Dette er øya dei har tenkt å øydeleggje for all framtid | Kari Alvhild Haram

  • Kari Alvhild Haram
Haramsøya, sett frå fjellet Skulen på naboøya.

Synet av majestetiske vindmøller vil dagleg utløyse sinne, motløyse og sorg og føre til sterkt redusert livskvalitet for dei som bur her.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Haramsøya er øya dei har tenkt å øydeleggje for all framtid, politikarar og investorar i massiv maktallianse.

Åtte svære vindturbinar nesten like høge som fjellet sjølv, eit industriområde som dekkjer det meste av fjellplattået.

Øya er lita, men det bur folk her, tett på fjellsidene.

Dei er lykkelege over Nordøyvegen, fastlandsforbindelse ferdigstilt i 2022, glade i naturen og ser på fjellet som kanskje sin største ressurs for fritid og rekreasjon.

Og dei ynskjer ikkje store inngrep: Vegar i fjellsida, altomfattande naturinngrep i myr og habitat for fugl og plantar.

Kjemikaliar og mikroplast

Dei har kunnskap om forureining av kjemikaliar, mikroplast i drikkevatn, destruksjon av utskifta rotorblad, støy for nære naboar. Lista over negative konsekvensar er lang og dramatisk . Avmakt for og manglande tillit til styresmaktene vil prege generasjonar. Synet av majestetiske vindmøller vil dagleg utløyse sinne, motløyse og sorg og føre til sterkt redusert livskvalitet for dei som bur her.

På naboøya kan dei aldri meir lyfte blikka mot fjell og himmel, utan å få roterande vindmøller «rett i fjeset». Dei vil kvar dag måtte fortvile over styresmaktene som var viljuge til å ofre dette, på bekostning av dei menneska som ynskjer å verte buande her ute i havgapet.

Kan dette verkeleg vere utreda, i all si breidde, og altså godkjent som akseptabelt? Det er i så fall heilt ubegripeleg!

Vindkraftsmotstandere på Haramsøya.

Redd øya frå overgrep!

Øya er altfor lita for dette brutale inngrepet, fjellet er for lite og sårbart, folket bor for tett på! Urørt natur vert tapt for all framtid, og kven vil busetje seg på ei så «skadeskoten» øy?

«Vinden» mot vindkraft ser endeleg ut til å ha snudd, fordi konsekvensane for miljø og natur og menneska her endeleg har gått opp for stadig fleire.

Fleire svære maskinar er i skrivande stund på veg opp i fjellet! Arbeidet på øya er så vidt i gang, men vindmøllene er enno ikkje reist opp.
Redd øya vår frå overgrepet!

Lat denne øya få stå som ho er, som eit symbol på at folket vart høyrte, at politikarane i tide fekk mot til å reversere gamle konsesjonar.

Vi treng neppe bekymre oss for kapitalsterke utanlandske investorar, dei finn nok raskt andre arenaer for pengane sine.

Vår heimstad

Olje- og energiminister Tina Bru (H), det er visst berre du som kan gripe inn no! Skal vesle Haramsøya vere siste staden som vert ofra til vindkraft, som kanskje det mest groteske overgrepet som vert gjort av denne industrien, mot natur og folkevilje?

Eller kan stans i arbeidet her markere overgangen til ein ny energipolitikk, der lokaldemokratiet får fungere og miljøet blir teke meir omsyn til? Øya og fjellet er små, men det er dette som er vår heimstad, og av uvurderleg verdi.

Tina Bru, du har nok ikkje vore på Haramsøya. Men viss du ser på fotoet av øya som «flyt» i havet, så forstår du kanskje kva som står på spel.

Les også

Stortinget ber om gjennomgang av 26 gitte vindkraftkonsesjoner der utbyggingen ikke er startet

Les også

Biler sperrer for anleggsmaskiner på Haramsøya

Les også

Andreas Slettholm kommenterer: Blås i Haram

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter