Debatt

Naudsynt å avkolonisere tankesett | Anders Breidlid og Roy Krøvel

  • Anders Breidlid og Roy Krøvel
    Professorer ved Oslo Met

Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Vi trudde den autoritære positivismens påstand om at sikre metodar gir «allmenngyldig kunnskap» var død ved norske universiteter .

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I samband med avkoloniseringsdebatten i sommar går ein del akademikarar frå Universitetet i Oslo (Saugstad m. fl.) i Aftenposten 14. august til åtak på alle som stiller spørsmål ved den vestlege vitskapens nøytralitet og universalitet. Dei hevdar endåtil at avkoloniseringsdebatten trugar universiteta.

Professor Anders Breidlid, Oslo Met

Ikkje nok med det, dei spør om ikkje den avgifta til Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) som studentar sidan 1975 har betalt gjennom semesteravgifta, bør avviklast sidan SAIH sette avkoloniseringsdebatten i gang. Dermed reiste SAIH tvil om såkalla universelle, vestlege vitskapelige sanningar som forskarar både i sør og nord har diskutert i minst et halvt hundreår. Dette viser eit «dypt foruroligende autoritært sinnelag» (Erling Sandmo, UiO-professor). Dessutan syner det manglande kjennskap til den kunnskapsteoretiske debatten om den såkalla nøytrale vestlige kunnskapsdiskursen samt om postkolonialisme som har gått føre seg i lang tid.

Professor Roy Krøvel, Oslo met

Autoritær påstand

Vi trudde den autoritære positivismens påstand om at sikre metodar gir «allmenngyldig kunnskap» var død ved norske universiteter, og at den vanlege hermeneutiske (tolkande) metodiske tilnærminga var vel kjent og brukt, i alle fall hjå samfunnsvitarane.

Åtaket på SAIH fell for eige grep. Beathe Øgård, leiar i SAIH (Aftenposten 24. august) har sjølvsagt heilt rett når ho svarer at studentar må «kunne sette sine fagfelt inn i en samfunnskontekst, være kritiske og i stand til å identifisere maktstrukturer.»

La oss bare føye til at SAIH har stått for ein «avkolonialiseringsideologi» sidan organisasjonen vart stifta for snart 60 år sidan. Den gongen sto SAIH solidarisk med studentar og akademikarar i Afrika (og andre stadar) som kjempa mot ulike kolonimakter.

Mindreverdige

«Avkolonialisering» var ein naturleg «ideologi» der dei afrikanske studentane hadde erfart at skulane og universiteta slett ikkje leverte berre «allmenngyndig, nøytral kunnskap og innsikt», men i staden lærte elevar og studentar å kjenne seg mindreverdige i høve til koloniherrane. Difor meinte SAIH at det var naudsynt å avkolonialisere også folks tankesett ved både afrikanske og europeiske universiteter. Mindre enn ein skulle tru har endra seg sidan den gong.

Roy Krøvel har vært ansatt og er styremedlem i SAIH.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Debatt
  2. Forskning og vitenskap

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Avkoloniseringsdebatten: Professorenes usaklighet

  2. DEBATT

    De utfordrer universitetsrektorene

  3. DEBATT

    Vi har ennå ikke fått svar. Hvilke endringer ønskes egentlig i akademia?

  4. DEBATT

    Avkoloniseringsideologien truer universitetene

  5. DEBATT

    Avkolonisering vil kunne bekjempe skjeve maktstrukturer i akademia

  6. DEBATT

    Skuffende at rektoratet ved Universitetet i Oslo ikke vil ta standpunkt til avkoloniseringskampanjen