i skulen og burka på gata. Likeeins er han for hijab i politiet og har kalla motstandarane «forvillede vaktbikkjer». Etter sommarens burkinidebatt, kan vi no vente oss ein spalte til forsvar for den heildekkande kjønnssegregerande badedrakta.
Det har kokt i enkelte trådar på Facebook etter mitt innlegg der mange moderne muslimar har diskutert skriveria til Rana. Dei meinar at han går baklengs inn i framtida og byggjer opp under fordommar mot dei.
Aftenposten bør no gje plass til dei moderate stemmene som vil arbeide for integrering utan å måtte finne, tolke eller nytolke koranvers for å kunne vere ein del av det norske samfunnet.
Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.