Debatt

Kort sagt, lørdag 30. mai

  • Debattredaksjonen

Striden i Norges Tennisforbnund. Dette er dagens kortinnlegg.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Wettergreen tek framleis feil om norsk tennis

Thomas Wettergreen (tidl. styremedlem i Oslo Tennisklubb og tidl. president i Norske Tennisveteraner) har fått mykje presseomtale dei siste vekene, og for lesarane kan det sjå ut til at han representerer grasrota i norsk tennis.

Slik er det ikkje. I eit tilsvar på underteikna sin kronikk frå 23. mai vert både nye og gamle påstandar trekte fram. Dei er framleis feil.

Mellom anna:

• Wettergreen spør om bonusavtalen nokon gong er drøfta med klubbane. I setninga framføre refererer han til Tennistinget i 2017, kvar han sjølv var med. Der vart avtalen gått gjennom i detalj. På Tinget er det klubbane som er til stades.

• Han skriv at idrettssjefen vert sendt utanlands «flere måneder i året». Det rette er at idrettssjefen er på reise for forbundet om lag ein månad i året og til ein kostnad på om lag 100.000 kroner i året.

• Også innkallinga til ekstraordinært ting vert kritisert. Når paragraf 20 i lovverket til Norges Tennisforbund stadfester at saker av «ekstraordinær karakter eller betydelig omfang» skal behandlast på eit ting, og styret i tillegg vert oppfordra til det av fleire klubbar, så må sjølvsagt styret retta seg etter det.

• Framlegget til styret er at det skal vera ei ekstern gransking. Men Tennistinget er suverent, der bestemmer klubbane, og klubbane kan der sjølve avgjera om ein ynskjer ei ekstern gransking. Dette bør også Wettergreen vera klar over, sidan han sjølv har hatt styreverv i norsk tennis.

Norges Tennisforbund skal halda fram med å støtta både breidde og topp, og å vera til stades på konferansar og dei største turneringane utanlands. Det er til beste for norsk tennis, det er i tråd med føringar frå Tinget og våre 145 klubbar, og såleis grasrota i norsk tennis.

Lars Gjerdåker, president i Norges Tennisforbund

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Kort sagt
  2. Tennis
  3. Norge
  4. Debatt

Kort sagt

  1. DEBATT

    Kort sagt, fredag 18. september

  2. DEBATT

    Kort sagt, torsdag 17. september

  3. DEBATT

    Kort sagt, onsdag 16. september

  4. DEBATT

    Kort sagt, mandag 14. september

  5. DEBATT

    Kort sagt, søndag 13. september

  6. DEBATT

    Kort sagt, lørdag 12. september