Debatt

Lars Norén var ein omtykt dramatikar

  • Cecilia Ölveczky
    tidligere dramaturg ved Det Norske Teatret
  • Ola E. Bø
    tidligere dramaturg ved Det Norske Teatret
I 2001 satte Lars Norén (bildet) opp sitt eget stykke «November» på Det Norske Teatret.

Aftenposten klarer ikkje i sitt minneord å skilja forfattaren frå hans sceniske karakterar.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Den første oppsetjinga av Lars Noréns (1944-2021) dramatikk her i landet var Natta er dagens mor på Rogaland Teater, i regi av Carl Jørgen Kiønig. Nokre veker seinare hadde same stykket premiere på Nationaltheatret med Arild Brinchmann som instruktør. Dette var i 1984, berre to år etter at den moderne teaterklassikaren hadde hatt urpremiere i Malmö.

I 1985 hadde Nattverden premiere på Det Norske Teatret, nokre månader etter at stykket vart urframført på Dramaten i Stockholm. Sidan dess er Lars Norén blitt ein av dei aller fremste og mest spelte dramatikarane i moderne vestleg teater, og etter kvart også ein ettertrakta instruktør.

Ei oppleving å følgja Norén

Som dramaturgar ved Det Norske Teatret har vi hatt gleda av å følgja ikkje mindre enn ti av skodespela til Lars Norén fram til premiere. Vi har tatt imot tre spennande gjestespel i hans regi da han var sjef på Svenska Riksteatern.

For nøyaktig 20 år sidan sette han opp sitt eige stykke November på Scene 2. Det var første gongen han hadde regi utanfor heimlandet. Det var ei oppleving å følgja Noréns arbeid med skodespelarane. Det var opent, humørfylt, tillitsfullt og prega av gjensidig respekt og omtanke.

Det teaterfolk set slik pris på i Noréns dramatikk, er den brutalt ærlege ambivalensen, dei bråe kasta mellom kjærleik og hat og den heilt særeigne presisjonen og litterære kvaliteten i tilsynelatande kvardagslege replikkar. Og, ikkje minst, den ofte bittersøte og infame humoren.

Skilja forfattaren frå hans karakterar

Det er ingen grunn til å lysa fred over Noréns minne. Den dristige og samfunnsengasjerte utforskinga av sosiale utkantar, dei bortgøymde og utstøytte, den styrlause og asosiale vondskapen er noko teateret stadig må vera vaken for.

Aftenposten klarer ikkje i sitt minneord 28. januar å skilja forfattaren frå hans sceniske karakterar. I omtalen av det svært omstridde stykket 7:3 stiller avisa seg spørjande til om han sjølv òg var «Nynazist og antisemitt?». Da er det grunn til å dra fram det raude kortet og minnast Noréns svar i eit intervju med Hans Rossiné i Dagbladet i november 2000:

«7:3 var en kunstnerisk oppsetning, med den forskjellen at bak rollene sto det ikke fiksjoner, men de virkelige menneskene. Man kan diskutere om det var god eller dårlig kunst, men det de sa var litterære saker. Jeg ønsket å fortelle hvordan Sverige så ut, at den nazistiske sykdommen ennå ikke er utryddet.»


  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Teater
  2. Det Norske Teatret