Debatt

Kvalitetssikra læremiddel er ikkje gratis

  • Innleggsforfatterne signerer nederst i teksten

Lærarar er den viktigaste faktoren i undervisinga. Og korleis han eller ho nyttar læremiddelet, vil vere viktigare for kva elevane lærer, enn om det er fysisk eller digitalt, skriver artikkelforfatterne. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Lærarar vil sjølvsagt alltid stå fritt til å finne undervisingsstoff på nett. Men det krev svært god kompetanse å vurdere dette kritisk.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Høgskulelektorane Lene Hayden Taraldsen og Linda Moen Rebni tar i Aftenposten 16. september til orde for at lærarar bør «resirkulere læreboka» og i staden «shoppe» stoff på nett. Det skal ifølgje dei vere meir eigna for å gi elevar kompetansen som fagfornyinga legg opp til, inkludert djupnelæring og kritisk sans.

For å underbygge synet sitt på læreboka som ueigna og gammaldags gir kronikkforfattarane klisjéaktige skildringar av ein time der ein lærar gir elevar oppgåve å lese frå side x til y i ei fillete lærebok og gjere oppgåvene på side z etterpå. Og attpåtil får elevane i lekse å gjere heime det dei ikkje rakk på skulen.

Kvaliteten kan variere

Slik bruk av lærebøker kan sikkert førekome i norske klasserom. Og kvaliteten på lærebøker kan også variere. Men dette gjeld jo også for digitale læremiddel. Lærarar er den viktigaste faktoren i undervisinga. Og korleis han eller ho nyttar læremiddelet, vil vere viktigare for kva elevane lærer, enn om det er fysisk eller digitalt.

Å bruke ei lærebok utelukkar ikkje skapande og kreative lærarar som løfter blikket mot elevane eller mot andre yrke. Å sjå på verdsveven er ofte veldig bra, men vi har også sett mange elevar som stirar inn der utan å ha så veldig stort læringsutbytte.

Kronikkforfattarane synest heller ikkje å ha fått med seg at dei fleste forlaga i dag leverer både fysiske og digitale læremiddel til fagfornyinga. Slik kan læraren velje det som passar best til ei kvar tid, noko som er i tråd med Utdanningforbundet sine prinsipp om at lærarar må ha valfridom når det gjeld bruk av læremiddel.

Solid kompetanse

Sidan Taraldsen og Rebni arbeider ved ei lærarutdanning, verdset dei sikkert kunnskap om fag og fagdidaktikk som viktig for at læraren skal kunne gi god undervising. Det er derfor vi har lærarutdanningar. Heldigvis har dei kollegaer frå universitet og høgskular over heile landet som har bidratt med slik kompetanse til dei nye læremidla.

La oss ta eit døme for å vise kva for arbeid som ligg bak eit læremiddel. I forfattarkollegiet for læreverket Solaris i naturfag på forlaget Aschehoug er vi fagfolk frå skule, høgskule og universitet. Til saman har vi solid kompetanse i alle naturfaga og teknologi, samt forskingsbasert kunnskap om korleis elevane kan oppnå kompetanse i faget.

Vi har jobba over fleire år med å utvikle læremiddel som er fagleg riktig, tilpassa målgruppa, er engasjerande og utforskande, og som kan legge til rette for djupnelæring og utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene. Vi har òg sterk tiltru til at lærarar nyttar læreverka våre på ein pedagogisk god måte i sitt klasserom.

Det kostar

Lærarar vil sjølvsagt alltid stå fritt til å finne undervisingsstoff på nett, men det krev svært god kompetanse å vurdere dette kritisk, og det kan vere vanskeleg å finne stoff der språket er tilpassa målgruppa. Ikkje minst er det tidkrevjande for læraren.

Viss skular ønsker kvalitetssikra og tilpassa digitale læremiddel, kan dei ikkje rekne med at det vil vere gratis. Det kostar å utvikle gode læremiddel.

Du treng ikkje vere rakettforskar for å forstå at gode læremiddel som er utvikla av fagfolk, er eit betre utgangspunkt for å gi elevar kompetanse for framtida enn at travle lærarar skal finne alt fagstoffet sitt sjølv.

Svaret på ein skule for framtida der elevar skal lære å lære, vere kritiske og løyse problem, finn ein i alle fall ikkje ved å google «undervisingsopplegg for framtida».

Forfattarar av Solaris naturfag 1–10 på forlaget Aschehoug:

Unni Eikeseth, universitetslektor, NTNU

Brit Drøivoldsmo Lesund, universitetslektor, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking

Morten Helberg, høgskolelektor, Høgskolen i Østfold

Liv Oddrun Voll, førstelektor, Naturfagsenteret

Espen Braaten, høgskolelektor, Høgskolen i Østfold

Eli Munkeby, førsteamanuensis, NTNU

Astrid Munkeby, lærar, Utleira skole

Kristin Skage, lærar, Damsgård skole

Silje Hesenget Rosness, lærar, Solvang ungdomsskole

Elin Kalleson, lektor, Fyrstikkalleen skole

Stine Skarshaug, lektor, Molde videregående skole

Tone Fredsvik Gregers, førstelektor, Universitetet i Oslo

Les også

Lene Hayden Taraldsen og Linda Moen Rebni: På tide å resirkulere læreboka

Les også

Kristin Clemet: Det er 100.000 lærere i norsk skole. Hvor mange av dem er drømmelærere?

Les også

Allerede før skolestart hadde jentene et forsprang. Flere jenter enn gutter kunne lese og skrive ord før de begynte på skolen.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Undervisning
  2. Skole
  3. Skole og utdanning
  4. Foreldre

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Læreboka må resirkulerast frå papp og papir til nye måtar å tenke på

  2. DEBATT

    Kort sagt, torsdag 24. september

  3. DEBATT

    «Koronagenerasjonen» fikk god undervisning og bedre karakterer

  4. DEBATT

    Gjennomgangen av barneloven må bygge på kunnskap, ikke kjepphester

  5. DEBATT

    Undervisere må trenes i inkludering

  6. DEBATT

    Vi roper på vegne av de små