Debatt

Valdresmodellen – vegbygging som på 70-talet? | Frode Rolandsgard

  • Frode Rolandsgard
    Frode Rolandsgard
    kommunestyremedlem (Sp), Vestre Slidre

Vi får betre veg og høgre fart, men forholda for gåande blir ikkje betra, skriv Frode Rolandsgard. Illustrasjonsfoto, E16. Foto: Robert McPherson

Omsynet til mjuke trafikantar er nesten fråverande.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

E16 blir no rusta opp gjennom tre kommunar i Valdres.

Stamvegen Oslo – Bergen har i dag stort sett ikkje midtstripe, og han er sterkt trafikkert av tungtrafikk. Dette har medført at vi om vinteren på det verste har hatt rundt 60 utforkøyringar med vogntog på tre døgn.

Ein utriveleg situasjon for alle.

Kva med lokalsamfunnet?

No blir det ny veg, og det er vi strålande nøgde med. Stortinget har løyvt 500 millionar til å ruste opp E16.

Arbeidet skjer etter eit nytt prinsipp kalla «Valdresmodellen». Det betyr at ein tek utgangspunkt i den eksisterande vegen frå 70-talet, rettar ut kurver, driv masseutskifting der det trengst og breidder vegen til 8,5 meter. Samtidig involverer ein entreprenøren alt i reguleringsplanfasen.

Vegen som blir rusta opp, er 25 km, og det gjev «ny» veg til ein fjerdedel av prisen for å bygge ny. Dette er særs bra for storsamfunnet, men kva med lokalsamfunnet?

Les også

Nå åpnes to viktige veistrekninger på E6 og E16

Liten grad trafikksikker

Omsynet til mjuke trafikantar er nesten fråverande. Fordi dette er eit utbetringsprosjekt og ikkje nybygging, blir mjuke trafikantar i liten grad tilgodesett. Dette er ulempa ved Valdresmodellen.

Vi får betre veg og høgre fart, men forholda for gåande blir ikkje betra, utanom at det blir det vegvesenet kallar utvida skulder ved nokre busshaldeplassar. Ei løysing som i liten grad er trafikksikker.

Det finst ikkje pengar til gangveg, alternative turstigar eller kulvert i ein tettstad. Vegvesenet har ikkje fått pengar til gode løysingar for mjuke trafikantar som del av løyvinga til Valdresmodellen.

Vegvesenet må gje departementet tydeleg melding på denne svakheita i modellen!

Ikkje omsyn til mjuke trafikantar

Ein nabo sa det rett ut her ein dag: Dette er vegbygging som på 70-talet, for ein tek ikkje omsyn til mjuke trafikantar.

Kva handlingsrom gjev eigentleg staten oss lokalpolitikarane for å vareta dei mjuke trafikantane? Svaret er 20 cm mellom kvitstripa og grøftekanten.

Vi pratar berre om nokre få millionar for å gjera prosjektet mykje betre og til det prestisjeprosjektet det burde vera.


  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. E16
  2. Valdres
  3. vegvesenet

Relevante artikler

  1. DEBATT
    Publisert:

    Koronakrisen viser mangelen på bærekraft i hyttepolitikken

  2. KRONIKK
    Publisert:

    Kva har ein ulovleg dyremarknad i ein ukjend kinesisk storby med oss å gjere? Alt.

  3. DEBATT
    Publisert:

    Kort sagt, tirsdag 12. mai

  4. BOLIG
    Publisert:

    Kjæresteparet Evy og Esben bor hver for seg under samme tak: – Vi må gjøre det som er best for oss og egne barn

  5. DEBATT
    Publisert:

    Kort sagt, mandag 9. november

  6. NORGE
    Publisert:

    Per og Kristine flytta frå kvarandre etter at dei gifta seg