Feigskap som ideologi
At det er ubehageleg for Raudt å ta ansvar, betyr ikkje at dei er meir ideologiske enn andre parti.
I Aftenposten 5. august forklarar Raudt-leiar Bjørnar Moxnes kvifor partiet hans ikkje kan sitje i regjering. Det har visstnok med å gjere at dei ikkje kan «administrere kapitalismen», og at partiet ikkje vil få gjennomført heile sitt revolusjonære program i regjering:
«Det går noen absolutte grenser for hva vi kan være med på. Det er noe annet for partier som ikke har noen ideologi, som for eksempel Venstre», seier Moxnes.
Venstre har ein ideologi
Eg kan definitivt avkrefte at Venstre ikkje har ein ideologi. Venstre er eit liberalt parti, som jobbar for fridom og mogelegheiter for alle kvar einaste dag. Det betyr at vi tar utgangspunkt i den myndige samfunnsborgar og vil sikre alle reell fridom til å leve frie og meiningsfulle liv.
Og vi lukkast i regjering: Klimagassutsleppa går ned, resultata i skulen går opp, og Noreg går framover.
Men i motsetnad til Raudt er ikkje vår ideologi å vere eit sjølvrealiseringsprosjekt for folk som vil stå reine og ranke med meiningane sine utan å få gjort noko som helst.
Det er ubehageleg å sitje med makt og ta ansvar. Fordi det betyr at partiprogrammet ditt faktisk blir testa mot verkelegheita. Og du må kompromisse med andre samfunnskrefter for å bli einige.
Feige og utan tru
Så det vil opplagt vere ubehageleg for Raudt å sitje i regjering og finne ut at å melde Noreg ut av Nato vil ha faktiske konsekvensar for tryggleiken og forsvarsevna vår.
Det vil vere ubehageleg for Raudt å sitje i regjering og seie opp EØS-avtalen og sjå at industriarbeidsplassane langs kysten forduftar raskare enn Moxnes klarer å forklare kva partiet hans eigentleg meiner med ordet «kommunisme».
Og det vil vere ubehageleg for Raudt å forsøke å finne pengar til å realisere alle dei dyre valløfta sine og innsjå at folk flest faktisk ikkje vil vere villige til å akseptere det skattenivået ein så enorm stat vil krevje.
Men at det er ubehageleg for Raudt å ta ansvar, betyr ikkje at dei er meir ideologiske enn andre parti. Det betyr berre at dei er feige.
Og at dei, i bunn og grunn, ikkje sjølve trur på det partiprogrammet dei går til val på. Det er det då heller ingen grunn til.