Debatt

Prinsipp til sals | Andreas Skartveit

  • Andreas Skartveit

Å ta statsborgarskapet frå eit menneske er ei alvorleg sak. Listhaug og regjeringa, meiner det kan gjerast administrativt, raskt og effektivt. Opposisjonen meiner ein slik dom må fellast av ein lovbunden rett, skriv Andreas Skartveit. Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Om vi ser oss rundt, ser vi ein tendens i fleire land til at makta blir flytta frå rettssalane og inn i regjeringskontora. Å sjå det norske Høgre i dette selskapet er litt uventa.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Vår rettsstat byggjer på ein del prinsipp. Eitt av dei er at dommar som er tunge og viktige for borgarar og individ skal fellast i ein lovbunden rett, med reglar for prosess, prosedyre og partsrepresentasjon, ikkje i ein administrasjon. Engelskmennene talar om «The rule of law».

Utviklinga av rettsstaten innebar at domsmakt vart flytta frå mektige embetsverk og ut i rettssalane.

Om vi ser bort frå Sylvi Listhaugs uhyrlege framferd, og hennar strev med å angre og be om orsaking, så er det strid om dette prinsippet saka handlar om, med justisministeren og hennar regjering i hovudrolla.

Å ta statsborgarskapet frå eit menneske er ei alvorleg sak. Listhaug, og regjeringa, meiner det kan gjerast administrativt, raskt og effektivt. Opposisjonen meiner ein slik dom må fellast av ein lovbunden rett.

Les også

Aftenposten mener: Domstolene bør med når noen fratas passet

Les også

Myndighetsmisbruk trigger radikalisering | Juni Solbrække

Les også

Harald Stanghelle: «Sylvi Listhaug undergraver sin egen statsminister»

Usemja her går ikkje på ulik vurdering av terror. Ho går på ulik vurdering av rettsstatens prinsipp, av det rettsvernet borgaren likevel har når han har brote med landets lover.

Forsvar for individet og rettsprinsippa

At Høgre, med si fortid som lov- og rettsparti, med sitt tradisjonelle vern av individet mot staten, legg fram eit slikt snarvegskart utanom rettssalen, er til å undrast over.
Og ein og annan minnest kanskje den store striden i etterkrigstida, om fullmaktslovene. AP-regjeringa ville ha vide fullmakter for å slå ned på aktivitetar og ytringar som vart oppfatta som skumle og farlege. Høgre sette ned ein tung fot, under leiing av folk som Sjur Lindebrække og John Lyng, til forsvar for individet og rettsprinsippa. Lyng var stendig på vakt mot voksteren i statens makt på individets kostnad.
Så kan ein undre seg over kva som har hendt med Høgre. Er det ei koalisjonsutgift vi er vitne til? Eit prinsippoffer for å bevare husfreden rundt Kongens bord?

Terroristar må dømmast av en rett

Om vi ser oss rundt, ser vi ein tendens i fleire land til at makta blir flytta frå rettssalane og inn i regjeringskontora.

Å sjå det norske Høgre i dette selskapet, med den historia partiet har, er litt uventa.
Sylvia Listhaug prøvde å gjere denne saka til ei sak om kor alvorleg vi skal sjå på terrorfaren. Det var, som vi såg, mislukka. Og det fekk ein ynkeleg slutt.
Om terrorfaren handlar det først dersom terroristane får oss til å forkaste sentrale rettsprinsipp: at også dei som har brote med landets lover har krav på å bli dømde i en rett.
Terroristar må dømmast hardt. Men dei må dømmast av ein rett.

Det er underleg at Høgre så sorglaust vil la domsretten i ei så alvorleg sak som denne sige ut av rettssalen.

Les mer om

  1. Sylvi Listhaug

Relevante artikler

  1. MENINGER

    Det er flere enn Listhaug vi kan forvente mer av

  2. MENINGER

    «Noko mørkt er i ferd med å sige inn i norsk politikk og samfunnsdebatt»

  3. MENINGER

    «Er Listhaugs scenarioer av så ekstraordinær karakter at det er nødvendig å fravike Grunnlovens maktfordeling?»

  4. KOMMENTAR

    Sylvi Listhaug og de farlige ordene

  5. DEBATT

    Mistillitsforslaget hadde som formål å begrense Listhaugs rett til å ytre seg som justisminister

  6. DEBATT

    Meninger: Hvem har egentlig reell ytringsfrihet i dag?